Dugnadsbygda Vikebygd
Kyrkjegarden og parken fekk finpussen før 17. mai
(11.5.2010 Steinar)
Tysdagskvelden samlast ein flott gjeng ved kyrkja for å for la uteområda der få vårpussen. Singelgangane vart reinska for ugras og mose. Liknande overhaling fekk blomebedet før Brit Nelly Ness Tveit planta nye fine blomar.
Fleire andre møtte og opp med hagerei-skapane sine, 12-14 var det vist på det meste. Litt utrygge på veret var dei nok då det heile dagen var skikkeleg vadlasletta. Sludd, regn, hagl og vind. Men like før dugnaden tok til klokka 18:00 så forsvann skyene og sola skein. Slik var det heilt til det var tid for kaffi og kaker. Då fløymde det ner igjen, så
dugnadsmåltidet måtte ein ta inne i våpenhuset. Kombinert med latter og prat om laust og fast både frå nåtida og med minner frå smågutane som lurte seg til å sjå på slaktinga av sauer for snart eit halvt århundre sidan.
Mykje har endra seg si den tid, men dugnadsånda vert halden ved like i Vikebygd den dag i dag. |
Arne Tveit og Rolf Alne i ferd med
å beskjera gamle tre i parken.
Kolbein Sund og Geir Vårvik gjorde dei siste restane av det nedbrekte treet om til flis før Dag Nagel-Alne og underteikna fekk lødd opp igjen noko av muren som var rasa ned. Sjølve treet har fleire delt på å fjerna, og skal nok varma eit par heimar til vinteren. |
17. mai programmet 2010
Tradisjonelt program for dagen:
05:30 Avgang til Trodlanibba frå bedehuset
07:00 Flaggheising på Trodlanibba
09:45 Flaggheising i parken v/speidarane
10:00 Gudsteneste v/ Johannes Nedrelid
10:45 Kransepålegging v/Gunnar Birkeland
11:00 Folketog til Bygdahuset
11:30 Kafé og kiosk opnar
12:00 Skytebanen opnar (til 14:00)
12:30 Leikar for born, ungdom og vaksne
14:30 Avslutningsprogram
19:00 Folkefest på Bygdahuset
|
Mai bilete frå Vikebygd
Naust ved kaien i Vikevik
Naustvika |