Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Julemessa og Årets Vikebu

Sida er sist endra 28. nov. 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
Vikebuen si julemesse
Anita og Jakob vart kåra til Årets vikebuar 2015

av Steinar Skartland 28.11.2015

Det var ei svært overraske Anita Øvstedal som måtte opp på scenen og motta beviset på at ho, saman med Jakob Rødde, er kåre til årets vikebuar 2015. Det er kvinnelaget Vikebuen som står for kåringa som vart kunngjort på julemessa.

- I statuttane står at det skal vera ein eller nokon som har gjort noko for bygda, enten i inneverande år eller over tid, innleia Else Karrin med då ho kunngjorde kåringa.
- Det er to stykke som får prisen i år, og om dei kan vi seia at dei har gjort noko for bygda over tid. 

- "Årets Vikebu" blir tildelt Anita og Jakob. Dei driv Gamlatunet til beste for heile bygda, eit treffpunkt som er kjent og kjært for mange. Staden vitnar om tradisjon og stabilitet og har vore eit samlingspunkt i ulike samanhengar opp gjennom åra.

- Bokkafeen på onsdagane er eit sosialt tilbod som kanskje særleg mange eldre set pris på. Men her kan vi og treffa fleire generasjonar, også einskilde som knapt kan gå. Anita og Jakop ordnar kaffi, kaker, rundstykke, og legg opp til ei enkel servering som er med på å samla folk rundt borda. Dei fleste låne nok bøker, men nokre er truleg mest innom for kaffi og ein god drøs.

- Vertskapet på Gamlatunet er der for både gamle og unge og bidreg til både fellesskap, gode opplevingar og minne for dei som er innom. Eksempel er julegrantenning på butikken med fakkeltog bort til Gamlatunet for både korpsmusikk og julegraut etterpå.

- I tillegg til Gamlatunet er Anita og Jakob aktive i mykje dugnad og organisasjonsarbeid. Igjen er dette ulike aktivitetar for vikebuar i alle aldrar. Årets Vikebu er Anita og Jakop.

Vi føyer oss til i rekkja over gratulantane. Prisen gjekk velfortent til Anita og Jakob.

Vikebygd Skule- og Ungdomskorps (Klikk her for stort bilde)

Tonane frå Vikebygd Skule- og Ungdomskorps fekk tradisjonen tru gle bygdefolket med flott musikk på årets julemesse i Vikebygd, der dei opna med 'Deilig er den himmel blå'. Etter velkomsthelsing av programleiar Else Karrin Dommersnes Vestbø heldt dei fram med 'Snømannen Kalle' og 'Deilig er jorden'. Vi lar oss imponere kvar gong dei entrar scenen over kor dyktige dei er. 

I fleire rom på Bygdahuset var det standar med sal av mengdevis av handarbeidsartiklar og heimelaga bakst, saft, godteri og meire til. - Det er noko spesielt med julemessa i Vikebygd, sa ein av utstillarane som har delteke her i mange år. - Andre plassar haster dei inn og handlar før dei fer vidare. Her kjem folket til opninga og er her heile ettermiddagen.


Ja slik er julemessa i Vikebygd. Folket legg vekk det dei elles skulle ha gjort denne laurdagen og samlar seg til eit sosialt fellesskap. Kjøper julegåver og kosar seg med graut eller kaffi i lag med naboar og vener. Det gjer dei også når det er andre arrangement, enten på Gamlatunet, idrettsdag eller Vikeputten. Denne dagen var det mange som kunne gå heim med julegåvene klare i handleposen eller med gode minne frå ein dag i lag.

Elisabeth Julsrud
Ein av dei som hadde salsbord var Elisabeth Winterhus Julsrud, som både hadde julenissar, brente mandlar, hekla ting og saft på flasker med eigne etikettar som bar namnet: 'Liobrygg avd. Saft Suse.'

Det var heimelaga både her og hos dei fleste andre som stilte opp.  Nokre frå Vikebygd, andre tilreisande.  Både amatørar, kunstnarar, eller hobby- handtverkarar innan knivsmedar, strikking og hekling, keramikar eller dreiing og trearbeider.  Flotte fat, skåler, ostehøvlar og pennar, der tredelane var laga i utvalde tresortar.  Varme sokkar eller votter var det lett å finna seg denne laurdagen i Vikebygd.



Anne-Lise Borum. Brillestylist og kunstnar.
Ei som hadde teke vegen frå Haugesund og inn til julemessa var Anne Lise Borum som presenterte seg som 'Brillestylist og dekoratør'. På messa var det mest måleri / akvarellar ho hadde med seg. - Det er første gong eg stiller ut på julemesse og i Vikebygd, fortalde Anne Lise. - Men eg har hatt fleire utstillingar på Haugalandet, mellom anna på Ryvarden. Der stilte dei ut i saman, ei gruppe damer som blei «Malerindene» etter eit malerkurs hos kunstnaren Ranveig Barstad.

Inntekta kjem bygda til gode.
Inger Kathrine og Mona, som er i styret for Vikebuen, var godt nøgde med resultatet av julemessa. Inntektene får dei gjennom loddsal og kaféen, der kakene er heimelaga. Utstillarane betaler ikkje for å delta, men må sponse ein gevinst til utloddinga.
- Me reknar med ei inntekt på omlag 25.000, fortel Mona som er kasserar. Men så går det litt utgifter frå. Overskotet går i første omgang inn i laget sin kasse. På årsmøtet til våren deler dei ut midlane dei har samla inn gjennom året, til ulike gode tiltak i Vikebygd. M.a. har dei nettopp kjøpt inn 20 nye bord til bygdahuset. Desse kom vel med på julemessa i år. Det var fullt rundt borda både i Litlesalen og storsalen i tillegg til at utstillarane bruka bord.


Knut Eriksen tok til på eit dreiekurs i 1999 for å ha ein hobby når han vart pensjonist. Så har dette utvikla seg og i 2002 tok han til med å laga knivar. Mange som tek til med denne hobbyen kjøper knivbladet og lagar slire og skaft sjølv. Også knivblada er Knut sitt verk.


Handarbeid og nissar frå Ølensvåg


Ola Harald Alne bakar "Tjukkasar" i saman med Gunn Vikingstad, som også sel saft og godt frå GunnSmak i Naustvika, m.a. spesialiteten frå norsk natur: Ramsløk-pesto

     


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

Anna nytt frå Vikebygd

Julemesse på Bygdahuset 28. nov kl 12:00 - 16:00
Klikk her for å sjå programmet
PROGRAMMET ser du her.

Kven som blir Årets Vikebu 2015 blir offentleggjort på Julemessa 28. november


Årets
Vikebu

Vikebuen ønskjer å gjere stas på alle dei som gjer så stor innsats for bygda vår. I 2012 starta dei ein tradisjon for å synleggjere dette.
Tidligare heidra:
2012 – Liv og Thomas Bakkevig
2013 – Steinar Skartland
2014 – Roald Årvik


Nå ønskjer vi igjen innspel frå dykk i bygda for å finne ein verdig kandidat for Årets Vikebu 2014.  Har du forslag til personar som fortener ekstra heider? Ta kontakt med ein av oss i styret i Vikebuen, eller send en e-post til post@vikebuen.no

Vi vil ha namn og nokre ord om kvifor akkurat denne personen fortener å bli kåra til Årets Vikebu i 2015.  Frist for innsending av forslag: 9. november 2015.  -Plakaten

Kven som blir Årets Vikebu 2015 blir offentleggjort på Julemessa 28. november.

Men venleg helsing
Styret i Vikebuen
Ramona Icke-Röring, Else Karrin Vestbø, Hilde Fredriksen,
Hilde Aarsteinsen, Mona Schnabel, Inger Kathrine Sundve.
 

Les om julemessa i 2014

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
November
Julemesse på Bygdahuset
Oktober
Opning av Kjekt i Vik hallen
Utemøte med speidarane
Vassverket avviklar
Grendautvalet: Møte om vegen
TV-aksjonen 2015
Kommunestyret konstituert
Grannarkarusellen-resultat
September
Med gele og saft til Ølen
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Soknerådsval 14. sept.
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Befaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St.Hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkj.
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg