Det kimar nå til Julefest.
(30.12.2010 SteinarS) Julaftan klokka 16 er det ein flott tradisjon i Vikebygd at då møter folk til gudsteneste i kyrkja. Denne familiegudstenesta varer berre 45-50 minutt og sluttar med 3 x 3 slag på den vesle kyrkjeklokka. Så er det ein kort pause før jula skal ringast inn klokka 17:00.
På julaftan kimar klokkene.
I gjennom mange år nå har medlemar av familien Tveit stått for den spesielle "kiminga" med kyrkjeklokkene klokka 17:00. Det var det også i år, med Andreas Tveit og bestefar Ness, ein erfaren kyrkjetenar frå Skånevik. Under kiminga deltek to ringarar med kvar si klokke. Først så slår ein sakte med vekselvis liten og stor klokke. Så aukar farten gradvis oppover til veldig rask kiming,
før ein går over til å ringa på vanleg vis med begge klokkene. Deretter ein liten pause før ein startar opp igjen på ny runde. Etter tradisjonen skulle denne kiminga ha halde fram i ein heil time, men i Vikebygd har vi korta dette ned til 15-20 minutt.
(Reglar for bruk av kyrkjeklokker).
Når lukene er opne i kyrkjetårnet så kan ein stor del av bygda høyra lyden av dei, som når heilt til Skartland. Som liten stod vi borna ute på trappa heime og lydde etter lyden av kyrkjeklokkene som ringde jula inn. Det er det ennå ein og annan som tek seg tid til, for klokkene ringjer etter at ein er komen heim frå kyrkja. Så starta julehelga.
Godt og stabilt frammøte i Vikebygd kyrkje på juleafta.
I år deltok 232 på denne gudstenesta, noko som er eit godt gjennomsnitt. Kyrkjetenaren fører statistikk på deltakinga, og denne viser flg frammøte dei siste åra:
2002 |
2003 |
2004 |
2005 |
2006 |
2007 |
2008 |
2009 |
2010 |
184 |
231 |
329 |
330 |
267 |
230 |
279 |
220 |
232 |
Årsaka kan vi berre spekulera på, men ein sokneprest som har syn for å inkludera
mange i gudstenesta, er nok en av grunnane. Det har vorte ein flott tradisjon at musikk-korpset
spelar både åleine og saman med kyrkjeorgelet. Også i år fekk vi gle oss over desse flinke
musikkarane vi har i bygda. Helge Veastad på gitar i samspel med Arne Tveit på orgel, er eit anna
flott innslag som vi får gle oss over. Begge er dyktige musikkarar, som har anna arbeid som hovudinntekt,
men som også stiller opp med musikken når dei vert bedne om det. At sikringen vart sprengd i SØK sin transformator
var nok ikkje musikken si skuld - men kanskje heller at ein svært kald julekveld førte til at mange hadde sett på full
styrke på varmen før dei gjekk til kyrkja. Så skal SØK ha ros for at dei var raskt på plassen og fekk ordna feilen.
Dessverre fekk vi høyra litt mindre enn planlagt av Helge sin gitar, men det vonar vi at det kjem nye høve til.
Eg kan berre retta ein stor takk til alle i Vikebygd som stiller opp både som deltakarar og tilhøyrarar når noko skal arrangerast.
Les meir HER |