Næringsliv    -      Vik Skule og Barnehage   -      Kyrkja   -      Kvamsåsen Rundt    -      Fotball   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er 537 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare kor det også er treningsstudio!  - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.

Vikebygd kyrkje

Konfirmantar og jubilantar.

(19.9.10 Steinar)  Søndag 19. september var det familiegudsteneste i Vikebygd, der konfirmantane våren 2011 vart presenterte for kyrkjelyden. 

Britt Nelly Ness Tveit og Johannes Nedrelid under seremonien med utdeling av konfirmantbibelen til 6 av dei 7 som skal konfirmerast våren 2011.

50 års jubileum
50 års jubilantane for konfirmasjonen var også inviterte til kyrkja for å markera jubileet. Av desse kunne berre 3 møta av ei gruppe som opphavlege talde 12. Heile fire var gått bort av denne gruppa. 

Klikk her og sjå bilete av jubilantane med ektefelle, utanfor kyrkja.
Johannes Nedrelid intervjuar jubilantane:
Anne Lise (Erdal) Auestad; Else Karin (Egge) Amundsen og Sigrid Helene (Svendsbøe) Leifsen.

Rett etter gudstenesta vart alle inviterte på kyrkjekaffi bak i kyrkja.  trass i flott sol ute så valde dei fleste å stansa igjen til ein kopp kaffi og gode kaker, også dette laga på dugnad.

Kyrkja meir tilgjengeleg for handikappa.

(19.9.2010 Steinar S.)  Vi har ei flott kyrkje, men bygd i ei tid då det ikkje vart lagd mykje resursar på bordet for å leggja tilrette for handikappa. Soknerådet har arbeida med ulike løysingar, og kunne i gudstenesta den 19. september ta i bruk ein ny skrå platting som gjer det mogeleg å koma heilt opp til altarringen, også for rullestolbrukarar.


Det er Arne Tveit og Berge Thomas Velde som har teke jobben med å byggja denne, og Jens Tveit som har blanda maling for å få den så nær dei opphavlege fargane i kyrkja som mogeleg.

Plattinga er ikkje fastmontert, men bygd som ei midlertidig løysing som lett kan fjernast og setjast tilbake.  For å få plass var det naudsynleg å ta ut fremste benken.

Frå tidlegare er det laga innkøyring for rullestol ved den austre inngangen til kyrkjeskipet.  Også denne er definert som "midlertidig" og det vert arbeida med planar om å få til rullestolinngang ved den sør-vestre inngangsdøra, som ikkje vert brukt i dag. Kyrkja har heller ikkje toalett tilrettelagt for handikappa, noko som det kom pålegg om tidleg på 90-talet. Klokkar og soknerådsleiar Britt Nelly Ness Tveit takka dei som hadde gjort dugnad og informerte om kyrkja sine oppussingsplanar før jubileet i 2012. 
- I tillegg til midlar frå kommunen vil det nok vera trong både for dugnad og innsamling av midlar, sa ho.

Biskop Erling Johan Pettersen i ein inspirerande tale til sokneråda.Prostidag i Vikedal:
Sokneråda møtte biskopen
(21.9.10 SteinarS)  Alle sokneråda i Nordre Ryfylke
prosti møttest i Vikedal for å snakka om Gudstenesta som stad for fellesskap og fornying.

Fire soknerådsmedlemar frå Vikebygd deltok på møtet og fekk høyra ein inspirerande og gripande tale av Biskop Erling J. Pettersen. Med utgangspunkt i uttrykket: "I Kristus - nær livet" skifta den tidlegare misjonæren mellom å tala om ny gudstenesteliturgi, fortelja gripande minne frå ei lang presteteneste, syngja og spela gitar til. Etter ei matøkt vart alle sokneråda inviterte til å koma med innspel og tankar om dette temaet.  Martin Ivar oppfordra sokneråda til å våga å dela draumane og visjonane sine med kvarandre, og biskopen følgde opp med sei at:
- Når ein drøymer, blir det berre ein draum.  Når to eller tre drøymer saman blir draumen til verkelegheit.

Britt karstensen inviterer til Sprell Levande Gudsteneste 3. oktober.Utfordringa for kyrkjelydane er å klara å engasjera fleire frå bygda.  Få fornya seg både innan liturgi, salmeval, språk og å både trekkja inn kvardagsliv og stillhet i gudstenesta.

 

 

Kateket Britt Karstensen greip også ordet og inviterte alle i vikebygd til ei Sprell Levande Gudsteneste klokka 11:00 på søndag 3. oktober.  Ei gudsteneste med barn og mykje liv.

 

Les om kyrkjelydane i Vindafjord, HER.

 

   

....Vikebygd.org...

Siste endring 22. september 2010
LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Klimaet - Mot Normalt
Skattekammerset
Innsamling av jernskrap
Juletre, korps og graut
Stor konsert i kyrkja
Klede til fattige i Ukraina
TV-innsamlingsaksjon
Haust, regn og storm
Sprell levande Gudsteneste
Familieidrettsdag
Konfirmantar og jubilantar
O-gruppa
Med aner på Dommersnes
Vikestølsmarsjen 2010
Bok i butikk
Sigrund fekk kongens gull
Seinsommartango
Norway Cup 2010
Vikebygdfestivalen 2010
Speidarane på landsleir
Kraftverk reiser seg
Det 110. stemnet på Vikestølen
Dugnad på Vikestølen
Loppemarked
St.Hans på Bryggjebakken
Slutt for Kvamsåsen Rundt
Næringspris til Kjell E Gangstø
Kva namna fortel
100 born i Skule & Barnehage
Sagbruket på Bjordal
Nasjonaldagen 17. mai 2010
Dugnad ved kyrkja
Båthamna
Vikesprinten
Konfirmasjon
Orienteringsløp
Kraftproduksjon
Lekter i opplag
Møte i Grendautvalet
Korpskonsert og kafe
Radonalarm i barnehagen
Basar og årsmøte
Vik kraft klar for vasskraft
ÅRET 2010 ÅRET 2009

Vêrvarsling:

10 dagars varsel - som pdf
VÊRVARSEL frå VIKEBYGD
VÊRVARSEL for Nordabygda
VÊRVARSEL for Trovåg, YR.no

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsds Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 

Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet2008 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

Nabobygdene:

Bjoa grendeside
Skjold grendeside
Vats grendeside
Sandeid grendeside
Vikedal grendeside
Vindafjord kommune
Spel
Bubble shooter
Quick Fire Pool

  Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org