Advent og førjulskos
Korpsmusikk, fakkeltog og graut då juleljosa
varet tende.
Ljostenning til korpsmusikk
(26.11.2010 Steinar) Då klokka nærma seg 18:00 på
fredag 26. november samla folk seg utanfor landhandelen i Vikebygd. Trass i åtte
kuldegrader og svak vind så møtte omlag 50
born
og vaksne i tillegg til korpset med 11 musikarar. Rolf hadde gløgg gryta og
faklar klare. Handlegata i Vikebygd er kort, men lysa skulle likevel
tennas for å markera at vi nå går inn i advent. Korpset spela fleire nummer, men
kulden gjorde at ventilane på
eit
og anna instrument vart for trege. Kjetil Skartland valde å varma tubaen
sin over open eld for å få ventilane til å virka. Og korpset svikta
ikkje. Vakker julemusikk fekk fylla den mørke kvelden. Rolf Alne
viste i si takksemd for at dei alltid stiller opp med godt humør, og overrekte
ei gåve til korpset ved
Solveig
Hortmann etter at han hadde tent ljosa på juletreet ved butikken.
Fakkeltog
Då konserten
var over fann Rolf Alne fram faklar. Borna fekk kvar sin som dei tende i
ei tønne med open eld. Saman gjekk store og små i fakkel-tog til
Gamlatunet. Her fyltes stovene opp. Jakob og Anita hadde fått hjelp til
grautgrytene
av familie-medlemmer. Dei selde over 60 tallerkenar med graut og i
tillegg pølse i brød, kaffi og kaker. Folk kosa seg samen til levande
musikk frå korpset
som hadde benka seg oppe i andre etasje. Litt lettare å få
fram jule-tonane når dei fekk varme i både fingrar og instru-ment.
Kristtorn for skuletur
Og utanfor Gamlatunet hadde to skule-ungdomar stilt seg opp. Amalie og
Glenn selde kristtorn til inntekt for klassetur i 7. klasse til våren.
-Me
har ikkje bestemt kor turen skal gå ennå, fortalde Amalie. Men
fortalde at dei gledde seg
både til turen og til å ta til på ungdomsskulen i Skjold til neste år.
Så var dette endå eit eksempel på korleis folk i Vikebygd samarbeider og får
til ting i saman. Om bygda er lita så er gleda over å få laga til noko
kjekt i saman, desto større.
Les meir HER.
|