Næringsliv    -      Skulen   -      Kyrkja   -      Kvamsåsen Rundt    -      Fotball   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er 537 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare. - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.
Årlege arrangement
Vikeputten  
Arrangert 24. april 20
10

Fotballturnering som samla i 2010 heile 69 lag (59 i 2009) og hundrevis av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER
Vikesprinten  
Sist arrangert 1. mai 2009
ORIENTERINGSLØP
FREDAG 1. mai-09  Les HER
Fotoalbum frå
Vikesprinten 2009: HER
NESTE: 1.mai 2010
17. mai festen
Flaggheising på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja, kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i slutten av dagen.  Nasjonaldagen 2009
Bilder frå 17.mai 2008.  
Vikestølsmøtet
Sist arrangert 28.6.2009
Årleg tradisjon frå år 1900. Enten siste søndag i juni eller første søndag i juli blir det arrangert stemne på Vikestølen.  Her samlast folket frå det fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, Ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2009
Les heftet om Vikestølen her. 
Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 18. juli 2009
Fest og fiskekonkurranse .
Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
 
Festivalbilete frå 2009 ser du HER 
Resultatlista frå 2009 ser du HER
Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 6. sept. 2009
Første søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen.  Her kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.  På stølen er det matsal, konkurransar og utlodning til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen september 2009
Kvamsåsen Rundt
sist arrangert: 7. nov. 2009
Fast tradisjon:  1. søndag i nov.
Vestlandet sitt hardaste løp i terreng og på veg. 11 km løype, men også løyper for born og familiar:  Halvkvamsen og mini-Kvamsen. 

frå 2009 HER.
frå 2008 HER.
frå 2007 og 2006 HER.

Lokale websider

Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
KFUK-M Speidarane
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Vikebygd
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Info. frå Regjering
og departementert
Fotoalbum frå Vikebygd
Bjoanett
Bente T. Barane's Herbalife
Bedrifter i Vikebygd
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet 
Gangstø Transport 
Ålreit Ålfjordsenteret 
Dommersnes & Larsen  
Plassabakeriet 
Vikebygd Landhandel AS  
Bjordal kurs og fritid 
Kvamme Sag 
Ølen Trevare 
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. foretak  i Vikebygd
Vikebygd nytt:

Skuleruta 2010-11.      Vêrvarsling    Krusidullar frå Frøken Vims.  


Grendautvalet
Rådmann møtte grendautval og lokalpolitikarar
(12.4.10)  Leiar i Grendautvalet, Rune Hetland, poengterte at her i Vikebygd har vi fokus på det positive.  Vi vil ikkje nytta møta i grendautvalet til å fokusera på negative forhold med berre å kjempa mot nedleggingar, men fokusera på kva vi kan få til her i bygda.  Gjennom denne fokus skaper ein tru på framtida og folk får lyst til å slå seg ned her.  Rådmann Birkeland rosa bygdene i Vindafjord for å ta initiativ og få i gong ting sjølve.  dette er unikt med bygdene her.

Likevel fekk rådmannen fleire spørsmål om den saka som har engasjert mange i det siste: Fiskeoppdrett ved Buholmen. Reidar Bjordal la vekt på at dette er eit relativt lite oppdrettsanlegg samanlikna med mange andre.  Rådmann Kristian Birkeland viste til at konsesjonen var gjeven frå statleg hald.  Han såg ingen grunn til å driva klappjakt på lovleg verksemd, men det er viktig å sikra at krav til etableringa vert fylgde. 

Grendautvalet var særleg interessert i kva ein kan gjera for å få industri til Dommarsnes.  Betre veg og marknadsføring frå kommunen si side er viktig, men vi har ei utfordring, peika Birkeland på. Det er ikkje vatn nok til industri på Dommarsnes.  Her må det arbeidast fram gode løysingar.  Kjem næring som krev ein del vatn så vil ikkje reinsa drikkevatn vera det rette, og kapasiteten gjennom røyrleidningane er for liten slik det er i dag.  Grendautval og rådmann var samde om at har måtte det la seg gjera å arbeida fram gode løysingar og ikkje la dette hindra etableringar.  På Dommersnes er allereie 30 arbeidsplassar, poengterte Rune Hetland. Industrifeltet har ikkje dei store etableringane, men mange levedyktige små verksemder. Dette gir kan hende også minst konfliktar med hytter og fast busetnad.

Vikebygd skiljer seg ut frå andre bygder med at ein har eit samla sentrum.  Men bygda manglar byggjeklare tomter.  Difor har det vore fleire som har vendt ryggen til bygda og busett seg andre stader.  Rådmann og Grendautval var samde om at dette var eit prioritert område for at bygda ikkje skal oppleva stagnasjon.  Utfordringa er å selja fleire tomter slik at ein kan starta opparbeiding av regulert areal i sentrum av bygda.  Arealplanen syner område som er sett av til nye bustader, men med ein søkjar på tomt er det ikkje nok til å starta arbeidet.  Marknadsføring må til frå kommunen si side for å få fleire interesserte kjøparar.  Rådmannen skal i tida frametter vitja alle Grendautvala og ville også kalla alle saman til fellesmøte med idemyldring. Det er klart tru på framtida både i Vikebygd og dei andre bygdene.

 
 

.......Vikebygd.org......

Siste endring 13. april 2010
------------------------------------
LES / SKRIV i GJESTEBOKA
vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Møte i Grendautvalet
Korpskonsert og kafe
Radonalarm i barnehagen
Basar og årsmøte
Vik kraft klar for vasskraft
Speidarbasar i kjend stil
Protestar mot lakseoppdrett
Torvonn i gamal tid
Protestar mot lakseoppdrett
Kulturettermiddag
Utfart til Olalia
Årsmøte i speidargruppa
Årsmøte i O-gruppa
40-års jubileum V.I.L
Takk til Mari for 19 år
Skøyteorientering
ÅRET 2009
Nyttårsfeiring
Kvit jul i Vikebygd
Julegudstenesta
Vik skule teikna jula
Julefest ved Vik Skule
Tenning av julegrana 4.12.09
Julemesse med fullt hus
BYGDAMØTE 11.11.2009
Kvamsåsen Rundt 2009
Innsamling til Ukraina
Hausttakkefest i kyrkja
Ny CD frå Tom Roger Aadland
Basar på bedehuset
Kosedag på gamleskulen
Stortings- og soknerådsvala
Den 20. vikestølsmarsjen
Kronprinsparet til Vindafjord
Ope møte om kom.planen
 

Vêrvarsling:

10 dagars varsel - som pdf
VÊRVARSEL frå VIKEBYGD
VÊRVARSEL for Nordabygda
VÊRVARSEL for Trovåg, YR.no

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsds Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 

Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet 2008 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

Nabobygdene:

Bjoa grendeside
Skjold grendeside
Vats grendeside
Sandeid grendeside
Vikedal grendeside
Vindafjord kommune
Spel
Bubble shooter
Quick Fire Pool

 


kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller forening så ta kontakt med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
  


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org