Næringsliv    -      Vik Skule og Barnehage   -      Kyrkja   -      Kvamsåsen Rundt    -      Fotball   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er 537 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare kor det også er treningsstudio!  - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.

Vikebygd Idrettslag

Auke i Turorienteringa.
(18.9.10 Arne Tveit)  Sesongen er avslutta for i år. Me har ikkje fått inn alle klyppekorta ennå, men månadens post har hatt ein markert auke, frå 168 stk i fjor til 268 i år. Det er og kjekt å registrera at det er ein del nye namn i boka i år.
Vinnar av sitjeunderlag.
Dei som er trekt ut blant deltakarane og som får eit sitjeunderlag i reinsdyrskinn er:
April: Kjersti Bjerga
Mai: Jonas Sjo Bjerga
Juni: Inger Bjordal
Juli: Aasta Hjellestad
August: Andreas Nesse
O-gruppa takkar for innsatsen og ønskjer velkommen til nye turar til neste år!
O-gruppa:
Rekordforsøk
(28.8.2010 SS) 
Dei første løparane har registrert inn tidene på "Trådlanibbå opp". Både damer og menn har kasta seg med i rekordforsøket, men det krevst likevel ei formidabel treningsøkt for å slå rekordhaldaren, Jon magne Svendsbøe som har tida 28.44.  Han utfordrar alle i bygda til å prøva å slå denne rekorden. 
Les meir her (V.I.L. web)
Vikebygd I.L.
Aktivitetsdag

(31.8.2010 Åge Holsbrekken) Denne blir på idrettsplassen laurdag 2.oktober. Ein legg opp til allsidige aktivitetar for heile familien, stafettkonkurranse mellom bygdene, baneløp og sal av pølser, lappar, kald og varm drikke. Meir detaljert program vil bli kunngjort i midten av september, men det er greitt at folk får anledning til å setja av dagen allereie nå...

Arrangør: Vikebygd Idrettslag.

 

O-gruppa i Vikebygd Idrettslag melder:

Den lovande orienterings-løparen Per Øyvind Valen melder frå og med haustsessongen 2010 overgang til H.I.L. Les meir her (V.I.L. web)


Per Øyvind fossar mot mål i NM for ungdom i Trondheim.NM for ungdom
Per Øyvind Valen sprang NM for ungdom (14-16 år), i Trondheim i august.I 16-årsklassen fossa han inn til 18. plass på sprinten og 24. plass på langdistansen blant heile 103 konkurrentar!
Les meir her.


Nærløpskarusellen
Ved starten på andre halvdel av sesongen ligg Line på tredelt 1. plass og Tobias på 2. plass i samandraget i kampen om årets sprint- og klatrekonge/dronning i nærløpskarusellen for Haugalandet.
Norway Cup Oslo, 1.-7. august 2010
Skjoldar/Vats/Vikebygd J14
på Norway Cup 2010

(12.8.10 Svein Åge Hjorteland)  J14 laget med spelarar frå Skjoldar/Vats/Vikebygd deltok på Norway Cup på Ekeberg 1.-7.august 2010. Skjold IL hadde sikra seg totalt 100 plassar på Ekeberg Canping. Her budde dei i lag med mange lokale lag: Skjold IL, Falkeid, Djerv 1919, Vindafjord, Stegaberg og Skjoldar/Vats/Vikebygd.
 Klikk på bildet for å gå til artikkelen
Her er laget i kamp mot Bring Children, frå Uganda.

Les meir HER,
eller sjå bileta i Fotoalbummet

Einar Marius og Per Øyvind kretsmeistrar i langdistanse-orientering
(5.9.2010 Jon Magne)  På OK Ålgård sitt nye kart Resafjell ved Nedrebø på Jæren blei det edle medaljar til juniorane Einar Marius H. Martinsen og Per Øyvind Valen i solskinet i helga. Einar Martinsen fekk sølv i H40 og var berre 18 sekundar frå gull.
 
Les heile saka på Klubben Online...
 
 

....Vikebygd.org...

Siste endring 20. september 2010
LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Klimaet - Mot Normalt
Skattekammerset
Innsamling av jernskrap
Juletre, korps og graut
Stor konsert i kyrkja
Klede til fattige i Ukraina
TV-innsamlingsaksjon
Haust, regn og storm
Sprell levande Gudsteneste
Familieidrettsdag
Konfirmantar og jubilantar
O-gruppa
Med aner på Dommersnes
Vikestølsmarsjen 2010
Bok i butikk
Sigrund fekk kongens gull
Seinsommartango
Norway Cup 2010
Vikebygdfestivalen 2010
Speidarane på landsleir
Kraftverk reiser seg
Det 110. stemnet på Vikestølen
Dugnad på Vikestølen
Loppemarked
St.Hans på Bryggjebakken
Slutt for Kvamsåsen Rundt
Næringspris til Kjell E Gangstø
Kva namna fortel
100 born i Skule & Barnehage
Sagbruket på Bjordal
Nasjonaldagen 17. mai 2010
Dugnad ved kyrkja
Båthamna
Vikesprinten
Konfirmasjon
Orienteringsløp
Kraftproduksjon
Lekter i opplag
Møte i Grendautvalet
Korpskonsert og kafe
Radonalarm i barnehagen
Basar og årsmøte
Vik kraft klar for vasskraft
ÅRET 2010
ÅRET 2009

Vêrvarsling:

10 dagars varsel - som pdf
VÊRVARSEL frå VIKEBYGD
VÊRVARSEL for Nordabygda
VÊRVARSEL for Trovåg, YR.no

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsds Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 

Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet2008 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

Nabobygdene:

Bjoa grendeside
Skjold grendeside
Vats grendeside
Sandeid grendeside
Vikedal grendeside
Vindafjord kommune
Spel
Bubble shooter
Quick Fire Pool

  Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org