Næringsliv    -      Vik Skule og Barnehage   -      Kyrkja   -      Kvamsåsen Rundt    -      Fotball   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er 537 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare kor det også er treningsstudio!  - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.
Årvisse arrangement
Vikeputten  
Arrangert 24. april 20
10

Fotballturnering som samla i 2010 heile 69 lag (59 i 2009) og hundrevis av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER
Vikesprinten  
Sist arrangert 1. mai 20
10
Orienteringsløp for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
LAURDAG 1. mai-10  Les HER
Reportasje/resultat 2009: HER.
17. mai festen
Flaggheising på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja, kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i slutten av dagen. Vikebuen er på beina frå morgon til kveld. 
Nasjonaldagen 2010
Nasjonaldagen 2009
Bilete frå 17.mai 2008.
Vikestølsmøtet
Sist arrangert 28.6.2009
Årleg tradisjon frå år 1900. Enten siste søndag i juni eller første søndag i juli blir det arrangert stemne på Vikestølen.  Her samlast folket frå det fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2009
Les heftet om Vikestølen her.
 
Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 18. juli 2009
Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
 
Festivalbilete frå 2009 HER 
Resultatlista frå 2009 HER
Fotoalbum på internett 
Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 6. sept. 2009
Første søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen.  Her kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.  På stølen er det matsal, konkurransar og utlodding til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen sept. 2009
Kvamsåsen Rundt
sist arrangert: 7. nov. 2009
Fast tradisjon:  1. søndag i nov.
Vestlandet sitt hardaste løp i terreng og på veg. 11 km løype, men også løyper for born og familiar:  Halvkvamsen og mini-Kvamsen. 

Bilete og resultat frå 2008 HER.
Bildearkiv 2009 HER.  
TIDLEGARE Løp/Rekordar HER.
Lokale websider
VISIT VIKEBYGD
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
  BYGDA VÅR
Lag og foreiningar
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Nasjonaldagen 17. mai 2010 i Vikebygd

Feiring i Vikebygd
Folkefest med musikalske perler  
Astrid Mortveit(17.5.2010 Steinar)   Ein må bøya seg i støvet for dei mange dyktige musikarar, songarar og humoristar som bygda Vikebygd er velsigna Sissel Tunestveit, festleiar.med.  Folkefesten på nasjonaldagen plar vera bra arrangert til vanleg.  I år overgjekk bygdefolket seg sjølv.  Den eine dyktige ungdomen etter den andre entra scenen, framførte song og musikk som fekk den mest fullsette salen til å bryta ut i Vegard Skartland, solist med ei stor og kjenslevar songrøyststormapplaus. Den framifrå gode programleiaren, Sissel Tunestveit, delte rundhanda ut sjokolade til dei som hadde innslag på scenen.  Astrid Mortveit, Vegard Skartland og Sunneva Tveit er tre unge som imponerer med fantastiske stemmer og kjenslefull tolking av tonar og songtekstar. Fire ungdomar stilte opp med danseinnslag.

Andreas Ulveraker dirigerer korpsetMusikkorpset var som vanleg med.  Ein kombinasjon av unge talent og erfarne musikarar under leiing Dansegruppaav dirigenten Andreas Ulveraker.  Han under-streka at korpset var lei av marsjar etter ein lang nasjonaldag med tog, og nå ville korpset visa litt av breidda i det dei til vanleg øver på.  Underhaldningsmusikk, jazz og hymnar er mellom eit breitt repertoar. Vi fekk m.fl. høyra "Five o'clock in the afternoon", og "Quatermix".  I sistnemnde skulle dei sjølvsagt hatt med Einar Marius på trombone, men hadde gløymt at han var russ og oppteken med andre ablegøyer enn bygdafest og korps denne dagen. Dei greidde seg lOmlag 160 sat benka rundt bord i salenikevel godt gjennom repertoaret, noko publikum sin applaus var eit godt teikn på.

Men du hendelsesløysa, der kom det opp fem staute karar som hadde sans for musikk og evne til å laga den sjølv også.  Frontfiguren og vokalisten, Jone Bjerga, levde seg inn i den eine Jone Bjerga, vokalist og bonde på Skartlandsjølvskrevne teksten etter den andre, og av og til fekk han tid til å bruka gitaren også.  Med seg hadde han Helge Veastad på elgitar (bonde og musikar gjennom mange år), Ole Petter Bjerga (bassgitar), Per Øyvind Birkeland (trommer) og Arne Tveit (som glatt skiftar kyrkjeorgelet ut med elpiano og keyboard). Eit knippe musikarar av høg kvalitet som veit å få føtene i salen til å trampa takten (noko ein godt kjende i golvplankane).  Dei gamle tok ut høyreapparatet mens dei unge under sytti jubla.
 Du Hendelsesløysa - kor dei kan spela

Festtalar med erfaringar frå heile verda
Rune Birkeland - fest talar og sjømannsprest Ein nasjonalfest har sjølvsagt festtalar som fast innslag.  Rune Birkeland, tidlegare lærar og skulestyrar i Vikebygd, har i gjennom dei siste 25 åra vore sjømannsprest, både i Nordsjøen, på Gran Canaria, og nå som norsk prest for Kina, Japan og Austen.  Han fortalde utan korkje manuskript eller talarstol frå reisene sine og opplevingar rundt om i verda, m.a. i Aserbajdsjan, der han har vore mykje.  Rune ga oss ei grundig historielekse om Napoleon, svenskekongen og Danmark.  Korleis Noreg fekk si grunnlov, endå vi var i union med Sverige.  "-Det er viktig å ha ei ytre, skriven lov, men dersom ein har ei anna lov i hjarta enn på papiret, vert resultatet ofte urettferd og forfylging.  Han minna også om Nelson Mandela, som trass i å vera i fengsel, fekk oppleva at to av fangevaktarane hadde ei betre lov i hjarta sitt enn den dei var pålagde å etterleva i tenesta. Dei nytta denne til å gjera godt og vart heidra for dette då Mandela seinare vart vald til president.Blomar og gode ord for arbeidet med Vikebygd si heimeside
"-Ta vare på den flotte kristen-humanistiske kulturen vi har fått i arv," var hans oppfordring i avslutninga av ein tale der både born og vaksne sat musestille og lydde. 

Så må underteikna audmjuk få takka for blomar og gode ord under avslutninga av arrangementet. 

Bilete frå folkefesten ser du HER

Bilete frå dagen kan sjåast HER

 

Feiring i Vikebygd
17. mai fest, slik ein plar gjera det i Vikebygd  
(17.5.2010 Steinar)   Det vart ein flott dag i Vikebygd.  Frå Roald Årvik & Co heiste flagget på Trodlanibba, og vidare med flaggheising i parken ved speidarane og korpset; gudsteneste i kyrkja med over 160 deltakarar; folketog med flaggborg, korpsmusikk, skuleborn og barnehage russ og blide fjes.  Så heldt det fram med leiker og kafé for store og små på bygdahuset før dagen førebels slutta av i tre-tida med utdeling av premiar og ros til det fantasiske korpset vårt.  Gunn Vikingstad oppfordra alle som kunne, eller hadde kunna, spela eit korpsinstrument om å melda seg.  Dei treng fleire og til fornying, sa ho, sjølv om vi ikkje ville ha vore utan nokon av dei.  Flott jobba!! og takk til stor og små som har vore med gjennom dagen på deltaking og dugnad.

Så går det mot kveld og folkefest på bygdahuset klokka 19:00.  Tradisjonen tru i Vikebygd, og med Rune Birkeland som talar.

Bilete frå dagen kan sjåast HER

 

17. mai programmet
Tradisjonelt program for dagen:

05:30 Avgang til Trodlanibba frå bedehuset
07:00 Flaggheising på Trodlanibba
09:45 Flaggheising i parken v/speidarane
10:00 Gudsteneste v/ Johannes Nedrelid
10:45 Kransepålegging v/Gunnar Birkeland
11:00 Folketog til Bygdahuset
11:30 Kafé og kiosk opnar
12:00 Skytebanen opnar (til 14:00)
12:30 Leikar for born, ungdom og vaksne
14:30 Avslutningsprogram
19:00 Folkefest på Bygdahuset


 Naustvika
Naustvika 

Mai bilete frå Vikebygd
Kaien i Vikevik
Naust ved kaien i Vikevik 

 

Dugnadsbygda Vikebygd
Kyrkjegarden og parken fekk finpussen før 17. mai

(11.5.2010  Steinar)  Tysdagskvelden samlast ein flott gjeng ved kyrkja for å for la uteområda der få vårpussen.  Singelgangane vart reinska for ugras og mose.  Liknande overhaling fekk blomebedet før Brit Nelly Ness Tveit planta nye fine blomar.

Fleire andre møtte og opp med hagerei-skapane sine, 12-14 var det vist på det meste.  Litt utrygge på veret var dei nok då det heile dagen var skikkeleg vadlasletta.  Sludd, regn, hagl og vind.  Men like før dugnaden tok til klokka 18:00 så forsvann skyene og sola skein.  Slik var det heilt til det var tid for kaffi og kaker.  Då fløymde det ner igjen, så dugnadsmåltidet måtte ein ta inne i våpenhuset.  Kombinert med latter og prat om laust og fast både frå nåtida og med minner frå smågutane som lurte seg til å sjå på slaktinga av sauer for snart eit halvt århundre sidan. 

Mykje har endra seg si den tid, men dugnadsånda vert halden ved like i Vikebygd den dag i dag.

Klikk her for stort bilde av Arne og Rolf som gartnarar
Arne Tveit og Rolf Alne i ferd med
å beskjera gamle tre i parken.
Klikk her for stort bilde av Kolbein og Geir i aksjon med fliskuttaren
Kolbein Sund og Geir Vårvik gjorde dei siste restane av det nedbrekte treet om til flis før Dag Nagel-Alne og underteikna fekk lødd opp igjen noko av muren som var rasa ned.  Sjølve treet har fleire delt på å fjerna, og skal nok varma eit par heimar til vinteren. 

 

Fleire reportasjar frå 2010 ser du her.

....Vikebygd.org...

Siste endring 19. mai 2010
LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Loppemarked
St.Hans på Bryggjebakken
Slutt for Kvamsåsen Rundt
Næringspris til Kjell E Gangstø
Kva namna fortel
100 born ved Vik Skule & Barnehage
Sagbruket på Bjordal
Nasjonaldagen 17. mai 2010
Dugnad ved kyrkja
Båthamna
Vikesprinten
Konfirmasjon
Orienteringsløp
Kraftproduksjon
Lekter i opplag
Møte i Grendautvalet
Korpskonsert og kafe
Radonalarm i barnehagen
Basar og årsmøte
Vik kraft klar for vasskraft
Speidarbasar i kjend stil
Protestar mot lakseoppdrett
Torvonn i gamal tid
Protestar mot lakseoppdrett
Kulturettermiddag
Utfart til Olalia
Årsmøte i speidargruppa
Årsmøte i O-gruppa
40-års jubileum V.I.L
Takk til Mari for 19 år
Skøyteorientering
ÅRET 2010

Vêrvarsling:

10 dagars varsel - som pdf
VÊRVARSEL frå VIKEBYGD
VÊRVARSEL for Nordabygda
VÊRVARSEL for Trovåg, YR.no

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsds Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 

Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet2008 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

Nabobygdene:

Bjoa grendeside
Skjold grendeside
Vats grendeside
Sandeid grendeside
Vikedal grendeside
Vindafjord kommune
Spel
Bubble shooter
Quick Fire Pool

   Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org