Eksisterande veg skal bli gangveg
Vossaplassvingane
av Steinar Skartland 17.10.2017
I
den 2. tertialrapporten frå rådmannen i Vindafjord kommune i år (årets
første 8 månader) står følgjande om arbeidet med utbetring av
Vossaplassvingane sør for kyrkja i Vikebygd:
- Vindafjord kommune fekk TS-midlar
(trafikksikringsmidlar) på 1,5 millionar kr i 2017. Det er aktuelt å søkja
om TS-midlar i 2018 også. I Handlingsprogrammet for fylkesvegar er det sett
av midlar til Vossa-plasssvingen i 2019. Tiltaket er eit samar-beidsprosjekt
mellom Vindafjord kommune, Statens vegvesen og SØK. Vindafjord kommune
inngår avtale om utbygging med Statens vegvesen og blir byggherre. Det er
inngått grunneigaravtalar som sikrar grunn. Planar er laga for veg og
VA-anlegg og høgspentkabel og andre kablar. Planane som gjeld vegen er til
godkjenning hjå Statens vegvesen og anbud blir snart sendt ut.
Leidningar blir lagt der ny veg skal komma, og kan
leggjast slik at høgspent, som må førast fram til Trovåg til om lag
årsskiftet, kan komma på plass i tide. Eksisterande veg skal bli gangveg.
Fullføring av vegdelen krev at fylkesvegmidlane er på plass.
Det blir lagt vatn og kloakk i traséen.
Interesserte kan lasta ned og lese
tertialrapporten her.
I rapporten er det under "Kommunale bygg og
infrastruktur" finn ein også post om leikeplassar, der kommunestyret
har sett av midlar til kontroll av leikeplassar og riving av utrygge
leikeapparat på leikeplassar i kommunal eige. Fylgjande står under denne
saka:
- Det har vore møte med Vikebygd, Vikedal og Skjold
grendautval for å informera om saka. Det er laga forslag til avtale mellom
kommunen og grendautvala om drift og vedlikehald av leikeplassar.