Hjelp til Aust-Europa
Innsamlinga av klede til Ukraina - fullt vogntog på veg.
(27.10.2010 SS) Tre damer i
Vindafjord var sentrale med å samla inn brukt tøy til hjelp for fattige i
Ukraina. I Vikebygd var det Brita Laugaland som stod i bresjen med god hjelp av
fleire andre, m.a. Bjarne Lunde og Bjarne Alne. Dei tok i mot 253 fulle
sekker på bedehuset. Om kvelden 28. oktober kom eit 18 meter langt
vogntog, saman med Hallvard Hasseløy og 5 menn frå Ukraina. Saman stua dei inn
alle sekkene i skaphengaren.
Frå høgre: Bjarne Lunde, Bjarne Alne,
Brita Laugaland, Hallvard Hasseløy, Sasha og dei 4 andre hjelparane frå Ukraina.
I
Øvre Vats var det Brita Vågen som samla inn. Ho hadde halde på heile året
og kunne fortelja om sekker som kom både frå Etne og frå Vikedal. Ho lagra
dei i kjellaren heime fram til innsamlingsdagen på bedehuset. Resultatet
vart totalt 560 sekker.
På Skjold bedehus var det
Margrethe Askeland som tok seg av aksjonen. Ho hadde fått inn 240 sekker.
Totalt var det altså 1053 sekker som vart lasta her i kommunen. Kvar
gjevar betaler kr 50,- pr sekk for frakta. I tillegg var det møte på
bedehuset i Vikebygd om kvelden den 28. Her vart teke opp ein stor kollekt.
Overskotet vert brukt til å hjelpa dei fattige på anna vis. Mat vert kjøpt
inn. Barneleir for 4000 ungar mm. Alt i regi av organisasjonen
'Open Heart Ukraina'
som vart starta og er leia av Hallvard Hasseløy. Haugesundar som no er
busett i Drammen.
Det var mykje folk på bedehuset i
Vikebygd torsdagskvelden. Dei kom frå fleire bygder for å vera med og
høyra Hasseløy fortelkja frå Ukraina, og for å levera sekker. Hallvard har
lært seg russisk, eit språk dei også snakkar i Ukraina. Dette er viktig
når han skal levera gåvene der. Vi fekk høyra om fleire som hadde motteke hjelp
og kome seg ut av livet på søppeldynga.
Les om dette her. |