Næringsliv    -      Skulen   -      Kyrkja   -      Kvamsåsen Rundt    -      Fotball   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er 537 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare. - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.
Årlege arrangement
Vikeputten  
Arrangert 24. april 20
10
Fotballturnering som samla i 2010 heile 69 lag (59 i 2009) og hundrevis av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER
Vikesprinten  
Sist arrangert 1. mai 2009
ORIENTERINGSLØP
FREDAG 1. mai-09  Les HER
Fotoalbum frå
Vikesprinten 2009: HER
17. mai festen
Flaggheising på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja, kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i slutten av dagen.  Nasjonaldagen 2009
Bilder frå 17.mai 2008.  
Vikestølsmøtet
Sist arrangert 28.6.2009
Årleg tradisjon frå år 1900. Enten siste søndag i juni eller første søndag i juli blir det arrangert stemne på Vikestølen.  Her samlast folket frå det fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, Ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2009
Les heftet om Vikestølen her. 
Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 18. juli 2009
Fest og fiskekonkurranse .
Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
 
Festivalbilete frå 2009 ser du HER 
Resultatlista frå 2009 ser du HER
Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 6. sept. 2009
Første søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen.  Her kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.  På stølen er det matsal, konkurransar og utlodning til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen september 2009
Kvamsåsen Rundt
sist arrangert: 7. nov. 2009
Fast tradisjon:  1. søndag i nov.
Vestlandet sitt hardaste løp i terreng og på veg. 11 km løype, men også løyper for born og familiar:  Halvkvamsen og mini-Kvamsen. 

frå 2009 HER.
frå 2008 HER.
frå 2007 og 2006 HER.

Lokale websider

Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
KFUK-M Speidarane
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Vikebygd
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Info. frå Regjering
og departementert
Fotoalbum frå Vikebygd
Bjoanett
Bente T. Barane's Herbalife
Bedrifter i Vikebygd
Jakob Rødde - Gamlatunet 
Gangstø Transport 
Ålreit Ålfjordsenteret 
Dommersnes & Larsen  
Plassabakeriet 
Vikebygd Landhandel AS  
Bjordal kurs og fritid 
Kvamme Sag 
Ølen Trevare 
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. foretak  i Vikebygd
Vikebygd nytt:

Skuleruta 2010-11.      Vêrvarsling    Krusidullar frå Frøken Vims.  


Inneklima i barnehagen
Alarmerande radonverdiar i Vikebygd barnehage
(29.3.2010 Steinar S)  Det har lenge vore kjent at Vindafjord er ein kommune der Radongass kjem opp frå grunnen og utgjer eit problem i mange bygg. Etter at ein m.a. i Skjold måtte inn med ekstra tiltak for å tryggja barnehagen ba utval for Oppvekst og Omsorg om at nye målingar vart gjorde i alle barnehagane. Nå syner målingar at gjennomsnittsnivået på radon både i Vikebygd og Bjoa barnehagar ligg langt over tiltaksgrensa. I Vikebygd er det målt gj.snitts verdiar opp til 498 Bq/m³. Tiltaksgrense er 100 Bq/m³ og maksgrense 200.  (1000 Bq/m³ tilsvarar risikoen for lungekreft som ein som røyker dagleg).  Når ventilasjonsanlegget er på reduserer dette verdiane til akseptabelt nivå, og inntil vidare er det føreslege at dette startar opp 3 timar før barnehagen opnar.  

Kommunen vil også setja inn vifter som skaper undertrykk under bygget og tek gassen bort før den får koma inn i rom der borna skal opphalda seg. Barnehagen har alt frå bygget vart sett opp fått montert røyr under bygget som er klargjort for slike vifter.
Les meir om dette i Grannar sin reportasje.
 
Eit naturleg spørsmål er sjølvsagt: Korleis står det til i dei private husa i bygda? Bur mange familiar i hus med radongass utan å vita om det?
 
Les HER rapporten om Radonmålingar i Vikebygd.
Les HER kva Radongass er og korleis den oppstår og vert målt.
Les svar på ofte stilte spørsmål om Radon HER.


Fleire reportasjar frå 2010 ser du her.  

 
 

.......Vikebygd.org......

Siste endring 26. mars 2010
------------------------------------
LES / SKRIV i GJESTEBOKA
vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Radonalarm i barnehagen
Basar og årsmøte
Vik kraft klar for vasskraft
Speidarbasar i kjend stil
Torvonn i gamald tid
Protestar mot lakseoppdrett
Kulturettermiddag
Utfart til Olalia
Årsmøte i speidargruppa
Årsmøte i O-gruppa
40-års jubileum V.I.L
Takk til Mari for 19 år
Skøyteorientering
ÅRET 2009
Nyttårsfeiring
Kvit jul i Vikebygd
Julegudstenesta
Vik skule teikna jula
Julefest ved Vik Skule
Tenning av julegrana 4.12.09
Julemesse med fullt hus
BYGDAMØTE 11.11.2009
Kvamsåsen Rundt 2009
Innsamling til Ukraina
Hausttakkefest i kyrkja
Ny CD frå Tom Roger Aadland
Basar på bedehuset
Kosedag på gamleskulen
Stortings- og soknerådsvala
Den 20. vikestølsmarsjen
Kronprinsparet til Vindafjord
Ope møte om kom.planen
 

Vêrvarsling:

10 dagars varsel - som pdf
VÊRVARSEL frå VIKEBYGD
VÊRVARSEL for Nordabygda
VÊRVARSEL for Trovåg, YR.no

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsds Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 

Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet 2008 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

Nabobygdene:

Bjoa grendeside
Skjold grendeside
Vats grendeside
Sandeid grendeside
Vikedal grendeside
Vindafjord kommune
Spel
Bubble shooter
Quick Fire Pool

 


kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller forening så ta kontakt med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
  


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. bsp;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org