Vik
Kraft reiser seg over Djupavad.
(6.7.2010
SS) Det er ennå langt igjen før det renn
vatn gjennom den 1050 meter lange røyrgata som får eit fall på 153 meter frå
demning til turbin. Dimensjonen på røyra er 800
mm
og fallet vil gje eit trykk på 15 bar ved innløpet til kraftstasjonen.
I februar neste år skal
anlegget stå ferdig. For tida er demning under bygging i
betong.
Det er entreprenøren BG Suldal AS som står for bygginga og betongarbeidet.
Bilete frå framdrifta i bygginga kan ein sjå
HER.
Les også
her. Anlegg og røyrgate ligg i eit mykje nytta
turterreng, noko som hadde fokus då søknad om dispensasjon frå arealdelen i
kommuneplanen var til handsaming i 2006. I vedtaket står m.a.: "Røyr
gata skal byggast med stedegne massar, med minimale naturinngrep. Det må
under arbeid unngå inngrep i/skade å eventuelle kulturlandskapstrekk som
steingardar, eldre vegar, bakkemurer, tufter m.m. Det må ikkje anleggast store
fyllingar eller skjeringar som er til sjenanse. Skjeringar skal evt. plantast
med naturleg tilhøyrande vegetasjon." (frå saksdokumenta)
Energi
Teknikk AS leverer utrusting til Vik Kraft AS:
-ET Peltonturbin med effekt på 1520 kW med tilhøyrande kontrollanlegg.
Oversikt over alle
kraftverk i Vindafjord
Meir om Kraftverket på
Djupavad:
mars
april |