Vikestølen
Mange ville til Vikestølen på friluftsmøte
(4.7.2010 SS)
Det tradisjonsrike stemnet på Vikestølen samla 60 deltakarar
søndag 4. juli. Sola vermde så godt at det første møtet vart ute. Likevel
auka vinden så på at ettermiddagsmøtet vart flytta innandørs med litt færre
deltakarar enn første møtet. Teksten for dagen var frå Matteus ev. om
Jesus som spurde: Kven seier folk at eg er? Peter sitt svar kom utan tvil:
Du er Messias, den levande Guds son. Og han fekk tilbakemeldinga frå Jesus: "Du
er Peter, på denne klippe vil eg byggja mi kyrkja." Fokuset for dagen var på at
den som byggjer livet sitt på denne vedkjenninga har gjort det rette valet for
livet sitt og skal få
reknast
med i Guds kyrkja, med eit fundament som held. Gud
treng medarbeidarar som har teke i mot han i hjarta sitt.
Møtet er eit fellesarrangement for bygdene
Vats, Skjold, Vikebygd, Bjoa og Ølen/Ølensvåg, men her var også deltakarar frå
Haugesund og andre bygder rundt om kring.
Dei aller fleste gjekk til fots opp til stølen, men for veteranarane var det
godt med ein bil som kunne frakta dei opp dei bratte bakkane.
Og
veteranar var her mange av. Den eldste var nok Magnus Sørhus, som med sine
97 år har vore fleire turar til stølen enn andre. Han var i godt selskap med
m.a. Karl Granberg, Sven Årvik, Endre Heggen og Gudmund Skartland. Men her
var også mange som var mykje yngre og som gjev tru på Vikestølsmøter i mange år
frametter. Sjølv gjekk eg vegen opp frå Vikebygd og måtte ta godt i for å
nå igjen to kvinner føre meg på vegen. Eg såg det var vante turgåarar, men
vart overraska då den eldste fortalde ho var over 80 år. Ja, då er
oppfordringa til alle andre i bygda. Kom deg til fjells. Då held du
deg sprek og lever lenge. Og skulle du vera allergisk mot pollen, så kan du
kanskje heller kasta deg med på Sommartango i august, eller ein trimsykkel hos
Rolfen? |