Vilt i skogane
Tydeleg spor av elg i Årvik
(8.3.11) - Det er spennande med
sjeldne dyr i skogane våre, og det er godt mulig elgen fortsatt er i området
Fossel-Skreå, skriv Einar M i ein email til vikebygd.org.
Det er ikkje lenge sidan han såg fleire ferske spor i snøen og elgmøkk i lia
mellom Såto og Fossel. - Men Bjoabuen har allereie hatt nærkontakt med han
på Bjoa og foreviga elgen i Grannar for fleire veker sidan, seier han.
Les artikkelen i
Grannar. ---------------
(6.3.11) Nye spor av elg er oppdaga
i Skogane ved Årvik.
- Vi kom over ein stor haug elgmøkk på austsida av vegen langs Dalselva,
Fortel Ola og Aud Hasseløy. Dei oppdaga denne ca 2,5 km frå Bakkafossen,
der det står ei grøn barakke på andre sida av vegen, då dei var på tur søndag 6.
mars.
Les meir om elg og elgspor
HER.
Tidleg i februar meldte Einar Martinsen om at han hadde motteke melding om
tydelige elgspor både i Skreå og ved Vikestølen frå fleire uavhengige og
pålitelige kjelder. Einar Martinsen trur dette mest sannsynlig dreier seg om eit
streifdyr. Det hender ein og annan gongen at slike streifdyr tek turen frå
vidda og ned til nordre del av Vikebygd.
Vi oppfordra også andre som ser slike teikn på uvanlege dyr i våre skogar om å
senda tips til vikebygd.org. Gjerne med bilete som dokumenterer funnet. Send tips eller
bilete av observasjonar til: tips@vikebygd.org
|