Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Vikebuar deltok på Norway Cup 26. juli - 1. august

Sida er sist endra 30. juli 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
 
Vikebuar på Skjoldar/Vik/Vats
Vikebygd ute av Norway cup

av Rune Hetland, 30.7.2015

Torsdag var Norway cup-eventyret slutt for laga med vikebuar, etter gode prestasjonar der alle laga kom langt i turneringa.

Oppsummert:
Skjoldar/Vik/Vats J13 stortspelte i innleiinga og kom langt i A-sluttspelet før dei tapte på straffar mot storlaget Lyn onsdag kveld. På dette laget spelar: Mirjam, Mari, Ingeborg og Renate.

Skjold G19 gjekk heilt til 16-delsfinale i A-sluttspelet. Her tapte dei 2-1 mot Rødde på torsdag. Jan-Arthur Svendsbøe spelar på dette laget.

Skjold/Vik/Vats J15 kom heilt til kvartfinalen i B-sluttspelet. Her tapte dei 2-1 mot Smørås. Tidlegare torsdag slo dei Hadeland 1-0 i 8-delsfinalen. Ingrid H, Ingrid E og Rebekka spelar på dette laget.
 

Ungdommar frå Vikebygd  deltek på fotballturneringa
Meir Vikebygd-jubel i Norway cup!

av Rune Hetland, 29.7.2015
 
Også onsdag 29.7. hevda dei laga som har med Vikebygd-ungdomar, seg svært godt i Norway cup.


Skjoldar/Vats/Vik J15 etter 2-0 seier mot Førde i B-sluttspelet på onsdag.
Bak nr 6 og 7 frå venstre Ingrid Helgesen og Ingrid Espeland. Framme nr. 7 frå venstre: Rebekka Alne.
Foto: Tore Espeland

Skjoldar/Vik/Vats J15 vant begge kampane sine onsdag i B-sluttspelet. Først slo dei Førde 2-0 og seinare vann dei 2-1. Torsdag skal dei møta Hadeland i åttandedels-finale. På dette laget spelar tre jenter frå Vikebygd.

Skjoldar/Vik/Vats J13 som har vunne stort tidlegare møtte i onsdag svært sterk motstand i A-sluttspelet. Det er sterkt å klara 1-1 mot Lyn, men dessverre hadde dei ikkje marginane med seg og tapte hårfint 5-4 i straffesparkkonkurransen. Dermed er laget slått ut etter ei imponerande turnering. Her er fire Vikebygdjenter med.

Skjold G19 med Jan-Arthur Svendsbøe vant 3-2 mot Alvdal i A-sluttspelet onsdag.

Lag med vikebuar gjer det godt på Norway Cup
Jenter 13 imponerer stort og er gruppevinnarar!

av Rune Hetland, 28.7.2015
 
Skjoldar/Vik/Vats J13 har vunne alle kampane stort og er vidare til A-sluttspel.
Dei er gruppevinnarar! Tre seirar med 23-2 i målforskjell. 5-0 seier mot KFUK Oslo torsdag.  Det er fire Vikebuar med på laget: Mari Larsen, Renate Svendsbøe, Ingeborg Owe og Mirjam Liodden
.


Vikebygd-jenter jublar etter ein ny seier. Frå venstre Mari Larsen, Renate Svendsbøe, Ingeborg Owe og Mirjam Liodden.  
Foto: Siv Bente Larsen

Også dei andre laga der Vikebygd er med har hevda seg godt. J15 med Ingrid Espeland, Ingrid Helgesen og Rebekka Alne på laget vant i dag 3-0 mot Bangsund. Dei har i tillegg to uavgjort og eitt tap og skal spela i B-sluttspelet onsdag mot Førde.

Skjold G19, med Jan-Arthur Svendsbøe på laget, er klar for A-sluttspel på målforskjell.
Dei har tapt 1-2 mot Askøy; spela 2-2 mot Buskerud Elite og slått Bækkelaget 2-0.

Med andre ord:
Laga der Vikebygd er representert gjer seg sterkt gjeldande på Ekebergsletta.

Les meir frå Norway Cup her
.

Vêrvarslinga (YR.NO) melder: Akershus, Oslo, Østfold, Vestfold og Telemark onsdag
Frå natt til onsdag og ut dagen ventast periodar med kraftige regn- og tordenbyger. Det ventast lokalt 25-40 mm på 24 timer, men mykje av nedbøren kan komma i løpet av
kort tid. Det vil vera store lokale forskjellar i nedbørmengdene.

Fare for lokale oversvømmelsar, små jordskred og/eller flomskred der byene treff.

Torsdag: Delvis skya, Svak vind, 3 m/s frå nordnordaust. 0 mm nedbør.


Vikebygd-jenter spelar på J13 i Norway Cup
Jentene vann begge kampane

mottatt frå Rune Hetland, 27.7.2015
 
Jenter frå Vikebygd er med på Norway Cup (Vats, Vik, Skjoldar). Her spelar dei i gruppa J13 (Jenter 13 år).
 
Dei har vunne begge kampane 10-0 og 8-2, og er klar for A-sluttspelet og skal spela om gruppeseier torsdag mot KFUM Oslo.
 
Med på laget er Renate, Mari, Ingeborg og Mirjam frå Vikebygd.
 
(Om nokon har bilete frå kampane som kan nyttast på web - så send dei gjerne inn på
e-post: tips@vikebygd.org ).

 

Bygdefolket støttar Vikebygd Idrettslag kvar gong dei tippar
141 spelarar har gjeve 18.850 kr til Idrettslaget i år
av Steinar Skartland 2.7.2015

Kvar gong ein i Vikebygd som har registrert seg for Grasrotandelen, lever tippekupong eller deltek i spel hos Norsk Tipping, går 5% av spelesummen deira til Vikebygd Idrettslag.  Frå Vikebygd I.L. registrerte seg for Grasrotandelen i 2009 og fram til i dag har dette gjeve laget samla kr 236.437.   Les meir her. 


Om Norway Cup 2015

Alle til sluttspelet
Alle lag vil få minimum ein sluttspelkamp også under Norway Cup 2015, skriv arrangøren på nettsida for Norway Cup.

Dei siste åra har Norway Cup hatt ein regel om at alle lag skal få minst ein sluttspelkamp. Dette gjeld uansett om laget skulle tapa alle innleiingskampane. Turneringa gjennomførte endringa for å kunna tilby laga som deltar fleire kampar og gje spelarane opplevinga av å spela sluttspel.

 
Kva skjer?
Her kan du lesa detaljert program for kvar dag.

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St.Hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkjent
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg