Bedehuset
Fullt hus på årsmøte og basar
(26.3.2010
Steinar S) Fredagskveld, rett før Palmesundag, har
det vorte ein tradisjon at bedehusstyret innbyr til basar og årsmøte.
Mellom 50 og 60 møtte fram og benka seg
rundt borda i salen. Her var folk
i alle aldrar. Bjarne og Georg spela gitar og trekkspel saman til songane.
Kjersti
Bjerga hadde andakt. Ho ville ha ein andakt om Jesus. For
når det nå snart er påske, så er det han det handlar om i kyrkjer og bedehus.
Den eldste kristne høgtida, som og har røter langt tilbake i jødisk tradisjon og
historie. Ho las frå Bergpreika i Bibelen. Den som Jesus hadde før sin siste
påske. "Sæle er dei som..."
Det var seld godt med lodd. Rekord! kunne leiar i styret,
Jens Tveit, slå fast då dei talde opp omlag 17900 kroner i loddpengar.
Britt Nelly, som og er soknerådsleiar, kunne med ettertanke slå fast at det er
enorm gjevarglede i Vikebygd.
- Nå har nett speidaren hatt basar og fått inn omlag 17.000,-. Så kom
bøsseaksjonen med konfirmantane til inntekt for Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.
Og så er det basaren her. Over 40.000 er dermed samla inn i bygda på tre
veker, kommenterte ho.
I tillegg kom alle gevinstane som folk og bedrifter har gitt til basarane.
I årsmøtet var det val på nytt styremedlem etter Torbjørg Skogen
som nå går ut etter 6 år i styret. Anna Marie Bjørnevik er nytt fast
medlem og Astrid Årvik nytt varamedlem. I tillegg består styret av
Jens Tveit (leiar), Berit Skartland (kasserar), Anders Sørhus og Sigrun Alne.
Revisorar er Bjarne Lunde og Arne Tveit. Dei hadde godkjent ein rekneskap
som, trass i store investeringar i hus og utstyr, synte overskott. Jens
takka alle som har støtta opp med dugnad og gåver til oppussing av huset, som
har fått nye, isolerte vindauger, ny kledning mot vegen og isolasjon. Tidlegare
er taket skifta og isolert. Alt dette merkar ein på temperaturen inne. Nå
planlegg styret innkjøp av varmepumpe og videokanon i samarbeid.
|