Konsert
Konsert med tre korps av høg kvalitet
(11.4.10)
Kjetil Skartland kunne ynskja mange små og store
velkom-men til konsert på bygdahuset. Dei
kalla det minikon-sert, men det var ein stor konsert med mange dyktige
musikkarar som folket fekk lyda på.
Skjold skulekorps saman med Vike-bygd Skule- og ungdomskorps
gjekk i saman om å arrangere søndags-kafé med konsert på Bygdahuset i Vikebygd,
søndag 11. april kl. 15:00.
I tillegg til desse to røynde korpsa så hadde dei fått med seg Karmsund Brass.som
tok dette som ei øving på musikkstykka dei skal framføra i Skien på korps
festivalen: Grenland
Brass. Dei framførte mange ulike nummer, m.a. fleire frå Frelsesarmeen
sitt reportoar, som spenner over omlag 7000 låtar.
Totalt
var det 85 musikarar som spela opp med variert korpsmusikk av høg kvalitet for
omtrent like mange gjester. Innimellom musikken fekk ein høve til å kosa
seg rundt borda med gode kaker og kaffi, men og litt spenning med årasal og
utlodding.
Korpsa
frå Skjold og Vikebygd spela og fleire stykke saman, og vi merka oss at det var
musikkantar som gjekk igjen både i desse korpsa og i Karmsund Brass.
Sjå fleire bilder
HER. |