Rekord innsamling både i Vikebygd og i Vindafjord
(24.10.10 SteinarS)
8 bøsseberarar samla inn kr 19.265,50 i Vikebygd. I
det fine vêret var mange på tur og bøsseberarane kunne melda om at det på
enkelte roder kunne vera opp til halvparten av husa som var tomme.
Likevel kom det inn 2.511,50 meir enn i
fjor i Vikebygd. For heile kommunen var det innsamla beløpet kr 295.509,-
som er kr 31.815,50 betre enn i fjor. Dette
utgjer kr 53,57 pr innbyggjar. Ordførar Arne Bergsvåg, som leia
aksjonskomiteen i Vindafjord, var strålande nøgd med resultatet. I tillegg
veit ein at det og er kome inn store beløp direkte til innsamlingskontoen i
Oslo. Dette kjem ikkje med på kommunen sine tal, men kjem med
på
totalen for landet.
I kvar bygd var det ein innsamlingsleiar
som igjen skaffa lokale bøsseberarar. Dei lokale leiarane møttes så i
Sparebank 1 SR-Bank i Ølen, der bøssene vart opna og pengane talde opp.
Oppteljinga skjedde maskinelt både av setlar og mynt. Biletet over syner
ordføraren som trykkjer på startknappen for mynt teljemaskina. Til høgre
kjem leiaren i Vats med bøssene derfrå.
Resultata fordelt på alle bygder vart:
-
Ølen:
kr 47.088,-
-
Ølensvåg: kr 30.581,50
-
Bjoa: kr 19.543,-
-
Vikebygd: kre 19.265,50
-
Vats: kr 52.173,50
-
Imsland kr 9.647,50
-
Skjold: kr 49.980,-
-
Sandeid: kr 37.247,-
-
Vikedal: kr 29.983,-
TV-innsamling / Bøsseaksjon
søndag
24. oktober til Flyktninghjelpen. Tema: På flukt frå krig.
Årets TV-aksjon går til å hjelpa dei som har alle odds mot seg. Om lag 42 millionar menneske er i dag på flukt på grunn av krig og konflikt.
Halvparten er born og ungdom. Pengane frå aksjonen i år skal gå til mat og husly, drift av flyktningleirar, utdanning og fri rettshjelp.
Les meir her |