Næringsliv    -      Vik Skule og Barnehage   -      Kyrkja   -      Kvamsåsen Rundt    -      Fotball   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er 537 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare kor det også er treningsstudio!  - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.

Vikestølsmarsjen 5.9.2010

Vikestølsmarsjen 2010
Mykje folk i alle aldrar tok turen til fjells

Mange gjekk til fjells i finaveret(5.9.2010 Steinar) Truleg var det mellom 150 og 200 som la turen til Vikestølen og deltok i marsjen frå Eikås på Bjoa eller frå Vikebygd.

Diplom teikna av Ingrid EspelandOmlag 100 betalte kontingent og fekk diplom som i år var ein teikning laga av Ingrid Espeland. Ein skuleklasse fekk i oppgåve å laga teikningar, og Ingrid vann med si teikning.

 

 
 

Kø føre pølsegrillen og kakebordet.På stølen er det sal av lapskaus, pølser, kaker og kaffi.  Det var laga 70-80 porsjonar med lapskaus, og dei for ut tidleg.  Alt i eitt-tida måtte denne retten strykast frå plakaten, men pølsene som Vølstad grilla var det nok av til alle.

Det er tradisjon med hesteskokasting som ein av aktivitetane.  Nokre hadde betre dreis på kastinga enn andre. Familien Vikingstad frå Karmøy hadde tydelegvis vore borti dette før og dei tre søskena kom høgt på resultatlista der Ola Harald Alne var nøye med målestaven og utrekninga.
Hesteskokasting. 
Tradisjonell aktivitet på Vikestølsmarsjen.
 
Kristine Vikingstad kastar hestesko
Kristine Vikingstad sender skoen avgarde.

Damer:
Kristine Vikingstad - 32 poeng
Astrid Vølstad - 12 poeng
Menn:
John Øren - 37 poeng
Gunnar Birkeland - 32 poeng
Sverre Hovland - 24 poeng
Jenter:
Ingrid Vikingstad - 24 poeng
Gutar:
Lars Kristian S. Sandsgård - 45 poeng
Håvard Vikingstad - 30 poeng
Birger Alne - 24 poeng

 


Kristine traff godt


Jakob Rødde prøver hesteskoen

Vinnar av ryggsekken som vart trekt ut mellom dei som hadde signert gjesteboke/gratis loddboka, vart Erik Haraldsen frå Bjoa.  Elles vart det seld mykje lodd så mange fekk med seg gevinstar heim frå stølen.


Loddtrekning
Det er Vikestølsnemnda som står som arrangør.  Bak denne står Idrettslaga i Bjoa og Vikebygd.  Nemnda har nå desse styremedlemane:
Toralf Gåsedalen (Vikebygd)
Ola Harald Alne (Vikebygd)
Mona Fostenes (Vikebygd)
Jarle sandsgård (Bjoa)
Rita Bjørnøy (Bjoa)
John Karlsen (Bjoa)

Loddsal og Diplom
Mange hadde hund med på fjelltuern.  Her er ein kvelp på 5 månader som var veldig interessert i både pølser i låg høgde og å helsa på dei mange store og små han møtte på Vikestølen.
Borna fann mange å leika med oppe i skogkanten

 

....Vikebygd.org...

Siste endring 5. september 2010
LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Klimaet - Mot Normalt
Skattekammerset
Innsamling av jernskrap
Juletre, korps og graut
Stor konsert i kyrkja
Klede til fattige i Ukraina
TV-innsamlingsaksjon
Haust, regn og storm
Sprell levande Gudsteneste
Familieidrettsdag
Konfirmantar og jubilantar
O-gruppa
Med aner på Dommersnes
Vikestølsmarsjen 2010
Bok i butikk
Sigrund fekk kongens gull
Seinsommartango
Norway Cup 2010
Vikebygdfestivalen 2010
Speidarane på landsleir
Kraftverk reiser seg
Det 110. stemnet på Vikestølen
Dugnad på Vikestølen
Loppemarked
St.Hans på Bryggjebakken
Slutt for Kvamsåsen Rundt
Næringspris til Kjell E Gangstø
Kva namna fortel
100 born i Skule & Barnehage
Sagbruket på Bjordal
Nasjonaldagen 17. mai 2010
Dugnad ved kyrkja
Båthamna
Vikesprinten
Konfirmasjon
Orienteringsløp
Kraftproduksjon
Lekter i opplag
Møte i Grendautvalet
Korpskonsert og kafe
Radonalarm i barnehagen
Basar og årsmøte
Vik kraft klar for vasskraft
ÅRET 2010

Vêrvarsling:

10 dagars varsel - som pdf
VÊRVARSEL frå VIKEBYGD
VÊRVARSEL for Nordabygda
VÊRVARSEL for Trovåg, YR.no

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsds Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 

Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet2008 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

Nabobygdene:

Bjoa grendeside
Skjold grendeside
Vats grendeside
Sandeid grendeside
Vikedal grendeside
Vindafjord kommune
Spel
Bubble shooter
Quick Fire Pool

  Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org