Næringsliv    -      Vik Skule og Barnehage   -      Kyrkja   -      Kvamsåsen Rundt    -      Fotball   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er 537 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare kor det også er treningsstudio!  - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.
Årvisse arrangement
Vikeputten  
Arrangert 24. april 20
10

Fotballturnering som samla i 2010 heile 69 lag (59 i 2009) og hundrevis av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER
Vikesprinten  
Sist arrangert 1. mai 20
10
Orienteringsløp for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
LAURDAG 1. mai-10  Les HER
Reportasje/resultat 2009: HER.
17. mai festen
Flaggheising på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja, kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i slutten av dagen. Vikebuen er på beina frå morgon til kveld. 
Nasjonaldagen 2010
Nasjonaldagen 2009
Bilete frå 17.mai 2008.
Vikestølsmøtet
Sist arrangert 28.6.2009
Årleg tradisjon frå år 1900. Enten siste søndag i juni eller første søndag i juli blir det arrangert stemne på Vikestølen.  Her samlast folket frå det fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2009
Les heftet om Vikestølen her.
 
Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 24. juli 2010

Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Festivalbilete frå 2010 HER 
Festivalbilete frå 2009 HER 
Les meir her

Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 6. sept. 2009
Første søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen.  Her kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.  På stølen er det matsal, konkurransar og utlodding til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen sept. 2009
Kvamsåsen Rundt
sist arrangert: 7. nov. 2009
Fast tradisjon:  1. søndag i nov.
Vestlandet sitt hardaste løp i terreng og på veg. 11 km løype, men også løyper for born og familiar:  Halvkvamsen og mini-Kvamsen. 

Bilete og resultat frå 2008 HER.
Bildearkiv 2009 HER.  
TIDLEGARE Løp/Rekordar HER.
Lokale websider
VISIT VIKEBYGD
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
  BYGDA VÅR
Lag og foreiningar
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Vik Skule og Barnehage

Prisutdeling frå Vindafjord kommune
Næringsprisen til
Kjell Erik Gangstø
(15.6.10 Steinar)   Etter kommunestyremøtet tysdag 15. juni inviterte ordføraren kommunestyremedlemar med følge til eit samvær i den nye Skjold Arena. Her var også invitert dei som kommunen har tildelt ulike prisar. mellom dei var Kjell Erik Gangstø frå Vikebygd. 

Utval for drift, utvikling og kultur, som hadde tildelt næringsprisen for 2009 til Gangstø
Transport AS ved Kjell Gangstø, ga denne grunngjevinga for tildeling:
Kjell Gangstø er ein gründer som i mange år har jobba målbevisst med å byggja opp ei verksemd frå grunnen. I dag er Gangstø Transport eit aktivt transport og gjenvinningsfirma med mange tilsette. Firmaet er ein god representant for initiativtakarar som me treng i Vindafjord kommune.  Kjell Erik kunne fortelja at han nå har 9 tilsette ved fabrikken sin på Dommersnes.  Eit fargerikt fellesskap av mange nasjonalitetar. Prisen var ein akvarell av den kjende kunstnaren Gerhard Meling, saman med diplom og blomar.

Omsorgsprisen vart tildelt Lambrigt Landa frå Øvre Vats.  Etter at han pensjonerte seg frå butikken sin heldt han fram med å ta imot bestilling på varer frå eit 20-tals eldre i bygda. Han gjekk då på butikken og handla for dei, og køyrde varene heim til dei, noko han ennå gjer for ein del.  Prisen var eit måleri av Gerhard Meling.

Elles var det kulturpris, kulturstipend, Kjerringpris mm.
Les meir om prisutdelinga i Grannar.

Les meir Her. 

Fleire reportasjar frå 2010 ser du her.

....Vikebygd.org...

Siste endring 15. juni 2010
LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Loppemarked
St.Hans på Bryggjebakken
Slutt for Kvamsåsen Rundt
Næringspris til Kjell E Gangstø
Kva namna fortel
100 born ved Vik Skule & Barnehage
Sagbruket på Bjordal
Nasjonaldagen 17. mai 2010
Dugnad ved kyrkja
Båthamna
Vikesprinten
Konfirmasjon
Orienteringsløp
Kraftproduksjon
Lekter i opplag
Møte i Grendautvalet
Korpskonsert og kafe
Radonalarm i barnehagen
Basar og årsmøte
Vik kraft klar for vasskraft
Speidarbasar i kjend stil
Protestar mot lakseoppdrett
Torvonn i gamal tid
Protestar mot lakseoppdrett
Kulturettermiddag
Utfart til Olalia
Årsmøte i speidargruppa
Årsmøte i O-gruppa
40-års jubileum V.I.L
Takk til Mari for 19 år
Skøyteorientering
ÅRET 2010

Vêrvarsling:

10 dagars varsel - som pdf
VÊRVARSEL frå VIKEBYGD
VÊRVARSEL for Nordabygda
VÊRVARSEL for Trovåg, YR.no

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsds Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 

Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet2008 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

Nabobygdene:

Bjoa grendeside
Skjold grendeside
Vats grendeside
Sandeid grendeside
Vikedal grendeside
Vindafjord kommune
Spel
Bubble shooter
Quick Fire Pool

   Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org