Dyrelivet i Vikebygd
Songsvanene er tilbake i Lisstjørn
(16.12.2010)
Nå er dei her igjen. Ikkje mange, men på jakt etter beite i sivet. På
det meste var det ein koloni på 60-80 songsvaner som overvintra i Vikebygd. Dei
pendla
mellom Tindelandstjørna, Bruarvatnet, Lisstjørn, Vasslivatnet og andre vatn
lokalt. Dei flaug i plog med halsen strekt langt framover medan dei ropte
med sine typiske svaneskrik.
Songsvanene er kjenneteikna av sitt karakteristiske gule nebb. (til høgre
og nedanfor fotografert i 2006 i sørende av Vasslivatnet der eg talde omlag 50 i same
flokken).
Svanene er avhengige av ope vatn som dei finn ved elveosar og
med siv å beita på. Det finn dei gjerne der elva renn inn i tjørna gjennom
flatt, myrlendt terreng. Dei siste åra har kolonien vorte redusert år for
år. Grunnen er ikkje kjend. Når dei i år ikkje såg ut til å dukka
opp kom tanken at vinteren i fjor kanskje hadde endra vanane deira.
Kanskje flytta lengre sørover til vinterbeite. Men søndag 12. desember såg
vi dei igjen i sørenden av Lisstjørn. Ikkje så mange, men ei lita gruppe
på 8 svaner. Så har dei ikkje gitt opp Vikebygd likevel. Dessverre
hadde eg berre med meg eit lite lomme-kamera med 26 mm vidvinkel linse. Å
zoome inn desse svanene frå ein avstand på 150 meter, var ikkje enkelt, og
grunnen til at bildet er så grovkorna. Men eg må nok ta meg ein tur med større
utstyr og sjå etter svanene på ny.
Songsvanene er den største ande-fuglen og kan vega opp til 15 kg.
Dei lever saman i monogane parforhold som varer i mange år, gjerne livet ut.
Om sommaren hekkar dei i Troms, Finnmark, heilt oppe ved Barentshavet og på
Island. Så kjem dei attende til fast stad om vinteren. |