Seinsommartango i Vikebygd 20. - 22. august 2010
Under Stormøtet vart Sigrund Thormodsæther heidra for teneste i 40 år som husmor på Brandøy Ungdomsheim. Avisa Sunnhordland skriv på nettsida si: Brandøy har vore sentrum for Indremisjonssamskipnaden sitt leirarbeid gjennom 44 år. Fleire tusen born og unge frå heile Sunnhordland har opp gjennom åra vore deltakarar her på ulike leirar. I 2009 hadde Brandøy om lag 6.000 gjestedøgn. I 40 av desse åra har Sigrun Thormodsæter frå Halsnøy vore husmor. Ho har lagt ned eit fantastisk arbeid for at alt skulle vera godt tilrettelagt for leirarbeidet. No har Kong Harald tildelt henne fortenestmedalje i sølv for denne trufaste og flotte innsatsen. Medaljen vart overrekt på stemnedagen, fortel Svein Bjarne Aase som er dagleg leiar i Indremisjonssamkipnaden. Leirstaden, som vart bygd i 1966, har heile tida vore under utvikling og fornying. Her er eit praktfullt uteområde med fotballbane, volleyballbanar, leikeplass, trampoline, flytebryggjeanlegg og ein strålande badeplass.
BRANDØYDAGEN 22. august.
....Vikebygd.org...
Andre nyhende:
Vêrvarsling:
Vikebygd i Media:
Kyrkjeinfo:
Kultur - Historie:
Nabobygdene:
Det skjedde i året: 2006 2007 2008 2009 2010
Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland. -------------------- Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider, så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller Tilbakemeldingar om websida HER.