Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Folketalet i Vindafjord

Sida er sist endra 6. juni 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
 
Folketalsutviklinga - nedgang på 20 personar første kvartal 2015

Klikk og les herBarnetalet går nedover

av Steinar Skartland, 6. juni 2015

- Folketalet i Vindafjord kommune pr. 1. januar 2015 var 8 765. Dette er ein auke på 18 personar i høve til same tid i fjor, og utgjer ein folkevekst på 0,2% i 2014. Det er vesentleg lågare enn på fleire år, skriv rådmann Kristian Birkeland i tertialrapporten for Vindafjord kommune. Rapporten vert lagt fram for formannskapet måndag 8. juni.

Negativt fødselsoverskot i kommunen
1. kvartal i 2015 viser eit folketal på 8 745, og det er 20 færre innbyggarar enn ved årsskiftet. Så langt i 2015 er fødselsoverskotet negativt med 5 personar, medan netto innflytting viser -15.  Svingingane er i stor grad knytta til arbeidsinnvandring. Denne viser ein nedadgåande trend. Fleire utbyggingsområde og tomter er lagt ut for sal, og fleire er under opparbeiding. Dette kan verke positivt for å oppretthalde og gi vekst i folketalet.

 Les rapporten her
Kjelde: Tilstandsrapport for grunnskulen 2014
Historiske tal er henta frå GSI, nye tal er henta frå Unique skule og fødselsstatistikk og er sist oppdatert 7. januar 2015. Merk: Innvandring er ikkje med i tala. Tabellen syner også utviklinga på den einskilde skulen. Det høgaste elevtalet er markert med grønt, lågaste elevtal er markert med raudt.

Vik skule har dei siste fem åra svinga mellom 60 og 69 elevar på 1-7 trinna. Då det i åra frametter er mindre barnekull som tek til i skulen enn dei som går ut, vil samla barnetal i skulen bli liggjande på 50 talet dei neste fire åra.  Dette var eit meir vanleg tal for nokre år sidan, men når dei som vart fødde i fjor tek til i første klasse, kan barnetalet vera heilt nede på 39.

Samla ressursar til skulane vert gitt i forhold til barnetalet. Reknar vi kostnad pr elevtime så er Vik skule med sine 6,3 årsverk undervisningspersonale, ein av dei tre beste skulane i Vindafjord kommune i dag. Kostnad pr elev pr. time  er for Vik skule kr 100. Dei med lågast kostnad er Skjold skule (95) og Ølen skule (99). Dei andre skulane har kostnad pr time som ligg vesentleg høgare (109 - 146 kr pr elevtime).  Ser ein derimot sum einingskostnad på kvar skule, justert for spesialundervisning, kjem Vik skule desidert best ut, noko lågare enn Skjold og vesentleg lågare enn dei andre skulane i kommunen.
Kjelde: Telemarkforskning sin rapport Grunnanalyser til driftsgjennomgang, Vindafjord kommune.

Les også her om folketalsutviklinga i Vikebygd

Kva skal til for å halda barnetalet oppe?
Barnekulla som tabellen ovanfor viser, er fakta. Barn som er fødde dei siste åra. Det kan vi ikkje gjera noko med. Derimot så inneheld desse ikkje tal for tilflytting / utflytting. Familiar som vel å setja pris på kvalitetane i Vikebygd og byggjer seg ein heim her, har ofte med seg born fødde før dei flytta hit.  Fleire gonger har dette ført til overraskande endringar i barnetalet oppover. 

Med eit godt tilrettelagt og sentrumsnært byggjefelt, like ved skule, barnehage, butikk, bygdahus og kyrkje, er det von om at det vil bli innflytting.  Og er dette i tillegg folk som set pris på friluftsliv, idrettsaktivitetar for born, deltaking i speidar eller musikkorps, ja, då er Vikebygd staden å koma til. Viktig er også dei utbetringane som vi kan få til av fylkesvegen og om det er bedrifter som vil starta opp eller utvida på industrifeltet på Dommarsnes. Her er også stor djupvasskai, som ein av dei få plasser i kommunen.

Gjer bygda attraktiv.
Dugnadsånda i Vikebygd er i høgste grad levande. Ikkje som eit slit for folk, men som ei glede i det å få noko til.  Den nye "Kjekt i Vik-hallen" som nå reiser seg med kunstgras-bane, er eit godt døme på at "dette får me til." Dette vil gjera det endå kjekkare for dei som driv med fotball og idrettsaktivitetar for born og ungdom.  Roald Årvik sin flotte innsats for å merka og leggja tilrette stiar i skog og fjell, gjer at stadig fleire kjem seg ut og får nyta Guds skaparverk.  Dette er førebyggjande frisklivsarbeid på sitt beste. Og tek ein seg ein tur på desse stiane, så møter ein andre vikebuar i alle aldrar, med smilande ansikt og nistepakke i sekken. 

Korleis tek vi imot dei som kjem til Vikebygd?  Rettar vi ut handa til helsing og slår av ein prat? Gjer vi soss kjende med dei, eller vil vi helst vera for oss sjølve?  Bygda sitt rennome vert skapt gjennom inntrykket dei får som møter oss, vi som er bygdafolket.

For ein del år sidan, medan borna ennå var små, tok eg ein av dei med meg ned til sjøen.  Med fiskestenger vandra vi langs stranda og prøvde fiskelykka frå berga ut mot fjorden. For å koma heim tok vi snarvegen opp gjennom eit tun. Då kom eigaren ut på trappa og smilte til oss.  - Så flott å sjå at de tar borna med på fisketur langs stranda, sa han.
- Det er heilt i orden at de går forbi tunet mitt om de vil ned til sjøen for å fiska, det synes eg er berre kjekt. 

Så flott å bli møtt på denne måten. Å oppleva gleda over å kunna dela det vi har med andre. Syna tillit og ta vel i mot dei vi møter.  Det er noko som er med og skaper samhald mellom menneska. Det er også slike haldningar som gjer at venskap oppstår.  Kanskje også fører til at fleire får lyst til å tenkja på å skapa ein heim i Vikebygd for familien sin???

Inkluderande fellesskap
Frivillige lag og organisasjonar gjer ein flott innsats, noko vi ser gode resultat av her i Vikebygd. Men også einskild menneske som vel å bruka tida si til å vera leiar i speidar, idrett eller musikkorps.  Dei som lagar til Vikebygdfestival, loppemarknad, SanktHans-feiring, Laurdagsklubb for born eller berre inviterer naboane til grillfest. Tal vel om dei. Spør om dei treng hjelp til noko. Det blir sett pris på. Saman skaper vi eit fellesskap med glede og trivsel.  Fellesskap som resulterer i at folk går i saman om å rydda buskar og kratt på ledige tomter i Liofeltet eller utviklar båthamn og klubbhus.

Vi skulle gjerne vore fleire i Vikebygd. Folketalet har i det siste gått litt ned. Nå er det millionar av menneske som i verda som ikkje lengre har ein heim. Mange må flykta for livet. Kanskje nokre av dei kan tenkja seg eit nytt liv i Vikebygd? Har vi eit husrom å tilby dei? 70 år er gått etter at vi fekk freden tilbake i landet vårt, etter at mange nordmenn måtte flykta for livet ut av Noreg.  Har vi lyst til å bli fleire i Vikebygd mon tru?  Dei folkevalde i Vindafjord kommune har sagt ja, vi vil ta i mot fleire flyktningar.

 

 
 

Tilbake til hovudsida

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2015 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Barnetalet minkar
Speidaravslutninga
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Naustområde Ulvebne godkjent
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år

2014
Romjula 2014
Julegudsteneste 24.12
Ny bru ved Vossaplasset
Julekonsert 14.12.14
Kor e' Vindafjord 10.12.
Lysmessa i kyrkja 7.12.
Lysa vart tende på juletreet
Årsmøte i Grendautvalet
Svanene på plass i bygda
Globalcafe med Speidaren
Familiegudsteneste 9.11.
Fornyar klubbhuset i båthamna
Grunnlovsjubileet 5.11.
Nytt kjøkken og kafe
Mitt Fargerike Nabolag
Frukost & konsert på butikken
Ymse frå november 2014
Tysvær Vepro steller graver
TV-aksjonen 2014
Veg til Vikestølen
Folketalet går ned
Tur til Longåsdalen
Ymse frå oktober 2014
Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalia-hytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
ÅRET 2014

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg