Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Kommunevalet 2015

Sida er sist endra 15. sept. 2015

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 

Kommunestyrevalet i Vindafjord.
Steinar Skartland (KrF)og Rune Hetland (V)
kom inn frå Vikebygd

Valresultatet i Vindafjord
av Steinar Skartland 15.9.2015

Det var ei heller låg valdeltaking i Vindafjord, med ein frammøte-prosent på berre 58,7%.

Senterpartiet vart den store vinnaren med 10 av dei 25 plassene, og ligg an til å halda fram med ordføraren. KrF, som har varaordføraren, auka stemmetalet, men vert ståande på 3 representantar.

Nykommaren Venstre tok 2 kandidatar.

Taparane vart Høgre som gjekk ned frå 5 til 3, Arbeiderpartiet som gjekk frå 4 til 3, og Framstegspartiet som gjekk
frå 3 til 2.

SV og Bygdelista står uendra med ein kvar.  Til høgre er graf henta frå nettstaden:
www.valresultat.no
Denne viser korleis mandatane fordeler seg mellom partia og listene i Vindafjord. Nedanfor vises namna på dei som nå kjem inn i det nye kommunestyret. Dette er 9 kvinner og 16 menn.  Les meir detaljar her.

Sjå resultatet til fylkestinget i Rogaland her
 


Valg-måling:  Poll of Polls
Valet 2015 - Dersom målingane treff
Sjekk utviklingstrendar her for:
Vindafjord kommune
Rogaland fylke 
 

Kyrkjevalet 14.9.2015
Valet til felles sokneråd for Vikebygd og Skjold
:

- Me har hatt eit godt oppmøte på valdagen! fortel leiar i Vikebygd sokneråd, Brit Nelly Ness Tveit.  - Resultatet for Vikebygd er slik:
Frå lista med dei nominerte:
Medlemmer:
Brit Nelly Ness Tveit
Øyvind Valen
Dag Nagel Alne
 
Varamedlemmer:
1.vara Aud Jorunn Tordal
2.vara Linda Langeland

I tillegg fekk desse stemmer og kjem på varaplass:
Anna Karolina Fisk Eide (3.vara)
Kjersti Hausberg Bjerga (4.vara)


Du som er 15 år eller eldre,
og medlem i Den norske Kyrkja
kan delta i
VALET PÅ SOKNERÅD

Måndag 14. september
Vallokale er på Bygdahuset 12:00 - 20:00

Les her (i Hyrdingen) kven som er kandidatar.

 



Måndag skjer det -
Still opp for demokratiet
Delta i valet!

Kommuneval 14. sept. 2015,
klokka 12:00 - 20:00


Valglokalet er på:
Bygdahuset i Vikebygd

Dei politiske partia i Vindafjord er heilt samde i ei viktig sak. Saman oppfordrar dei alle som har stemmerett til å møta opp i valglokalet måndag 14. september, mellom klokka 12:00 - 20:00, for å delta i valet.

Til alle husstandane er det komen ein konvolutt med brosjyrar, program og røystesetlar for alle parti som stiller liste i Vindafjord ved valet. Her kan du skaffa deg informasjon om kva partia meiner. Eller du kan ta ein tur innom ein av standane som partia har rundt omkring i kommunen.  Her kan du spørja politikarane om dei saker som er viktige for deg eller utfordra dei på ting du er oppteken av lokalt. 

Er du i tvil? Les programma, eller ta direkte kontakt med politikarane.

Det er ditt val.
Helsing Steinar Skartland (KrF)
Varaordførar

Sjå kven du er mest enig med av partia, prøv:
NrK-VALGOMAT eller Velgerhjelpen

Den norske valordninga
Korleis du skal stemme
Kandidatkåring ved kommunestyrevalg
Kven kan stemme ?
Stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsval har alle norske statsborgarar som fyller 18 år innan utgangen av valåret, og som nokon gong har vore folkeregisterførte som busette i Noreg (og som ikkje er frådømd stemmeretten).

Utanlandsk statsborgar?
I tillegg har nordiske statsborgarar (Sverige, Island, Danmark, Finland) stemmerett dersom dei blei registrerte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret.
Andre utanlandske statsborgarar har stemmerett dersom dei har stått innførte i  folkeregisteret som busette i landet samanhengande dei siste tre åra før valdagen.


Valg-måling:  Poll of Polls
Valet 2015 - Dewrsom målingane treff
Sjekk utviklingstrendar her for:
Vindafjord kommune
Rogaland fylke

 


Berre eitt kommunestyremedlem
var frå Vikebygd siste fire år

Vil valet denne gongen gje tillit til fleire på måndag?
- Eg takkar dei i kommunen som ga meg plass i kommunestyret og dei som der synte meg tillit til å gje meg posisjonen som varaordførar. Det har vore fire spennande år og like spent er eg på resultatet denne gongen Steinar Skartland (KrF)

Sjå her godkjende vallister i Vindafjord
 


Dei politiske vallistene er godkjente
Lite Vikebuar på lister til kommunevalet

av Steinar Skartland 6.6.2015

Etter at fristen var gått ut til endra eller be seg friteken frå å stå på lister, så har valstyret i Vindafjord godkjent 8 lister til val på kommunestyret.  Berre 7 Vikebuar er mellom dei 131 namna som innbyggjarane kan velja mellom på valdagen 14. september. 
Desse er:
Namn Parti Plass Namn i alt  
Steinar Skartland Kristeleg Folkeparti 1 16  
Rune Hetland Venstre 1 12  
Reidun Birkeland Bakkevik Senterpartiet 4 26  
Jens Bjordal Senterpartiet 7 26  
Knut Øvstedal Senterpartiet 25 26  
Lars Klubben-Hauge Høgre 7 19  
Eirik Larsen Arbeidarpartiet 8 19  
(-) Sosialistisk Venstreparti - 19  
(-) Bjoa Bygdeliste - 11  
(-) Framstegpartiet - 9  

Ei liste har 25 "listestemmer", uavhengig av kor mange namn det er på lista. Veljarane kan også føre over namn frå ei liste til ei anna. Då mister den lista dei nyttar, ei stemme til den lista som dei henta namn frå. Fordelinga av samla listestemmer avgjer kor mange representantar kvar liste får inn i kommunestyret. Kven personane blir, avgjer veljarane. Det er berre dei kandidatane som veljaren kryssar av for namnet på, som får stemmer.  I tillegg får dei som er førehandskumulerte: 0,25 stemmer pr. liste.  Rekkefylgje på namna har berre ein funksjon:  Når to kandidatar på same liste får like mange stemmer avgjer plasseringa kva rekkjefølgje kandidaten får.

 


Kommuneval 14. september 2015, klokka 12:00 - 20:00
Vallokalet er på Bygdahuset i Vikebygd

Heimesitjarpartiet vart størst i Vindafjord i 2011
Men dei har ikkje fått delteke i avgjerdene i dei viktige sakene i kommunen.

av Steinar Skartland 27.8.2015

Av dei som hadde røysterett i Vindafjord ved kommunevalet i 2011 var det heile 38,47% som ikkje gjekk til røystelokalet og deltok i den viktigaste avgjerda: Folkerøysting over kven som skulle styra kommunen dei neste fire åra.  Valdeltakinga var på 61,53%. Dette er urovekkjande lågt! I Vikebygd var deltakinga høgare, og ved stortingsvalet i 2013 var deltakinga i Vikebygd heile 82,3%.  

Dei politiske partia i Vindafjord er heilt samde i ei viktig sak. Saman oppfordrar dei alle som har stemmerett til enten å møta opp i røystelokalet valdagen 14. september, mellom klokka 12:00 - 20:00, eller å ta ein tur innom rådhuset i dagane fram til dette, for å delta i valet.

Til alle husstandane er det nå komen ein konvolutt med brosjyrar, program og røystesetlar for alle parti som stiller liste i Vindafjord ved valet. Her kan du skaffa deg informasjon om kva partia meiner. Eller du kan ta ein tur innom ein av standane som partia har rundt omkring i kommunen.  Her kan du spørja politikarane om dei saker som er viktige for deg eller utfordra dei på ting du er oppteken av lokalt. 

Er du i tvil? Les programma som er sende ut i posten i ein samla konvolutt for alle partia, eller ta direkte kontakt med politikarane når dei har stand rundt om i kommunen, m.a. ved butikkane.

Det er ditt val.
helsing
Steinar Skartland
Varaordførar
 

 

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
September
Familiedag i Longåsdalen
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Befaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St.Hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkj.
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg