Næringsliv    -      Vik Skule og Barnehage   -      Kyrkja   -      Kvamsåsen Rundt    -      Fotball   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er 537 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare kor det også er treningsstudio!  - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.

Seinsommartango i Vikebygd 20. - 22. august 2010

Tango oppvisning på Bjordal, Annabel Guaita og Oliver SzütsVellukka arrangement med 55 deltakarar

(23.8.10   Birgitte Torbjørnsen/Steinar Sk.)

Arrangørar og deltakarar var svært nøgde med tangokurset 20.-22. august.  Dei 55 deltakarane kom frå eit stort distrikt, men berre ein frå Vikebygd utanom kommiteen.


55 personar var med på eitt eller fleire av kursa eller dansekveldane på Plassabakeriet og Bjordalstunet. Det var deltakarar frå Voss, Jondal og Kinsarvik i aust, Bergen og Øystese i nord, Haugesund i vest og Stavanger i sør og faktisk ein ferierande frå Sveits som hadde lese om hendinga i Grannar. Men at berre ein frå Vikebygd kom var komitéen noko forundra over.
 
Kirsti JohannesenHerleg mat vart servert.
Deltakarane var strålande nøgde med alle lokala, kursinnhald, instruktørane og ikkje minst den herlege maten me fekk servert, oppsummerer Birgitte då helga er over.
- Først med taco på Plassabakeriet fredagskvelden, karbonader og salatar av Rolf på laurdagen, hjortesteik som festmiddag laurdagskvelden i Bjordal og lasagne med herleg kaka på Gamlatunet sundagen.
 
Ho rettar ein stor takk til dei som stilte lokala til disposisjon og stod for den herlege maten!
 
På laurdagen arrangerte også Magne Bjordal felles tur til Trådlanibbå som pausegymnastikk for dei som ynskte.
 
Vikebygd har topp lokale for seinsommartango.
Bygdahuset eigna seg særs godt til kursa då me kunne halda parallelle kurs i Litlesalen og gymsalen samstundes. I pausane kunne deltakarane nyta brus, kaffi, te, småkaker og frukt i møterommet der biljardbordet står, kan Birgitte fortelja.
 
Dei to dansekveldane heldt på til midnatt fredagen og heilt til totida laurdagskvelden, før det var på 'an igjen dagen etter i 10-tida med nye kurs. Det heile vart runda sundagen i 17-tida.
 
Instruktørane frå Kypros storkosa seg i den svale vestlandssommaren etter å ha rømt frå den varmaste sommaren på Kypros sidan 1880 med heile 43 grader i skuggen. 

   

Oppvisning av instruktørane: Annabel Guaita og Oliver Szüts og Mustafa Elmas og Pembe Gaziler er fra Nord-Kypros
Laurdagskvelden heldt begge instruktørpara eit kvarters oppvisning i tangodans for begeistra tilskodarar.
 

55 deltakarar på Seinsommartango i Vikebygd 2010
Fellesbilde av kursdeltakarane samla på Bygdahuset i Vikebygd.
 

 

Kurs for nybyrjarar på bygdahuset i Vikebygd
 
Nybyrjarkurs i Tango på bygdahuset.

Meir informasjon om arrangementet på:  http://seinsommartango.wordpress.com/ 

....Vikebygd.org...

Siste endring 24. august 2010
LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Sigrund fekk kongens gull
Seinsommartango
Norway Cup 2010
Vikebygdfestivalen 2010
Speidarane på landsleir
Kraftverk reiser seg
Det 110. stemnet på Vikestølen
Dugnad på Vikestølen
Loppemarked
St.Hans på Bryggjebakken
Slutt for Kvamsåsen Rundt
Næringspris til Kjell E Gangstø
Kva namna fortel
100 born i Skule & Barnehage
Sagbruket på Bjordal
Nasjonaldagen 17. mai 2010
Dugnad ved kyrkja
Båthamna
Vikesprinten
Konfirmasjon
Orienteringsløp
Kraftproduksjon
Lekter i opplag
Møte i Grendautvalet
Korpskonsert og kafe
Radonalarm i barnehagen
Basar og årsmøte
Vik kraft klar for vasskraft
ÅRET 2010

Vêrvarsling:

10 dagars varsel - som pdf
VÊRVARSEL frå VIKEBYGD
VÊRVARSEL for Nordabygda
VÊRVARSEL for Trovåg, YR.no

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsds Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 

Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet2008 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

Nabobygdene:

Bjoa grendeside
Skjold grendeside
Vats grendeside
Sandeid grendeside
Vikedal grendeside
Vindafjord kommune
Spel
Bubble shooter
Quick Fire Pool

  Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org