Årvisse
arrangement
|
Vikeputten
Arrangert 24. april
2010 |
Fotballturnering som samla i 2010 heile 69 lag (59 i 2009) og hundrevis
av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar
frå morgon til kveld
Fotoalbum
frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER |
Vikesprinten
Sist arrangert 1.
mai 2010 |
Orienteringsløp
for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
LAURDAG 1.
mai-10 Les
HER
Reportasje/resultat
2009: HER.
|
17.
mai festen |
Flaggheising
på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja,
kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i
slutten av dagen.
Vikebuen er på beina frå morgon til kveld.
Nasjonaldagen 2010
Nasjonaldagen
2009
Bilete
frå 17.mai 2008. |
Vikestølsmøtet
Sist arrangert 28.6.2009 |
Årleg
tradisjon frå år 1900. Enten siste
søndag i juni eller første søndag i
juli blir det arrangert stemne på
Vikestølen. Her samlast folket frå det
fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men
også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet
2009
Les
heftet om Vikestølen her. |
Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 24. juli 2010 |
Årleg tradisjon der utstillarar kjem med
saft, bær,
brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Festivalbilete frå 2010 HER
Festivalbilete frå 2009 HER
Les meir her
|
Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 6. sept. 2009 |
Første
søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd
ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen. Her
kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.
På stølen er det matsal, konkurransar og utlodding
til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen
sept. 2009 |
Kvamsåsen
Rundt
sist arrangert: 7. nov. 2009 |
Fast
tradisjon: 1. søndag i nov.
Vestlandet sitt
hardaste løp i terreng og på veg. 11 km
løype, men også løyper for born og
familiar: Halvkvamsen og mini-Kvamsen.
Bilete og resultat frå 2008 HER.
Bildearkiv 2009
HER.
TIDLEGARE Løp/Rekordar HER.
|
Lokale
websider
|
|
VISIT
VIKEBYGD |
|
Alne
Villsau - Vikebygd |
|
Vikebygd
Vassverk |
|
Vikebygd
Kyrkje |
|
Vindafjord
kommune |
|
Vik skule og barnehage |
|
Bjordal
Kurs og Fritid |
|
Plassabakeriet |
|
Bente
T. Barane's Herbalife |
|
Bjoanett |
|
Info.
frå Regjering
og departementet |
|
Bygda
Vikebygd |
|
Bedriftene
i bygda |
|
Frøken
Vims |
|
Fotoalbum |
|
BYGDA
VÅR |
Lag
og foreiningar
|
|
Lions
Club Vikebygd - Skjold |
|
KFUK-M Speidarane |
|
Vikebygd
Idrettslag |
|
Orienteringsgruppa |
|
Kvamsåsen
Rundt løpet |
|
Vikebygd
I.L Fotball |
Lokale
Bedrifter
|
Skartland
Trevirke
Joker
Fitness Club - Trening
Jakob
Rødde - Gamlatunet
Gangstø
Transport
Ålreit
Ålfjordsenteret
Dommersnes
& Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd
Landhandel AS
Bjordal
kurs og fritid
Kvamme
Sag
Alne
Villsau
Ølen
Trevare
Vikebygd
Vassverk
Bente
T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE
I BYGDA
Reg.
føretak i Vikebygd |
|
Idrettslaget
legg ned Kvamsåsen Rundt
|
Pressemelding frå Vikebygd Idrettslag
21.6.10:
Info til bygdefolket - Kvamsåsen Rundt:
Vikebygd
Idrettslag har i styremøte 1.6.2010 vedteke å leggja ned Kvamsåsen Rundt.
Kvamsåsen Rundt er eit innarbeidd arrangement så dersom nokon vil dra det i gong
igjen i 2010, så er styret i VIL open for det.
(Ta i så fall kontakt med leiar
Åge Holsbrekken,
Telefon 53 76 94 99, Mobil 907 86 288).
VIL vil i staden satsa på å utvida fjorårets nyvinning:
Barnas Idrettsdag, til
Familiens Idrettsdag, med allsidige aktivitetar ein gong i haust.
Eller kva med nytt løp ”i takt med tida”, motbakkeløpet ”Trådlanibbå Opp” same
dagen som Familiens 1000rettsdag?
Frå idrettsbanen til flaggstanga på toppen langs den raudmerka ruta. 2,7 km. 480 m stigning. Vinnartid under 30 min!
Profil på traséen:
|
Ny leiar i Vikebygd Idrettslag
(21.6.10 Steinar)
Ved årsmøtet i idrettslaget vart Åge Holsbrekken vald til ny leiar. Laget har stor aktivitet i høve
til folketalet. Etter 28. år med Kvamsåsen Rundt ser det ut til at det kan gå mot slutten for dette løpet dersom ikkje nye vil ta over og dra dette vidare,
skriv styret i ei pressemelding. På det meste deltok over 400 løparar. Dei siste åra har omlag 40-50 delteke. Av desse berre nokre få frå Vikebygd.
- Dersom vi skal ha halve bygda med på dugnad for eit arrangement
så må dette enten tilføre laget pengar i form av overskudd, eller engasjere mange deltakarar frå bygda, seier Åge
Holsbrekken som har fleire idear til kva som kan erstatta dette løpet. Sjølv er
han aktiv med i Vollyballmiljøet i bygda. Dette er ei gruppe vaksne som trenar
saman kvar onsdag på bygdahuset. Av aktivitetar og arrangement som går godt
peikar m.a. orienteringsløp og fotball for born seg ut. Nyleg vart
arrangert Vikeputten fotballturnering med 69 lag frå heile distriktet.
|
|
|
|