Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Bygdeboka for Vikebygd

Sida er sist endra 2. juli. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Følg på Twitter - klikk her

Bygdebokprosjektet
Har du bilete? Har du historier?
Signe Alice B. 19.6.2014

På ein stol nede ved steinmuren fann vi Signe Alise Birkeland som er med i den lokale bygdeboknemnda.  Med seg hadde ho notisbok i vona om å få med seg nokre gode historier frå gammal tid.  Nå oppfordrar ho om at dei som har bilete frå eldre tid kan sende inn desse, eller låna dei ut til skanning.  Ikkje reine familiebilete, men slike som viser kvardagsliv og folk i arbeid og syslar.   Eller også gode historier frå kvardagen.  Dei kan vera fine å ha med i boka.

Arbeidet med bygdeboka er nå kome omlag halvvegs og dei er i rute.  Dei som har interessant stoff, vert bedne om å kontakta skrivarane på e-post eller telefon. 


Bygdebokprosjektet for Vindafjord
(Vikebygd, Sandeid og Vikedal)  Signe Alice B. 19.6.2014

Har du bilete? Har du historier?

Bygdebokprosjektet for Vindafjord nærmar seg halvgått tid for skriving av gards- og ættesogene. Mykje står att, men mykje er også gjort. Bygdeboknemndene byrjar nå å førebu seg på den siste delen av arbeidet, på innsamling av bilete og anna materiale som kan illustrera kvardagshistoria, menneske, livet slik det var, men også større hendingar. Det kan vera av folk, hus, stader før i tida, bilete som illustrerer arbeid og gardsdrift, familiebilete og anna. I utgangspunktet spør vi om gamle bilete og om å låne desse for å fotografere dei av. Om kvaliteten ikkje er så god på bileta, kan ny teknikk i stor grad bøta på manglane. Nye familiebilete (frå dei siste tiåra) er ikkje så interessante i denne samanhengen. Dersom du har bilete som du trur kan brukast, vil me (skrivarane ved Universitetet i Stavanger) svært gjerne ha tips om det.

Når det gjeld historier om personar, situasjonar, kvardagsliv og helgeliv, har vi noko stoff, først og fremst samla inn gjennom spørjeskjema som er sendt alle husstandar. Enten du har svart på skjema eller ikkje, kan det hende du har episodar, hendingar, replikkar det kunne ha vore fint å få med for å levandegjera personar og teksten.

Dersom de har interessant stoff, ber me (skrivarane) om å bli kontakta på e-post eller telefon.

Venleg helsing
Arne Langhelle, 518331417/90940166, e-post arne.langhelle@uis.no
Kari G. Hempel, 51833054/92486948, e-post kari.hempel@uis.no

 


Gard og ætt i Vikebygd
Bygdebokarbeidet går framover

av Steinar Skartland 12.10.2013

Arbeidet med å laga bygdebok for Vikebygd er på skinner.  Kari Hempel ved universitetet i Stavanger rosar den lokale bygdebokkomiteen i Vikebygd. 

50% har levert - men det er ennå ikkje for seint
- Nå har omlag 50% av dei som fekk tilsendt skjema spørjeskjemaet levert, fortel Kari Hempel entusiastisk.  - Det er gjort ein kjempejobb av bygdebokutvalet, først og fremst av Signe Alice Birkeland, Knut Arne Skartland og i seinare tid også av Ingrid Mathilde Sørvaag. Vi tar svært gjerne imot fleire skjema.

Det var i første omgang dei fastbuande i Vikebygd som fekk tilsendt spørjeskjema, og då fristen gjekk ut i vår var det ikkje så mange som hadde svart.  Etter at folk vart minna på dette både med plakatar og informasjon på vikebygd.org, så har det strøyma inn med skjema. 

- Komiteen har vore rundt og banka på dørene for å oppfordra folk til å koma med innspel, og dette har nytta. Bygdebokforfattarane har kome godt i gong, men det er ennå ein del hol som må fyllast

Bygdeboknemnda oppfordrar alle i Vikebygd til å bidra til bygdeboka gjennom å fylle ut og sende inn spørje-skjemaet som kan lastast ned her (som PDF-fil), eller som word-fil som kan fyllast ut på din pc.

Ikkje berre for fastbuande
Bygdebokarbeid handlar om å samla opplysningar om dei som bur i bygda, eig gard eller hus, og om slektene deira.  Men det er også mange som har røtene sine i bygda, som har flytta bort, men som har kjøpt hus eller bygd hytte her som dei nyttar i feriar og fritid. 
- Vi vil senda ut skjemaet på nytt også til desse, fortel Kari Hempel.  - Det er ikkje reine hyttefolk som er av interesse, men dei som slektar til bygda og dei som eig gardsbruk her.

Stor interesse for det opne møtet
For ei tid tilbake inviterte Bygdebok komiteen og bygdebokskrivarane til eit ope møte på Gamlatunet.  - Her møtte mellom 20 og 30, fortel Kari Hempel.  - Det det meste vi kunne få plass til i møterommet der.  Ho er svært nøgd både med det frammøtet og med responsen i bygda elles.  - Me vil gjerne også ha ein del gamle bilete og om det er andre som har stoff å bidra med.  Det vil vi kome tilbake til etter kvart.
 


Arbeidet med bygdebok for Vikebygd
Få personar har sendt inn spørjeskjemaet til bygdebokforfattarane 
Steinar 2.7.2013 

Bygdeboknemnda oppfordrar alle i Vikebygd til å bidra til bygdeboka gjennom å fylle ut og sende inn spørje-skjemaet som kan lastast ned her (som PDF-fil), eller som word-fil som kan fyllast ut på din pc.

 -Det er veldig få som har sendt inn skjemaet, fortel Signe Alise Birkeland i den lokale bygdeboknemnda.  Ho ber om at skjemaet igjen vert lagt ut her på vikebygd.org med oppfordring om at dei som ikkje har sendt inn sitt skjema likevel kan gjera det nå.  Det er viktig for arbeidet med bygdeboka at forfattarane ved universitetet i Stavanger får denne hjelpa frå bygda.  I tillegg vil boknemnda kontakta folk direkte og oppfordra til å senda inn registreringa.

Det er to skjema, eit for gardsbruk og eit anna for dei som ikkje eig gardar. 

Les meir om dette her

 


Ynskjer folket i Vikebygd ei bok med bygda si historie, gards- og slektssoge? Då må dei også bidra med informasjon om gardar og slekter. 
av Steinar Skartland 3.7.2013 

3/4 har ikkje svart!
I april/mai vart det sendt eit brev med spørjeskjema til alle husstandar i Vikebygd.  - Då fristen gjekk ut 1. juni hadde berre 20 % svart.  Etter dette er det kome ein 10-15 skjema i tillegg, fortel historikar og bygdebokforfattar Kari Hempel.  - Det er alt for lite. Stoff om det gamle har vi fått overlevert frå forskjellig hald, men vi manglar mykje om dei yngre.  Kven som eig garden i dag, kva tid dei overtok og om borna deira. 

Heldigvis finns det ein del opplysningar frå gammal tid som kan nyttast.  Dette har m.a. Per Ivar Tautra samla.

Dette gjeld alle som bur i bygda
Men det er ikkje berre gardsbruk dei er interesserte i.  Også om andre folk i bygda.  Til dei er det eit enklare skjema, og dei skal ikkje fylla ut det som går på gardsbruk.  Men det er ennå ikkje for seint.  Gløym fristen som var sett.  Skund deg å fylle ut skjemaet og send det inn til bygdebokforfattarane nå.  Du kan enten bruka postadressa:

Kari Hempel
Universitetet i Stavanger
Hulda Garborgshus
4036 STAVANGER

Eller e-post:  kari.hempel@uis.no  

Last ned begge skjema her som pdf eller som word

Lokal bygdeboknemnd i samarbeid med universitetet
- Veldig få har svart og sendt inn skjemaet, fortel Signe Alice Birkeland som er med i bygdeboknemnda for Vikebygd.  Eit verv ho har saman med Knut Arne Skartland og Johan Owe og nokre til. Dei gjer ein flott innsats med å oppfordra folk til å senda inn opplysningar.

- Når eg går tur med hunden så snakkar eg med dei eg treff på og minner dei på skjemaet, seier Signe Alice og legg til:  - Det er ikkje berre dei fastbuande som me ynskjer informasjon frå.  I Vikebygd er det mange som har hytter og som har røter i bygda.  Deira informasjon er like viktig, men der treng me ikkje informasjon om borna.  Vi skal snart senda ut spørsmål også til dei, men dei må gjerne lasta ned og bruka same skjemaet.

Kva er eigentleg ei bygdebok ?
Nemninga bygdebok blir i dag mest brukt om dei to sjangrane gards- og slektshistorie og generell bygdehistorie. I visse samanhengar inkluderer omgrepet i tillegg også byhistorie og jamvel distrikts-/regionshistorie, når ein treng ei fellesnemning for historiebøker som er skrivne om og for bestemte lokalsamfunn eller distrikt. 
Les om bygdebøker her

Les meir om bygdebokarbeidet for Vikebygd her

 


Har du fylt ut og sendt inn skjema med opplysningar til
Bygdeboka for Vikebygd?

25.5.2013  Kari Guttormsen Hempel

Prosjektleiar og forfattarar ynskjer at alle i Vikebygd blir med i bokverket og at dei dermed tek bryet med å fylle ut og returnere dei skjema som er sendt ut.  Brevet og spørjeskjema kan lastast ned her som PDF-fil, eller som word-fil som kan fyllast ut på din pc.  Så må dei returnerast innan 1. juni 2013, anten i brev eller som e-post til: kari.hempel@uis.no

I tillegg til brevet ligg det med to skjema:

  • Alle fyller ut spørjeskjema med personopplysningar. Desse opplysningane vil bli brukt i samband med busetnadshistoria og vil ikkje bli nytta vidare.

  • Skjema for brukshistoria er for dei som eig gardar

Under «Andre opplysningar» vil dei gjerne at de noterer «laust og fast» av det de trur kan vere av interesse, både om personar, tradisjonar og eigedom. Bruk gjerne tilleggsark om plassen er for liten.  Det er viktig at opplysningane er korrekte og kan brukast i bygdesoga, skriv bygdebokforfattarane, og ynskjer folk markerer opplysningar som er usikre.

Spørsmål om arbeidet med bygdebok i Vikebygd kan rettast til medlem av bygdeboknemnda, Signe Alice Birkeland, telefon 478 61 889.  


Innsamling av opplysningar til
Arbeidet er i gong med bygdeboka for Vikebygd

28.4.2013  utdrag av brev frå Kari Guttormsen Hempel

Vindafjord kommune har i kommunestyret vedteke å inngå kontrakt med Universitetet i Stavanger (UiS) om utarbeiding av manus til 3 bygdebøker, ei for kvar av bygdene Vikedal, Sandeid og Vikebygd. For å fullføre prosjektet er Nils Olav Østrem tilsett som prosjektleiar og historikarane Kari Hempel og Arne Langhelle som forfattarar, alle tilsett ved UiS.

Spørsmål om arbeidet med bygdebok i Vikebygd kan rettast til medlem av bygdeboknemnda, Signe Alice Birkeland, telefon 478 61 889.

Elles kan ein kontakte prosjektkomiteen: 
Nils Olav Østrem (tlf 5183 1538),
Arne Langhelle (tlf 5183 1417) eller
Kari G. Hempel (tlf 5183 3054).

(Biletet ovanfor syner bygdebøkene for Ølen og Skjold som er laga tidlegare. Nå står Vikebygd for tur).

For innsamling av nyare person- og gardsopplysningar i Vikebygd vil prosjektgruppa i samarbeid med bygdebokutvalet be om informasjon gjennom spørjeskjema som vert sendt til alle i bygda i desse dagar.  Brevet og spørjeskjema kan lastast ned her som PDF-fil, eller om du ynskjer word-fil som kan fyllast ut på din pc, klikk her.  Så må dei returnerast innan 1. juni 2013, anten i brev eller som e-post til:  kari.hempel@uis.no .

Prosjektleiar og forfattarar ynskjer at alle i Vikebygd blir med i bokverket og at dei dermed tek bryet med å fylle ut og returnere dei skjema som nå vert sendt ut.  I tillegg til brevet ligg det med to skjema:

  • Alle fyller ut spørjeskjema med personopplysningar. Desse opplysningane vil bli brukt i samband med busetnadshistoria og vil ikkje bli nytta vidare.

  • Skjema for brukshistoria er for dei som eig gardar

Under «Andre opplysningar» vil dei gjerne at de noterer «laust og fast» av det de trur kan vere av interesse, både om personar, tradisjonar og eigedom. Bruk gjerne tilleggsark om plassen er for liten.  Det er viktig at opplysningane er korrekte og kan brukast i bygdesoga, skriv bygdebokforfattarane, og ynskjer folk markerer opplysningar som er usikre.  

 

 
 
 

Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Tur til Trodlafjellet
Sikrare veg til Vikebygd
Hausttakkefest og jubileum
Opning av Trimparken
Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Trimpark i sentrum
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Roger
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org