Lokale websider
|
|
VISIT
VIKEBYGD |
|
VINDETREET sogeskrift |
|
Alne
Villsau - Vikebygd |
|
Vikebygd
Vassverk |
|
Vikebygd
Kyrkje |
|
Vindafjord
kommune |
|
Vik skule og barnehage |
|
Bjordal
Kurs og Fritid |
|
Plassabakeriet |
|
Bente
T. Barane's Herbalife |
|
Bjoanett |
|
Info.
frå Regjering
og departementet |
|
Bygda
Vikebygd |
|
Bedriftene
i bygda |
|
Frøken
Vims |
|
Fotoalbum |
|
BYGDA
VÅR |
Lag
og foreningar
|
|
Lions
Club Vikebygd - Skjold |
|
KFUK-M Speidarane |
|
Vikebygd
Idrettslag |
|
Orienteringsgruppa |
|
Kvamsåsen
Rundt løpet |
|
Vikebygd
I.L Fotball |
Lokale
Bedrifter
|
Skartland
Trevirke
Joker
Fitness Club - Trening
Jakob
Rødde - Gamlatunet
Gangstø
Transport
Ålreit
Ålfjordsenteret
Dommersnes
& Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd
Landhandel AS
Bjordal
kurs og fritid
Kvamme
Sag
Alne
Villsau
Ølen
Trevare
Vikebygd
Vassverk
Bente
T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE
I BYGDA
Reg.
føretak i Vikebygd |
Årvisse
arrangement
|
Vikeputten
Arrangert 24. april
2010 |
Fotballturnering som samla heile 69 lag i 2010 (59 i 2009) og hundrevis
av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar
frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER
|
Vikesprinten
Sist arrangert 1.mai 2010
|
Orienteringsløp
for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
LAURDAG 1.mai-10
Les HER
Reportasje/resultat 2009: HER.
|
17.
mai festen |
Flaggheising
på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja,
kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i
slutten av dagen.
Vikebuen er på beina frå morgon til kveld.
Nasjonaldagen 2010 |
Vikestølsmøtet
4. juli 2010 |
Årleg
tradisjon frå år 1900. Enten siste
søndag i juni eller første søndag i
juli blir det arrangert stemne på
Vikestølen. Her samlast folket frå det
fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men
også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2010
Les 100 år på Vikestølen her |
Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 24. juli 2010 |
Årleg tradisjon der utstillarar kjem med
saft, bær,
brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Festivalbilete frå 2010 HER
Festivalbilete frå 2009 HER
Les meir her
|
Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 6. sept. 2009 |
Første
søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd
ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen. Her
kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.
På stølen er det matsal, konkurransar og utlodding
til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen
sept. 2009 |
Familieidrettsdag erstatta Kvamsåsen Rundt
Arrangert: 2. okt. 2010 |
Slutt for tradisjonsløpet Kvamsåsen Rundt, men ny
giv med 'familieidrettsdag'.
Les meir frå 2010 HER.
Ein familieidrettsdag erstattar frå 2010 av det tradisjonsrike løpet. Bildearkiv
2009 HER.
Kvamsen-Rekordar HER.
|
|
|
Påsken 2011
|
|
|
|
På vandring til Vikestølen 17. april
med furugreiner langs vegen.
(17.4.2011
SteinarS) Palmesøndag fekk namnet sitt fordi Jesus saman med
disiplane var på vandring frå Betania til Jerusalem for nær 2000 år sidan. Mange
andre var og komen til hovudstaden for å feira den store Jødiske høgtida. Jesus
fekk setja seg på eit esel, medan resten av fylgjet gjekk til fots. Dei
vart møtt av jublande folkeskarar som la palmegreiner på vegen og ropte
Hosianna.
Slik
var det også ein heil del som ga seg i veg til fots oppover til Vikestølen i
dag. Vi vart ikkje møtt med palmegreiner, men langs vegen var det hogd ned
mange små furutre som låg der i vegkanten. Det kunne kan hende gi oss
assosiasjonar? Utanfor Vikestølshytta var det omlag 35 som samla seg på
terrassen. Eit bord var pynta; ein kross laga av bjørketre var sett opp,
og ei
klokke
var hengt opp i eit tre. Her skulle vera Friluftsgudsteneste tillaga av
Bjoa sokneråd og med prostiprest og fengselsprest Arild Markussen som liturg.
Han tala frå teksten i Johannes' evangelium, kapittel 12 (v.1-13). Om Jesus som
vart salva med dyr nardussalve, noko som til vanleg berre var tiltenkt kongar.
Og Jesus vart denne spesielle dagen hylla som ein konge, -på veg inn i
Jerusalem. Arild forklarte oss at Hosianna, som folket ropa og song, eigentleg
betyr: "Kom og hjelp oss ut, da vel."
Når denne denne kyrkjelyden med folk frå fleire bygder hadde
fått gudsteneste og åndeleg føde, så var det sjølvsagt også tid til kaffi og mat
for magen, før vandring tilbake til våre eigne bygder og vår påskefeiring, tok
til. |
15.4.2011 - Påsken nærmar seg.
Vêret i Vikebygd kan bli slik:
Kva finn vi på ?
Fredag 15.4. kl 19:00 |
Basar på bedehuset i Vikebygd |
Bedehusstyret |
Laurdag 16.4. kl 11:00 |
Mini-konsert v/Joker butikken |
Musikkorpset |
Laurdag 16.4. kl 15:30 |
Open Laurdagsklubb for born, på bedehuset. Alle som har lyst kan
bli med, men dei under 4 må ha med ein vaksen. Ansv.: Kjersti H.
Bjerga |
På
bedehuset |
Søndag 17.4. kl 13:15 |
Friluftsgudsteneste på Vikestølen
Gå frå Vikebygd seinast kl 12:00 |
Bjoa
sokneråd |
Fredag 22.4. kl 11:00 |
Pasjonsgudsteneste i Skjold kyrkje |
Skjold |
Fredag 22.4. kl 19:30 |
Pasjonsgudsteneste i Bjoa kyrkje |
Innbjoa |
Søndag 24.4. kl 17:00 |
Høgtidsgudseneste i Vikebygd kyrkje |
|
Tur i skog og fjell i påskeveka - lokalt i
Vikebygd
6 nutar m/bok |
Vikestølen
Palmesøndag kl 13:15 |
Turorientering
Postar er klare |
Nutakassane er no lagt ut
på alle seks nutane i Vikebygd. Det var framleis ein del snø rundt
Ulserhaug, men i løpet av veka er nok også den snøfri. Nymerka både til Trollafjell, Trolla-nibbå,
Bårefjell og Ulserhaug.
Les
HER. |
Legg du turen opp skogsvegen frå Gamlatunet, over Djupava, forbi
kraftstasjon og renseverk, langs Longavatnet og opp Feinsbrekka, ja. Då
ligg Vikestølen der. Palmesøndag klokka 13:15 er her tillyst
friluftsgudsteneste. Lag ei nistepakke og bli med du og. |
Turorinteringskonvolutten får du kjøpt på Joker butikken, Vikebygd
Landhandel. 15 postar i området Dommarsnes og 25 postar i
fosselsliå-Skreå. |
|
Fine fot turar: |
|
Skogsvegen frå tidl. Årvik bedehus/skule og inn forbi Bleifossen til
Skreå. kan gå vidare på sti til Dalsbruket og Bjoa. |
Frå Bjordal og opp til Longåsdalen |
|
|
|
|