Kateket, Laurdagsklubb og sokneråd laga:
Sprell levande gudsteneste
Søndag 3. oktober kl. 11:00 i kyrkja(3.10.10
SteinarS) 125 store og små møtte til ei flott gudsteneste som tok til med at borna toga inn etter krossen, som vart boren av ein konfirmant. Borna bar inn litt av hausten si grøda og pynta framme i kyrkje. Eit kor av borna i Laurdagsklubben song så flott. Tale og tekstlesing var bytt ut med framføring om "krukka til kvinna i Serepta". Den som vart velsigna av profeten Elia og aldri vart tom etterpå. Brit Nelly, Britt og Kjersti hadde ulike rollar som dei spela overbevisande medan borna sat samla på golvet
framme. Ei kvinne i Gudstenesta (Britt Nelly) kom inn i starten. Ho var svolten og kjende seg så tom. Kateketen avslutta framføringa av denne bibelforteljinga med å samanlikna dette med oss menneske. Vi treng meir enn mat. Gud vil fylla oss med sin kjærleik, og saman skal vi få dela kjærleiken med kvarandre og slik fylla krukka (kvar andre) med gode kjensler. Ho oppfordra oss alle til å gje
kvarandre ein klem og omsorg. Det vart verkeleg ei Sprell Levande Gudsteneste, der forbøn og ofring var integrert med kyrkjevandring med ulike "stasjonar." Ein stasjon var offerkorga, ein annen stad kunne vi tenna eit ljos, som så konfirmantane sette inn i eit lysande hjarta. Dei som ville kunne koma bort til døypefonten og få teikna eit hjarta av vatn i handa si og få
velsigning, eller skriva eit hemmeleg bøneemne på ein lapp og leggja i ei krukka. Denne vart bedd for utan at nokon annan enn Gud las kva som stod på lappen. Bak i kyrkja kunne borna få teikna. 12 av 4-åringane i bygda fekk oppleva å få sin eigen bibel. Det var spennande, og vi vonar at mange vaksne nå tek seg tid til å lesa med borna frå denne flotte barnebibelen.
Gudstenesta, der det var mange gode barnesongar som Arne Tveit spela til, vart avslutta med kyrkjekaffi. Her kunne folket ta seg tid til å snakka saman og få kaffi, saft og kaker i midtgongen. Flott at så mange tok turen til kyrkja denne dagen då vinden ulte om hushjørna og piska regndropane mot vindaugo. Fire-åringane hadde alt fått vore der dagen
før. Då var det undringstur i kyrkja, både opp i tårnet og til alteret. Og så fekk dei høyra kyrkjeorgelet spela. Dei kjende seg heime i kyrkja alt, og vi takkar Kateket Brit Karstensen og alle deltakarar for ei flott opplagd gudsteneste.
|