Næringsliv    -      Vik Skule og Barnehage   -      Kyrkja   -      Kvamsåsen Rundt    -      Fotball   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er 540 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare kor det også er treningsstudio!  - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.
Lokale websider
VISIT VIKEBYGD
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
  BYGDA VÅR
Lag og foreiningar
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd
Årvisse arrangement
Vikeputten  
Arrangert 24. april 20
10
Fotballturnering som samla heile 69 lag i 2010 (59 i 2009) og hundrevis av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER
Vikesprinten
Sist arrangert 1.mai 2010
Orienteringsløp for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
LAURDAG 1.mai-10  Les HER
Reportasje/resultat 2009: HER.
17. mai festen

Flaggheising på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja, kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i slutten av dagen. Vikebuen er på beina frå morgon til kveld.  Nasjonaldagen 2010

Vikestølsmøtet
Neste møte er 4. juli 2010

Årleg tradisjon frå år 1900. Enten siste søndag i juni eller første søndag i juli blir det arrangert stemne på Vikestølen.  Her samlast folket frå det fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2010
Les 100 år på Vikestølen her

Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 24. juli 2010

Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Festivalbilete frå 2010 HER 
Festivalbilete frå 2009 HER 
Les meir her

Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 6. sept. 2009

Første søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen.  Her kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.  På stølen er det matsal, konkurransar og utlodding til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen sept. 2009

Familieidrettsdag erstatta Kvamsåsen Rundt
Arrangert: 2. okt. 2010

Slutt for tradisjonsløpet Kvamsåsen Rundt, men ny giv med familieidrettsdag.
Les meir  frå 2010 HER.
Ein familieidrettsdag erstattar frå 2010 av det tradisjonsrike løpet.
Bildearkiv 2009 HER.  
Kvamsen-Rekordar HER.
 

Romjulsminner

Barnehagen
Juletrefesten
Vinterbilder frå Vikebygd
Det kimer nå til julefest
Barnehagen og skulen i romjula
Romjuls-kveld ved barnehagen
Til toppen

Tradisjonell julefeiring
Juletrefest på bedehuset

Kjersti fortel om det som hende i jula(29.12.2010 SteinarS)  Laurdagsklubben invi-terte til ein tradisjonell juletrefest i romjula. 57 store og små møtte opp og fekk med seg julesongar, andakt, leiker, utlodning og sjølvsagt juletregang. Dette er eigentleg mindre enn 10% av folket i bygda (då det også var nokre tilreisande). Flott frammøte der folk koste seg. Fekk med seg julebodskapen i Kjersti Hausberg Bjerga sin andakt og i julesongane.

Men dette er einaste juletrefesten i år i Vikebygd.  Ein tradisjon vert halden i hevd, men for det store fleirtalet er juletrefest på bedehuset ikkje lengre ein del av juletradisjonen. 

Juletrefest på bedehusetKonklurranse om første mann til å få seigmannen opp til munnen.På juletrefesten måtte det til aktivitetar som får alle engasjerte. Kjersti las opp ei verselinje frå ein julesong. Kvart bord skulle gjetta kva song det var, for så å reisa seg og syngja denne julesongen. Ein konkurranse som skapte stort engasjement frå alle. fire av jentene våga seg med på ein leik der det var om å gjera å eta i seg ein sytråd for å få tak i ein seigmann i enden av tråden.  Ikkje lett - men mange heiarop frå dei andre på festen ga inspirasjon til innsats.
Til toppen

Kald romjul med skiføre i Vikebygd
(27.12.2010 SteinarS)  Temperatur frå 10 til 15 kuldegrader.  Det knakar i snøen under skorne når vi går ute.  Blå himmel og solskin, det er romjulsveret i Vikebygd. Det fristar med ein tur ut. Men dagen er kort og sola lågt på himmelen.
Skartland.  Klikk for større bilde Frost på et gjerde
Årvik, Bakken.  (Klikk for større bilde) Bakkafossen.  (Klikk for større bilde)Vintersol.  (Klikk for større bilde) Skogen i Årvik.  (Klikk for større bilde)Sauatongen, Årvik.  (Klikk for større bilde) Årvik.  (Klikk for større bilde)
Årvik.  (Klikk for større bilde) Årvik.  (Klikk for større bilde)
Årvik.  (Klikk for større bilde) Skogstur i Årvik.  (Klikk for større bilde)

Til toppen

Det kimar nå til Julefest.
(30.12.2010 SteinarS)  Julaftan klokka 16 er det ein flott tradisjon i Vikebygd at då møter folk til gudsteneste i kyrkja.  Denne familiegudstenesta varer berre 45-50 minutt og sluttar med 3 x 3 slag på den vesle kyrkjeklokka. Så er det ein kort pause før jula skal ringast inn klokka 17:00. 

På julaftan kimar klokkene.
I gjennom mange år nå har medlemar av familien Tveit stått for den spesielle "kiminga" med kyrkjeklokkene klokka 17:00.  Det var det også i år, med Andreas Tveit og bestefar Ness, ein erfaren kyrkjetenar frå Skånevik.  Under kiminga deltek to ringarar med kvar si klokke. Først så slår ein sakte med vekselvis liten og stor klokke. Så aukar farten gradvis oppover til veldig rask kiming, Andreas Tveit, arkivbilde frå 2008før ein går over til å ringa på vanleg vis med begge klokkene. Deretter ein liten pause før ein startar opp igjen på ny runde.  Etter tradisjonen skulle denne kiminga ha halde fram i ein heil time, men i Vikebygd har vi korta dette ned til 15-20 minutt.
(Reglar for bruk av kyrkjeklokker).

Når lukene er opne i kyrkjetårnet så kan ein stor del av bygda høyra lyden av dei, som når heilt til Skartland.  Som liten stod vi borna ute på trappa heime og lydde etter lyden av kyrkjeklokkene som ringde jula inn. Det er det ennå ein og annan som tek seg tid til, for klokkene ringjer etter at ein er komen heim frå kyrkja. Så starta julehelga. 

Godt og stabilt frammøte i Vikebygd kyrkje på juleafta.
I år deltok 232 på denne gudstenesta, noko som er eit godt gjennomsnitt.  Kyrkjetenaren fører statistikk på deltakinga, og denne viser flg frammøte dei siste åra:
2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010
184 231 329 330 267 230 279 220 232

Årsaka kan vi berre spekulera på, men ein sokneprest som har syn for å inkludera mange i gudstenesta, er nok en av grunnane. Det har vorte ein flott tradisjon at musikk-korpset spelar både åleine og saman med kyrkjeorgelet. Også i år fekk vi gle oss over desse flinke musikkarane vi har i bygda. Helge Veastad på gitar i samspel med Arne Tveit på orgel, er eit anna flott innslag som vi får gle oss over. Begge er dyktige musikkarar, som har anna arbeid som hovudinntekt, men som også stiller opp med musikken når dei vert bedne om det.

At sikringen vart sprengd i SØK sin transformator var nok ikkje musikken si skuld - men kanskje heller at ein svært kald julekveld førte til at mange hadde sett på full styrke på varmen før dei gjekk til kyrkja. Så skal SØK ha ros for at dei var raskt på plassen og fekk ordna feilen. Dessverre fekk vi høyra litt mindre enn planlagt av Helge sin gitar, men det vonar vi at det kjem nye høve til. Eg kan berre retta ein stor takk til alle i Vikebygd som stiller opp både som deltakarar og tilhøyrarar når noko skal arrangerast.   Til toppen

Mildt gråvêr og lågt skydekke ved inngang til 2011
(31.12.2010 SteinarS)  Som sagt.... Dersom isen på Skartlandsvatnet (eller Vasslivatnet..) ber hest og mann føre jul, så blir det mildvêr etter nyttår.  Ja, isen bar godt i adventstida, men nå er det + 3-5 grader og regn i lufta.  Fekk mest lyst tl å senda ut ein etterlysing.  Har nokon sett Alna-åsen i dag, eller vikefjella?

Eg vil med dette ynskja alle Vikebuar eit GODT NYTT ÅR


Vêret: Søndag 2. januar blir veret flott med sol og temperatur rundt 0.  Måndagen startar med kuldegrader som utover dagen går over til plussgrader med sludd og regn. Vinden snur samstundes frå nord til sør og seinare sørvest. 

Fleire reportasjar frå 2010 ser du her.

....Vikebygd.org...

Siste endring 2. januar 2011
LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Romjulsbilder
Julegudsteneste og straumfeil
Songsvanene i Lisstjørn
Klimaet - Mot Normalt
Innsamling av jernskrap
Juletre, korps og graut
Stor konsert i kyrkja
Klede til fattige i Ukraina
TV-innsamlingsaksjon
Haust, regn og storm
Sprell levande Gudsteneste
Familieidrettsdag
Konfirmantar og jubilantar
O-gruppa
Med aner på Dommersnes
Vikestølsmarsjen 2010
Bok i butikk
Sigrund fekk kongens gull
Seinsommartango
Norway Cup 2010
Vikebygdfestivalen 2010
Speidarane på landsleir
Kraftverk reiser seg
Det 110. stemnet på Vikestølen
Dugnad på Vikestølen
Loppemarked
St.Hans på Bryggjebakken
Slutt for Kvamsåsen Rundt
Næringspris til Kjell E Gangstø
Kva namna fortel
100 born i Skule & Barnehage
Sagbruket på Bjordal
Nasjonaldagen 17. mai 2010
Dugnad ved kyrkja
Båthamna
Vikesprinten
Konfirmasjon
Orienteringsløp
Kraftproduksjon
Lekter i opplag
Møte i Grendautvalet
Korpskonsert og kafe
Radonalarm i barnehagen
Basar og årsmøte
Vik kraft klar for vasskraft
ÅRET 2010

Vêrvarsling:

10 dagars varsel - som pdf
VÊRVARSEL frå VIKEBYGD
VÊRVARSEL for Nordabygda
VÊRVARSEL for Trovåg, YR.no

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsds Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet2008 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

Nabobygdene:

Bjoa grendeside
Skjold grendeside
Vats grendeside
Sandeid grendeside
Vikedal grendeside
Vindafjord kommune
Spel
Bubble shooter
Quick Fire Pool

   Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org