Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Romjul i Vikebygd

Sida er sist endra 29. des. 2014

 
Change Coatching
Bente T. Barane
Motorbåtforening

KLOKKARGARDEN
FOTOALBUM
VISIT VIKEBYGD
HYRDINGEN
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule 
Vik barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Info. frå Regjering
og departementet
Bedriftene i bygda
Vindafjord Tomteselskap

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS 
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
Vi ynskjer alle ei velsigna julehøgtid og eit Godt Nytt År

Året 2014
Sjå årskavalkade for Vikebygd her

 


Kvit romjul 2014Endeleg kvit (rom)jul
Men mildvêr igjen til nyttår

Steinar 29.12.2014

I romjula kom det snø i Vikebygd. Søndag 28. var det opptil 10-15 cm på vegar og bakkar.  Fleire nytta høvet til ski- og aketur, eller til å laga ein snømann.  Men allereie måndag 29. var det varmegrader og regn i lufta.  Meldingane framover er 4-6 varmegrader.  Så om vi får noko meir kvit vinter får tida vise.  Ein kuldeperiode der tela kryp nedover 30-50 cm er viktig på våre kantar.  Den tek livet av brunsneglar og andre snyltedyr, men løfter og luftar også den tunge myrjorda vi har mykje av her. Då sig vatnet betre unna og det blir betre vekst på bakkane.

Torden og lyn
Om nokre av oss mista telefonsambandet i torevêret, så kan vi likevel gle oss over at lyn omgjer nitrogenet i lufta til kjemiske bidingar som plantene kan nytta seg av.  Salpeter som vert naturleg laga slik, er eit viktig stoff for at grøne planter skal veksa.

Betydelige mengder salpetersyre vert danna under elektriske utladningar i atmosfæren, f.eks. lyn, og vert ført av regnet ned på jordoverflata. Det reagerer med vatn og andre kjemiske stoff, slik at plantene kan nytta seg av nitrogenet.

Sjølv om atmosfæren vår består av 78% nitrogen, kan ikkje planter nytta dette grunnstoffet rett frå lufta. Før Birkeland og Eyde på 1800-talet fann ut at dei kunne laga kunstig lyn og dermed produsera salpeter og nitrogengjødning industrielt (Rjukan), vart naturlege førekomstar av salpeter nytta til gjødning.  Det fins store avleiringar av nitrogenbindingar, som nitrata KNO3 og NaNO3, mange stader i verda (India, Bolivia, Italia, Spania , Russland og Chile).

Kløver er ei plante som lever i symbiose med ein bakterie som kan omgjere nitrogen frå lufta til stoff plantene kan nytta.  Derfor er kløver ei viktig plante å ha i enga.
(Lurer du på meir om Nitrogenet - så les her)

"Som hakka møkk"
Kanskje du har høyrt folk seia: "Det går som hakka møkk".  Men veit du kor uttrykket stammar frå? 

Fuglefjell ute ved kysten er ofte kvite av fuglebæsj frå tusenvis av fuglar som hekkar der. I gammal tid, når seglskutene kom forbi slike fuglefjell, ankra dei opp og mannskapet vart sende i land med reiskapar.  Dei hakka laus det tjukke laget med fugleskitt og fylte det i sekker.  Når så skuta la til kai stod folk i kø for å få kjøpt sekkene med fugleskitt, eller Guano som den vert kalla. Det kvite laget i fugleskitten (fuglen sin urin) inneheld ein stor del nitrogenbindingar som er svært god gjødsel. Til bruk i hagar og landbruket var den fantastisk.  Graset veks fort og blir mørkegrønt på farge.

Det varte ikkje lenge frå skuta hadde lagt til kai før dei var utselde på Guano.  Det gjekk som hakka møkk!  Allereie rundt 1880 var kjeldene til denne nær tømde.  Men fuglane held fram med å skite.

I dag går stadig fleire over til å nytta tørka og pelletert hønsegjødsel i hagen i staden for kunstgjødsel.  Det gjer same nytta, og er billigare.


Uvêr og torevêr skada telefonsambandet i Vikebygd
av Steinar Skartland 23.12.2014, oppdatert 4.1.2014

I desember har vi fått rikesleg med lyn og torden.  Dette har medført at fleire i Vikebygd og Vindafjord har mista det faste telefonsambandet.  Summetonen er borte. Datautstyr og modem er øydelagde.  Telenor har hatt skader på telefonsentralar.  Med helgedagar så kan det ta tid før alt fungerer igjen.

For Vikebygd.org er det ei utfordring å oppdatere nettsidene med internettsamband via eit Telenor mobilnett som mest ikkje har dekning.   

.... Nytt modem kom i posten i romjula, og telelinja fungerte på datatrafikk, så Vikebygd.org kom fort i normalt gjenge.  Men telefonen ... den er taus også i starten av januar....

Fast telefonen, som snart er museumsgjenstand, måtte venta ei veka ut i nyåret før han vart ordna.



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Romjula 2014
Julegudsteneste 24.12
Julekonsert 14.12.14
Kor e' Vindafjord 10.12.
Lysmessa i kyrkja 7.12.
Lysa vart tende på juletreet
Årsmøte i Grendautvalet
Svanene på plass i bygda
Globalcafe med Speidaren
Familiegudsteneste 9.11.
Fornyar klubbhuset i båthamna
Grunnlovsjubileet 5.11.
Nytt kjøkken og kafe
Mitt Fargerike Nabolag
Frukost & konsert på butikken
Ymse frå november 2014
Tysvær Vepro steller graver
TV-aksjonen 2014
Veg til Vikestølen
Folketalet går ned
Tur til Longåsdalen
Ymse frå oktober 2014
Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa

Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd

 ÅRSKAVALKADE 2014 
For dette har vi venta på så lenge, ja så lenge, ja så lenge
Julegåva til Vikebygd:  Ny bru ved Vossaplasset.

av Steinar Skartland


Brua sør for Vossaplasset vart skifta ut med kulvertrøyr til jul

Ufatteleg at det har gått bra med den gamla brua.  Det var ikkje berre vegbanen som ga etter for dei tunge transportane på denne vegen. 
- Når eg skulle dra bruplata bort frå fundamentet med gravemaskina, så gjekk ho sund.  Det var mest ikkje jern i henne, fortel gravemaskinførar Tronstad hos entreprenørfirmaet Ottar Skjold.  Han har jobben med å erstatta den gamle brua med nye betongrøyr.  Mellombels er det laga ein veg utanom der trafikken passerer.  Den skal fjernast etterpå.

Tunge vogntog passerer dagleg Vosssaplasset med kraftfor, mjølk, stein og tømmer.Mens vi står der kjem Endre Stople med vogntoget sitt, lasta med kraftfôr til bønder i bygda.  Han er ein av mange sjåførar av tunge køyretøy som nå kan sjå fram til ein tryggare passering.  Men Vossaplassvingane vert verande slik dei er. 
-Me skal skifta ut noko masse sør for brua, fortel Tronstad.  -Men gjennom svingane nord for brua er det ikkje planlagt noko utbetring nå.  Ein kunne lett fått utbetra vegen her også med å pikka bort litt fjell og stein langs vegen

Uvisst kor gammal brua er, men folk som er over 70 år fortel at ho har vore slik så lenge dei kan hugsa.  Det er takk vere eit grendautval som har drive aktivt arbeid overfor vegvesen og kommune at arbeidet nå endeleg er i gong.


Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
ÅRET 2014
 

   Minner frå åra: 
      2006
      2007
      2008
      2009
      2010
      2011
      2012
      2013
      2014


Tilbake til hovudsida

Link til FOTOALBUM for Vikebygd
 


Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.


kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
Vikevegen 1641; 5568  VIKEBYGD

Tlf 5376 9128 -Mobil 9087 3170
   tilbakemelding@vikebygd.org