Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Lokale tenester

Vikebygd nytt:

vikebygd.org

Finn: TAXI eller FRISØR

ORD FOR DAGEN     Skulekalenderen 2011-2012.     Vêrvarsling  Søndagstipset

Sida er sist endra 1. nov. 2012

Lokale websider

Årvik skulemuseum - framtid eller ende

Andre nyhende

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

100 år er gått
Årvik Skule 1912


Lærar Dahle og Lærarinne Betha Aarvik saman med elevane utanfor skulebygget i Årvik 1912
Kanskje nokon har namna på dei?  Så langt kjenner vi igjen:  Samson Skartland (2 i bakre rekke)
Knut Johnsen Skartland og Valborg Skartland (midt i 2. bakarste rekke).
Selmer Tindeland  og Gudmund K. Tindeland (ved Dahle), Alfred Skartland (midt i fremste rekke)
Gurine og Elisabeth (Stien) Skartland (med blondekragar ytst til høgre i 2, rekke)
Kanskje er det Hjørdis Skartland og Inga Årvik heilt til høgre i midtarste rekke.
 

SkulemuseetForeining starta
Vil ta vare på den gamle skulen i Årvik

(1.11.2012) Torsdagskvelden (1. nov) var det fyr i vedomnen i den gamle skulestova i Årvik.  Det lyste ut gjennom vindauga. I den mørke kvelden kom ein etter ein og fann seg plass på dei gamle skulepultane. Felles var eit ynskje om å få ta vare på minna om ei tid som var. Dei eldste som er bortimot 60 år kan hugsa skuleåra her. Alle borna i ei skulestove. Leiken ute på prærien, som det flate jordstykket nord for Fosselvegen vart kalla.

Stundom kjem det folk og spør om å få låna nøkkelen til skulestova. Dei har med seg slekt som er på besøk og vil gjerne visa dette unike bygget og fortelja: - Her gjekk eg på skulen då eg var liten. Fagfolk innan museum har sagt at dette huset har sin spesielle verdi fordi det ligg nettopp her. Slik hadde borna det når dei leika i friminutta. Ein annan stad ville det vore berre å visa fram gamalt inventar, men her er sjølve sjela i huset. Slik var det. 

Denne kvelden var dei samla 7-8 stykk, ennå i arbeidsfør alder, ikkje berre frå denne skulekrinsen. Dei fleste tok til i skulen etter at Årvik skule var lagt ned. Nokre hadde opplevd å ha ein skuledag her i gamle klede. Historie og samfunnskunnskap.  Dei ville verna om historia til denne grenda. Dei vil la borna og barneborna få del i vår lokale historie.  Våre røter i strevsame kvardagar - langt tilbake til ein skule som vart lagd ned i 1962.

Under leiing av Jarle Årvik vart vedtekter lesne opp, kommenterte og vedtekne. Ei foreining vart stifta: - Foreininga sitt namn er Årvik Skule og vart stifta 1.11.2012, las Jarle opp.  Dei nikka til. - Slik gjer vi det.  Så ber vi kommunen om å få overta huset.  - Me må ta taket av huset og fiksa det, vart det konkludert.  Det har ikkje vore lekkasje i huset, så det let seg reparera.  Fleire av dei frammøtte er erfarne snikkarar.  Jo, huset skal fiksast, var dei samde om.  Så vil dei prøva å ha opne dagar der folk kan få koma og sjå korleis skulen var før. Vaska og rydda så det blir triveleg der.

Etter vedtekter var vedtekne gjekk dei til val på styre.  Kjell Erik Gangstø vart leiar. Lene Skartland, Grethe Karin Tindeland og Cathrine Hamre Tindeland vart styremedlemmer og Jarle Årvik varamann. 

Eigentleg burde bygda hatt eit aktivt sogelag som kunne verna om dei kulturskattane som er att.  Nå rotnar dei ned ein etter ein, men ikkje alle. Årvik skule er ein av dei som det er både vilje til å berga og von om å lukkast med.

Les meir om saka her 

SkulemuseetSkal vi ta vare på skulemuseet i Årvik?
Ope møte om framtida til
den gamle skulen i Årvik

Kommunen krev at det er etablert ein eigarstruktur som lag, foreining, stifting eller anna som kan stå som eigar.  Frist for dette er utgangen av år 2012. Klikk på dette bildet for å opne plakaten i stort formatUtvalet som har jobba med dette lokalt i Vikebygd, kallar nå inn til ope møte på Årvik gamle skule,
Torsdag 1. nov. klokka 20:00


Klikk på plakaten for å sjå større utgåve

Vil vi ta vare på skulemuseet i Vikebygd?
Kommunen vil flytta innbuet i skulemuseet i Årvik ut av Vikebygd og brenna bygget.
  (30.3.2012  Steinar S)

Årvik skulemuseum i VikebygdI sakspapira til DUK - utvalet for Drift, Utvikling og Kultur - står det:
(Saka skal også opp i kommunestyremøte 17.4.12.
Sakspapira for  finn du HER)

"Årvik skule i Vikebygd er det kommune-styrevedtak (2006) på at ei stifting i Vikebygd skal overta. Stiftinga er ikkje etablert og overdraging er ikkje utført. Straum er innlagt, men bygget byrjar å bere sterkt preg av manglande vedlikehald. Skulen har ikkje nytta bygget dei siste 4-5 åra. Kommunen eig ikkje grunnen bygget står på, slik at det ikkje er ein eigedom som kan seljast.
Bra med inventar for ein skule med drift på 50-60-talet."

Sogelaget i Vikebygd har lege nede i fleire år.  Kommunen har sendt saka på høyring til Ølen og Bjoa sogelag, som uttalar at:
 
Årvik skulemuseum bør avviklast, men at inventaret kan flyttast til Sandeid. Dei gir uttrykk for undring over at bygda Sandeid ikkje i større grad har vist interesse for museet.

Rådmannen si vurderinga av saka:
Skulemuseet i Årvik har ei uavklara stilling. Gruppa som fekk overteke ansvaret i 2006 har
hatt vanskar med å laga ei juridisk organisasjon som formelt kan overta huset slik vedtaket
var. Gruppa bør få frist ut 2012 på å ordna dette. Dersom dette ikkje er på plass bør
kommunen sikra seg det mest aktuelle inventaret og så rive huset
, eventuelt gi det til
grunneigar dersom han er interessert.

Utdrag frå Rådmannen sin konklusjon:
Kommunen bør maksimalt drifta eit skulemuseum. Dersom det skal vere eit skulemuseum i
kommunen bør det vere museet i Skjold som blir verande. Føresetnadene nemnd i
utgreiinga over må gjelda, og særleg bør det sikrast at Haugalandsmuseet gjennom
Vindafjordmuseet tek ansvar for skulemuseet.

Avtale som sikrar overdraging av Årvik skule til stiftinga / organisasjonen som vil ha privat
skulemuseum, må vere på plass i løpet av 2012. Bygningen blir elles tilbode vederlagsfritt til
grunneigar. Kommunen bør sikra aktuelt inventar til museet i Skjold. Dersom grunneigar ikkje vil overta blir det vurdert å rive eller brenne huset. 

Det blir sett på som svært viktig at framtidig skulemuseum blir aktivt nytta av barn.
Rådmannen vil difor at Vindafjordmuseet, som ein del av overtakinga, forpliktar seg til å laga eit opplegg som kan brukast av aktuelle klassetrinn på dei nærmaste skulane, enten dette skjer ved at museet er til stades eller ved hjelp av lærarar i klassen Opplegget bør kunne nyttast i Skjold eller i avdelinga som er tilrettelagt i Vikedal.

DUK-019/12 VEDTAK:
1. Den gamle skulen som står ved skuleplassen i Sandeid (sjølve bygningen) blir lyst for sal for ei krone. Dersom det ikkje blir nokre som vil overta bygningen skal bygningen rivast.

2. Avtale som sikrar overdraging av Årvik skule må vere på plass i løpet av 2012.
Bygningen blir elles tilbode vederlagsfritt til grunneigar eller rive.

3. Skulemuseet i Skjold blir overført til Vindafjordmuseet. Rådmannen blir bedt om å få laga ein avtale med Vindafjordmuseet / Haugalandsmuseet slik at dei tek over ansvaret for det faglege innhaldet, utstyr og vedlikehald av skulemuseet. Utgifter på inntil 40.000 kroner blir å innarbeida i neste budsjett.

 
Sakspapira for Kommunestyre møtet finn du HER

Svært mange som eg møter seier at dette gamle skulehuset i Årvik har sin historiske og kulturelle verdi nettopp fordi det ligg der det ligg, på den opphavlege skuleplassen og miljøet.  Mange uttrykkjer at det er heilt feil å flytta skuleinbuet til ei anna bygd og riva dette historiske bygget. 

Er det interesse i bygda for å ta vare på dei lokale historiske verdiane??

Eg utfordrar her til at eit lokalt sogelag igjen kjem på banen og syner interesse for lokalhistoria før den går tapt.  Det har vore gjort ein del i samband med sogeskrift saman med Vindafjord sogelag.  Men vil bygda noko meir.  Eit felles sogelag er ei god løysing, men det må koma vidare.

Vidare oppfordrar eg dei som vart oppnemnd som lokal nemnd for å sikra skulemuseet i Årvik om å kalla inn til eit lokalt møte for å orientera om arbeidet dei har gjort, og slik at bygdefolket får høve til å seia si meining om museet si framtid.  Dersom det er lokalt ynskje om å ta ansvar for skulemuseet - er det nå siste sjanse. Grip den!

Er det ikkje reell vilje lokalt til dette, så er det beste at verdiane vert tekne vare på i eit felles skulemuseum for Vindafjord, der det vert gjort tilgjengeleg for born og unge.    

 

 
 
 
 
 
 
 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2011 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
Hårfagrerittet 2012
Tur til Langåsdalen
17. mai feiringa
Konfirmasjon
700 born på Vikeputten
Kalking med helikopter
Vikebuen med hjartestartar
Turar i Vikebygd
Rivinga av skulen
Årsmøte i Idrettslaget
Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar

Frå ÅRET 2011
 

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

   Det skjedde i året: 
2010
2009
2008
2007
2006 
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org