Lokale
websider
|
|
VISIT
VIKEBYGD |
|
Alne
Villsau - Vikebygd |
|
Vikebygd
Vassverk |
|
Vikebygd
Kyrkje |
|
Vindafjord
kommune |
|
Vik skule og barnehage |
|
Bjordal
Kurs og Fritid |
|
Plassabakeriet |
|
Bente
T. Barane's Herbalife |
|
Bjoanett |
|
Info.
frå Regjering
og departementet |
|
Bygda
Vikebygd |
|
Bedriftene
i bygda |
|
Frøken
Vims |
|
Fotoalbum |
|
BYGDA
VÅR |
Lag
og foreiningar
|
|
Lions
Club Vikebygd - Skjold |
|
KFUK-M Speidarane |
|
Vikebygd
Idrettslag |
|
Orienteringsgruppa |
|
Kvamsåsen
Rundt løpet |
|
Vikebygd
I.L Fotball |
Lokale
Bedrifter
|
Skartland
Trevirke
Joker
Fitness Club - Trening
Jakob
Rødde - Gamlatunet
Gangstø
Transport
Ålreit
Ålfjordsenteret
Dommersnes
& Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd
Landhandel AS
Bjordal
kurs og fritid
Kvamme
Sag
Alne
Villsau
Ølen
Trevare
Vikebygd
Vassverk
Bente
T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE
I BYGDA
Reg.
føretak i Vikebygd |
Årvisse
arrangement
|
Vikeputten
Arrangert 24. april
2010 |
Fotballturnering som samla heile 69 lag i 2010 (59 i 2009) og hundrevis
av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar
frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER
|
Vikesprinten
Sist arrangert 1.mai 2010
|
Orienteringsløp
for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
LAURDAG 1.mai-10
Les HER
Reportasje/resultat 2009: HER.
|
17.
mai festen |
Flaggheising
på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja,
kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i
slutten av dagen.
Vikebuen er på beina frå morgon til kveld.
Nasjonaldagen 2010 |
Vikestølsmøtet
Neste møte er 4. juli 2010 |
Årleg
tradisjon frå år 1900. Enten siste
søndag i juni eller første søndag i
juli blir det arrangert stemne på
Vikestølen. Her samlast folket frå det
fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men
også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2010
Les 100 år på Vikestølen her |
Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 24. juli 2010 |
Årleg tradisjon der utstillarar kjem med
saft, bær,
brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Festivalbilete frå 2010 HER
Festivalbilete frå 2009 HER
Les meir her
|
Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 6. sept. 2009 |
Første
søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd
ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen. Her
kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.
På stølen er det matsal, konkurransar og utlodding
til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen
sept. 2009 |
Familieidrettsdag erstatta Kvamsåsen Rundt
Arrangert: 2. okt. 2010 |
Slutt for tradisjonsløpet Kvamsåsen Rundt, men ny giv med familieidrettsdag.
Les meir frå 2010 HER.
Ein familieidrettsdag erstattar frå 2010 av det tradisjonsrike løpet. Bildearkiv 2009 HER.
Kvamsen-Rekordar HER.
|
|
|
Haust i Vkebygd 2010
|
|
Haust i Vikebygd
|
|
Snø i Vikebygd
Vinteren kom som juleafta på kjerringa (21.10.10 SteinarS)
Torsdag 21. oktober vakna folk i bygda opp til kvite bakkar og glatte vegar.
Snøen hadda kome i løpet av natta og varierte frå 3-4 cm på Skartland til 10-12 cm i Ølensvåg. Sjølv om det
var varsla mildare og regn på dagen, kom det meir snø. Dei fleste har vel på tampen av sommarsessongen nokså
slitte sommardekk på bilen, i påvente av fristen for å skifta til vinterdekk. Dette resulterte i fleire
utforkøyringar i distriktet og kaos ein del stader.
Reglane seier at det er forbode å køyra med piggdekk før 1. november i Sør-Noreg. Likevel er det påbudt å sko seg
etter forholda. Er det is og snø skal ein ha dekk som taklar det. Men av erfaring veit vi Vestlendingar at det er
normalt med ein kort vinter i slutten av oktober og deretter mildvêr igjen. Dei færraste vil skifta mellom
vinterdekk og sommardekk annankvar dag - og ventar til fristen er passert. Eit godt tips er då ... piggfrie vinterdekk.
Det er berre piggdekk det er sett ein frist for. Etter fleire år med piggfrie dekk har eg hatt gode erfaringar med dei.
Piggdekk i svingane på Bjoavegen på tørr asfalt fører til at dei etter ein -to månadar er forandra til piggfrie dekk
med ein kvalitet som er svært dårleg på glatt føre. Ekte piggfrie vinterdekk er bygde på ein heilt annan måte.
Mønster og gummikvalitet gjer at dei syg seg fast på underlaget. Derimot slites gummien raskare enn standard
"piggdekk utan pigg." Dei er litt dårlegare på islagd, snøfri asfalt
, men vesentleg betre på snøføre og tørr asfalt.
Piggdekk har opptil 50% lengre bremsestrekning på tørr asfalt enn sommardek (pga piggane). Så dekktypen vel du etter
føret du skal køyra på.
Vêrvarslinga melder mildvêr. Men i helga skal det vera sol og flott med varmegrader. Regn på mandag.
Då er det grunn til å tru at snøen blir kortvarig denne gongen.
Snøkaos på vegane(Grannar)
Kaos på Fikse(Grannar)
Vogntog kjørte seg fast i Etne(H-avis.no)
- Tilbake til
toppen |
Ut av skogen
Ikkje redd for jegerar
(21.10.10 SteinarS)
På Skartland beita tre hjortar fredeleg på bøen nede ved
Løken. Ikkje redd for jegerar eller noko anna, så lengje alt var på avstand.
I Vindafjord blir det i år ein ny jaktperiode frå 16. november til 15. desember.
- Tilbake til
toppen |
Stein og Grus
Store berg blir til flat landbruksjord
(10.10.10
SteinarS) Ståle Jordal knuser ned det eine berget etter det andre.
Det er ikkje små mengder med grus og pukk som blir transportert frå Skartland
til byggjeprosjekt og vegar i distriktet.
Tidlegare vart 'Smalahaugen' flata ut. Nå er også 'Stølshaugen' borte.
Eller skal vi heller seie at den er omgjort til haugar med grus? |
Haust
Sola jaga regnet bort
(10.10.10
SteinarS) Etter rekordnedbøren onsdag snudde vêret i
Vikebygd og resten av veka og helga vart til finvêr. Dette skal vara litt
utover i veka, men det skyar til igjen i midten av veka.
Bjørka har alt skifta farge og tek til å bli fri for lauv. Andre treslag
som t.d. eika har ennå grønfargen, men det er snart haust også for den.
Og speidarane nytta finaveret på laurdag til bygging av "carport" på
Speidarloftet. Her skal kanoane få seg parkeringsplass under tak.
- Tilbake til
toppen |
Haust
Ein regnfull dag i vest
(6.10.10
SteinarS) Haust igjen. Rekord nedbør onsdag
6.10, sa fleire. Vanleg haustdag på vestlandet seier nå eg som ennå er
utstyrt med langtidsminne. Vi skreiv til og med stilar om regn og storm om
hausten, då vi gjekk i skulen. Den skulen som snart skal rivast, eller
seljast? Kanskje nokon vil ha ein velbrukt skule heime i hagen? I
eldre tid selde dei heile hus. Desse vart tekne ned og flytta. Ei
skulestove frå Bjoa vart hytta på Vike-stølen. I Vikebygd er er fleire
eldre hus kjøpt, selde og flytta på den måten. Men då var dei tømra og solide.
Brannvesenet tar visst kr 8.000,- for å ha brannøving på eldre hus.
Men "Bakkafossen" -den var det fart i, ja.
- Tilbake til
toppen |
Vikebuen
-planlegg Jula
Laget Vikebuen etterlyser utstillarar av handlaga produkt på julemessa dei
arrangerer 16. november, på Bygdahuset.
- Å stille ut hos oss er gratis, vi
vil heller ha ein gevinst til utloddinga, skriv Vikebuen i kunngjeringa.
Påmelding for utstillarar er innan 25. oktober til:
Mona M. Fostenes på tlf 416 65 774
eller: Alice Frøvik på tlf 901 68 376
Dei har hengt opp liste på butikken der du-gnadsfolk vert oppfordra til å skriva
seg på.
- Tilbake til
toppen |
Trafikkulykke i Vikebygd:
Utforkøyring på Skartland
(21.9.10 SteinarS)
Eit ektepar i 70-åra frå Haugesund vart sendt til sjukehus etter ei utforkøyring ved 15.45-tida tysdag ettermiddag.
Dei var på veg frå Haugesund til Utbjoa og køyrde utfor vegen like nord for Skartland. Her er ein bratt vegskråning utan rekkverk, langs den smale
og svingete vegen. Det kom raskt tilstades fleire lokale personar som varsla naudtelefonen 113 og fekk støtta opp om bilen då det var fare for at den kunne kvelva vidare nedover skråninga. Dei måtte ha hjelp utanfrå for å få opp dørene og til å få dei to skadde ut av bilen.
To sjukebilar, brannvesen og legehelikopter vart tilkalla. Kvinna, som
køyrde bilen, vart frakta med ambulanse til Haugesund sjukehus medan ektemannen vart teken med helikopter til Stavanger Universitets-sjukehus. I flg. Haugesunds Avis står det relativt bra til med begge to og det dreier seg ikkje om alvorlege personskader. Les meir på
NrK.no,
H-avis.no,
Grannar.no
- Tilbake til
toppen |
Styret for Vikestølshytta:
Vikestølshytta er open for alle!
(19.9.2010)
Om grupper ynskjer å overnatte her bør ein ringe og melde frå, for å unngå at det vert fleire større grup-per same natt. Alle skal likevel kunne ha anledning til å overnatte, og ingen kan krevje å få vere åleine på denne hytta.
Ta kontakt med:
Ola Harald Alne, tlf 928 15 380, eller
Jarle Sandsgård, telefon 916 01 676.
- Tilbake til
toppen |
|
|
|