Treng fleire som kan spela:
Korpset ropar om hjelp frå bygdefolket!
(21.3.2011 SteinarS)
Vi er stolte av det vi har i Vikebygd. Og
mellom desse mange ting vi har å gle oss over, er korpset. Gjennom mange
år har ei lang rekkje unge og vaksne i saman gjort dugnad og stått på for at
bygda skal ha musikkorps. Vi kan berre rosa alle dei som har vore med og
gledd oss med flott musikk i konsertar, tenning av julegrana, på juleafta og 17.mai. Kjempebra jobba!
- Nå er det kun fire iherdige vaksne igjen i korpset, men vi har også
fire ivrige, flinke aspirantar og fem dyktige, lovande ungdomar! seier Laila Øvstedal Espeland som
er nyvald styremedlem i korpset. Full av optimisme legg ho til:
- Me håpar på endå fleire nye aspirantar til hausten og alle born frå 3. klasse og oppover vil
få invitasjon til aspirantkurs i postkassen.
- Så få vaksne og erfarne gjer at det er tungt å dra lasset
både når det gjeld stemmer på songane og det å drive dugnadar og administrering
for og halde “hjula i gang”, fortel Laila som har med seg Jorunn Tjoflot, Mona
Larsen og Sindre Skartland i styret. Dei har også hjelp av Marjann Beth
Larsen til vervekampanjen og Kjetil Skartland med rekneskapen.
Vervekampanje i gong. (Les
meir om aksjonen her)
For
at korpset i Vikebygd ikkje skal bli eit kjært minne frå svunne tider, set
styret nå i gong ein vervekampanje. Dei frir til både nye innflyttarar som
har spela før, tidlegare medlemer av korps (både unge og eldre), men også til
nye som ikkje har spela før, men har lyst til å lære.
Ta kontakt med
Marijann Belt Larsen,
mobil 90 06 58 95.
Andreas Ulveraker er fortsatt trufast dirigent, så får me opp
talet på musikantar ligg alt til rette for eit korps som vil blomstre….
- Det er ikkje snakk om å måtta koma på øving kvar einaste veke, men meir 7-8
intensive øvingar før korpset skal opptre, seier Laila.
Les også om:
Korpskonsert og korps
kafè 2010 -
Korpset med
ved kronprinsbesøk Støttemedlemer kan
sikra korpset sin økonomi.
Det er dyrt å kjøpa nye instrument. Mange er gamle og
slitne og treng til reparasjonar. Korpset har ein dyktig og profesjonell
dirigent, som det også følgjer kostnadar med. For å få inn midlar står korpset
for Vikebygdfestivalen saman med fotballgruppa.
- Nå vil me søkja kommunen og VAF om midlar, men vonar også at bygdefolk kan
teikna seg som støttemedlemar, fortel Laila. - Dersom vi kan få ein del av
dei som er glade i korpset til å teikna seg med ein medlemskontingent på kr 100
pr person og 200 kroner for familiar, så vil dette og betra økonomien til
korpset. |