Fullt hus på flott kyrkjekonsert i Vikebygd
230 var innom kyrkjedørene og fekk oppleve
ein konsert som sette spor etter seg.

Om lag 230 store og små frå eit vidt distrikt fekk gle seg over variert musikk og song, kome i stand som initiativ for å skaffa pengar
til oppussing av kyrkja. Høgdepunktet for mange var Bytunets Antikvariske Jazzensemble, som verkeleg fekk det til å svinga i kyrkjebenkene.
Kyrkjejazzen med røter i New Orleans er noko som får liv i folk.
Men før desse fekk sleppa til var ei rekkje lokale og dyktige artistar på scenen som var bygd opp framme i kyrkja. Ein entustiastisk
Berge Thomas Velde hadde fått med eit erfarent team som rigga lys, høgtalaranlegg og musikkutstyr. Dei måtte kopla om på noko av det
elektriske anlegget for å skaffa nok straum til alt utstyret.
Både ordførar Arne Bergsvåg, kyrkjeverje Inghart Lasse Tveit og sokneprest
Johannes Nedrelid var som stålande soler i andletet då dei kom ut av
kyrkja etter over to timar med musikk av høg kvalitet. Nå vonar soknerådet
på drahjelp vidare frå både kommunen, bygdefolk og andre for å få til eit omfattande vedlikehald på denne
kyrkja,
som av mange er kalla katedralen i kommunen. Ei murkyrkje som snart er 75 år, men plassert på ein kyrkjestad med over 800 år tradisjon.
Brit Nelly Ness Tveit gjorde ein god jobb som konferansier gjennom konserten.
I avslutninga måtte ho takka og rosa spesielt dei to som tok initiativ og har
vore komiteen som har drege lasset med å få til konserten: Rolf Alne og Berge
Thomas
Velde, som begge sit i soknerådet.
Meir bilete vil bli lagt ut seinare. Tekst og foto:
Steinar Skartland
7.11.2010 |