Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Arquebusmarsjen - 70 år med fred - Frigjeringsjubileet

Sida er sist endra 31. mai 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 


132 gjekk Arquebusmarsjen
31.mai 2015
Verdig markering av 70 år med fred
av Steinar Skartland, 31. mai 2015

Jubileet med 70 år sidan freden kom etter 2. verdskrigen, vart markert i Vindafjord den 31. mai, oppe ved minnestøtta etter Arquebus og Bjoa-gjengen.  Ordførar Ole Johan Vierdal tala og la ned krans før Ingrid Steinsland held ei spennande og grundig orientering om Sverre Andersen og Bjoa-gjengen sitt arbeid for heime-fronten.


Så mange som 150 kan ha vore med under markeringa oppe på Eikås der også Ingrid Steinsland fortalde om heimefrontens sitt arbeid. Sverre K. Andersen vart heidra etter krigen for å ha vore den sendaren som hadde informert dei allierte i England om lokal utvikling, lengst av alle sendarar i Europa under krigen. Kallenamnet var Arquebus.


 
Arquebus hytta på BjoaEtter markering på Eikås la dei 132 deltakarane ut på ei fire timars historievandring gjennom skogen frå Eikås, via Tunge, Dalsbruket og Skrubbasmog til Årvik. Ruta var den som Sverre Andersen bruka for å bera informasjon frå sendaren på Eikås og over fjorden til Sveio.  Turen gjekk innom Arquebushytta og våpenlageret Bjoagjengen etablerte.

Det vart også ein stopp ved Årvik skulemuseum der dei som ville kunne kikka innom klasserommet.  Under vegs var det fleire stopp der lokale personar stilte opp med historisk informasjon, både frå krigen og frå livet i grendene i gamle dagar.  Frå Årvik vart turgåarane køyrde med buss til Bygdahuset der det vart servert middag, forskjellig program og vising av NrK filmen om Arquebus. Vegard Skartland deltok med song og musikk.  Sjå bilete frå marsjen her.

 

Utmerkelsar tildelt Sverre K Andersen.
Sverre K. Andersen blei i statsråd 7. mars 1947 tildelt Krigskorset med sverd «for fremragende innsats under utførelse av militære oppdrag.» Han blei 5. august 1944 tildelt St. Olavsmedaljen med ekegren. Andersen blei også tildelt Deltagermedaljen, Haakon VIIs 70-årsmedalje og dei britiske dekorasjonane King's Medal for Courage in the Cause of Freedom, Defence Medal og 1939–1945 Star. (Kjelde: Wikipedia)

ARQUEBUS
Under siste krig var garden EIKÅS hovudsete for den hemmelege radio-stasjonen «ARQUEBUS». Stasjonen var i drift i tre år og er såleis blant dei sendarane i Europa som heldt lengst ut.

Stasjonen vart driven av agenten SVERRE K. ANDERSEN, ein telegrafist som hadde fått agentopplæring av Secret Service. Han spela rolla som «tomsete dreng» på Eikås, medan han i røynda var ansvarleg for å koordinera sendingar av våpen og mannskap mellom Noreg og Stor-Britannia.  Lokalt var stasjonen kjernen i eit omfattande nett av motstandsfolk, med den såkalla BJOAGJENGEN som dei fremste støttespelarane.

Den veglause garden var ein ideell stad for verksemda. Trass i intens søking makta ikkje Gestapo å finna fram til sendaren før i desember 1944. Andersen kom seg unna og heldt fram med verksemda i Langåsdalen til krigen var slutt. Bjoa-gjengen vart henta av Shetlands bussen «HITRA». (Kjelde: Kulturhistorisk vegbok)

Klikk her for større skrift
(Infoarket som ligg i Arquebushytta)
 
 

Link til meir informasjon - klikk her
Link til meir informasjon 
 
 
 
 
 
 
 
 

Tilbake til hovudsida

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2015 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Barnetalet minkar
Speidaravslutninga
Arquebusmarsjen 31.5.
Kjekt i Vik-hallen
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Naustområde Ulvebne godkjent
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år

2014
Romjula 2014
Julegudsteneste 24.12
Ny bru ved Vossaplasset
Julekonsert 14.12.14
Kor e' Vindafjord 10.12.
Lysmessa i kyrkja 7.12.
Lysa vart tende på juletreet
Årsmøte i Grendautvalet
Svanene på plass i bygda
Globalcafe med Speidaren
Familiegudsteneste 9.11.
Fornyar klubbhuset i båthamna
Grunnlovsjubileet 5.11.
Nytt kjøkken og kafe
Mitt Fargerike Nabolag
Frukost & konsert på butikken
Ymse frå november 2014
Tysvær Vepro steller graver
TV-aksjonen 2014
Veg til Vikestølen
Folketalet går ned
Tur til Longåsdalen
Ymse frå oktober 2014
Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
ÅRET 2014

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg