Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Vikebygd i juli månad  

Sida er sist endra 6. aug. 2017

Plassabakeriet
Torsdag 20.juli blir det 102 sommarshow på Plassabakeriet.

Matservering frå kl. 13:00 til 18:00!
Som vanleg serverer vi vår berømte komle torsdagen, og me har også glutenfrie komler.
 
Fredag og laurdag blir det smårettar samt baking av snurringar på laurdagen.
Søndagen serverer vi middag med dessertbuffet. 
 


Plassabakeriet sommaren 2017
Plassabakeriet melder på Facebook sida:

 
Plassabakeriet i Vikebygd starta opp laurdag 1. juli og har ope til
søndag 6. august; Torsdag til Søndag!

 
Matservering frå kl. 13:00 til 18:00! Som vanleg serverer vi vår berømte komle torsdagen, og me har også glutenfrie komler.
 
Fredag og laurdag blir det smårettar samt baking av snurringar på laurdagen. Søndagen serverer vi middag med dessertbuffet. 
 
Fredag 14. og laurdag 15. juli kjem Cato Thorsen med quiz og trubadurkveld. Han har og lova å showa litt på laurdagen når me bake.
 
Torsdag 20. blir det 102 sommershow.
29. juli får me igjen The Youth på terassen
5. august stiller Bytunet igjen med sitt Sildajazz reportuar.
Ser ut for å bli ein fin sommar. Håpar at vêrgudane blir med oss i år. Velkommen !

cc
  Plassabakariet i Vikebygd
(Frå Plassabakeriet - Facebook)
 

Cato Thorsen til Plassabakeriet
Fredag 14. og lørdag 15. juli kjem den fabelaktige Cato til Plassabakeriet i Vikebygd.

Ålfjordmesterskap i Quiz 14. juli
Fredagen blir det Ålfjordmesterskap i Quiz, samt trubadursteming i teltet. Meld laget ditt på (4 personar) til oss og test kunnskapane dine. Det blir premiering til dei 2 beste laga.

Teadans på lørdagen og full rulle med allsang lørdags kveld!! Dette blir gøy-.


Påmelding til 92833190 og 924329633

Laurdag 8. juli tradisjonen tru besøk av Gunnar Andersen med show og allsang, -alltid like populært.
 
Fredag 14. og laurdag 15. juli:
Cato Thorsen med quiz og trubadurkveld
. Showa litt på laurdagen når me bake.
 
Torsdag 20. juli: 102 sommarshow.

Laurdag 29. juli
får me igjen The Youth på terassen

5. august stiller Bytunet igjen med sitt Sildajazz reportuar.

Ser ut for å bli ein fin sommar. Håpar at vêrgudane blir med oss i år. Velkommen !
 


Laurdag var bakedag på Plassabakeriet
av Steinar Sk. 10.7.2017


Det var kø ved bakeriet til langt utpå ettermiddagen lørdag 6. Med godt vêr var det stadig nye som kom til for å handla nysteikte snurringar.

Bjørn Vik hadde fyrt i steinomnen frå kvelden før, og hadde ein lang dag i bakeriet. Varm og sveitt var det han som sette deigen i omnen og tok ut dei ferdigsteikte snurringane, som så vart selde før dei rakk å bli kalde.

Kan ikkje klaga på omsetnaden her i eit bakeri av den gamle sorten, der alt er som det var då Plassabakeriet blei bygd av Georg Gautesen i 1842.

Vikevik hadde landhandel og bøkkerverkstad i tillegg til bakeriet, og kundane var i tillegg til å vera lokale folk, fiskarar. Når fiskarane skulle på brislingfiske kjøpte dei med seg ei heil tønne med brød. Dei som arbeidde i bakeriet var bakarmeisteren, ein lærling og ein ekstra hjelpar av og til. Den siste lærlingen på Plassabakeriet heitte Einar Eidsvåg. Han kom roande over fjorden frå Sveio og gjekk i lære dei siste to åra det var drift. Etterpå drog han til Sauda starta eige bakeri der, og fekk nokre søner. Ein av dei heiter Bjørn Eidsvåg og blei den kjende rockepresten.

Etter oppstarten var bakeriet i drift i nøyaktig 100 år, til 1942. Under krigen var det blitt svært vanskeleg å få fatt i mjøl, så til slutt var det kroken på Plassabakeriet si dør. Eitt unntak blei likevel gjort: Då det blei feira bryllaup i Vikevik i 1945. Då fyrte dei opp i den gamle omnen til ære for brudefolk og bryllaupsgjester.

Tidlegare var bakeriet berykta for julebrøda og vasskringlene sine. Å bake vasskringler er ein gamal kunst; kringla blir først kokt i vatn og steikt etterpå. Det driv dei ikkje med i dag, det er ein kunst som erfarne folk driv med til dømes på Gamle Bergen.

Bakeriet blei gjenopna i 1993 på den Europeiske Kulturminnedagen Margaret og Bjørn hadde inga erfaring med baking i steinomn, så det blei mykje prøving og feiling med tilhøyrande svidde brød. I dag er og kundane båtfolk, men kjem meir i skjærgårdsjeep enn fiskeskøyter.

Det å varma opp omnen er hard arbeid, og det tar lang tid før den er varm nok til at ein kan steika brød. Heile natta må det fyrast. Damphevinga er og ein eigen operasjon. Der må det fyrast opp i ein eigen liten omn. Vatnet i kjelen vert til damp og dampen blir ført i eit røyr inn i eit eige heveskap. Denne teknikken gjer at brødet blir heva svært godt, og det får ei nydeleg, sprø skorpe. (Historisk kjelde: Plassabakeriet.no)
 


Kyrkja markerer OLSOK i Vats
Olsok i Vats for kropp og sjel, Vats kyrkje 29. juli
Henta frå Hyrdingen 6.juli

29. juli, minnedagen for Olav den heilage, blir i sommar markert i Vats med svært vakre tonar i VATS kyrkje i kveldinga. Dei som vil, kan først vandra til kyrkja gjennom bygda i fylgje med andre, med innlagde stoppar for å ta til seg av lukter, ord, utsyn og stille.

Ein vesper, ei songbasert kveldsbøn, av den russiske komponisten Sergej Rachmaninov, blir sungen av eit mangestemmig kor. Initiativtakar og drivkraft i dette er Per Egil Meling, som gjennom mange tiår har løfta fram kristen songtradisjon frå mange kjelder. Vesper-en blir framført på norsk. Pilegrimsturen startar klokka 17:00, kveldsbøna klokka 19:00.
Alle er velkomne


Endelig sommar i Vikebygd
Klikk for oppdatert varsel frå YR herGodt over 20 grader onsdag 19. juli,
men torsdag 20. er varsla enda betre og temperaturar opp til 25 grader.

Natt til fredag kan det bli regnbyer, men i helga er det venta nytt finvêr.

 
 

Klikk her for oppdatert varsel frå yr.no
(varsel henta frå YR.NO Torsdag 01:00.  Oppdatert times-varsel her.)

Grasrotandelen
Ga 63.858 kroner til Vikebygd Idrettslag i 2016

Av Steinar Skartland 1.7.17
 
Dei siste åra har grasrotandelen som gjekk til Vikebygd Idrettslag årleg vore på omlag 40.000 kroner. I fylgje Norsk Tipping utgjorde denne i 2016 eit rekord nivå på heile 63.858 kroner, og 153 vikebuar hadde registrert seg for grasrotandel til idrettslaget.
 
Grasrotandelen blei lansert 1. mars 2009. Den er ei ordning som gjer det mulig for spelarar hos Norsk Tipping å gje 5 prosent av speleinnsatsen direkte til eit lag eller ei forening. Grasrotandelen gjeld for alle spelarane til Norsk Tipping, bortsett frå fysiske Flax-lodd og Belago. For spela Multix og Instaspel er Grasrotandelen 10 % av spelinnsatsen etter frådrag for gevinstar.
 
Det første halvåret i 2017 er beløpet 22.577 kroner frå 154 spelarar. Frå oppstarten av ordninga og fram til i dag har dermed Vikebygd Idrettslag fått heile 343.376 kroner frå vikebuar som spelar hos norsk tipping.

Vikebygd speidarane
Kanotur til Telemarkskanalen 3.-7.juli 2017

Steinar 5.7.2017

(Illustrasjonsfoto frå tidlegare tur)

Speidarane i Vikebygd følgjer opp ein tradisjon. Denne veka er dei på kanotur på Telemarkskanalen. Dei eldste har vore med på dette mange gonger før og vaksenleiarar på turen er Håvard, Johannes, Sunniva og Iselin.

Ut frå bilete på facebook ser det ut til at dei har ein fin tur og det er varsla sol og flott vêr i Telemark denne veka. Klokka 16:10 la Johannes ut bilde av dei ni kanoane opptrekte på ei strand i Lunde i Telemark, med kommentaren: -Velfortjent pause etter to etappar på tilsaman 13km før siste strekket mot overnattingsplassen. Godt jobba med berre 4 vaksne!
Vi ønskjer dei god tur vidare på ein fin dag med sol og lette skyer over telemark.
 
Les info på speidarsida her
Sjå kartutsnitt Del 1, og Del 2.
Oppdatert vêrvarsel frå Telemark



(Bilder frå Facebook:  Solveig Hortman - Sjå fleire her)
 
 
 
 


Soleglad på måndagskvelden 10.7. varsla kanhende dagar med finare vêr nå?
Likevel let det venta på seg til 19. juli før varmen verkeleg slo til i bygda. Då med temperatur over 20 grader. Noko som heldt seg nokre dagar.
Juni og juli har vore kalde månader og for bøndene vart det svært sein slått, med førsteslåtten i starten på juli.


 
30 - sone i Plassavegen
Steinar Skartland 10.7.2017

Så er endeleg skiltinga på plass og heile Plassavegen, forbi kyrkja, ned til kaien, forbi Plasset og til Naustvikvegen er ei sone med fartsgrense 30 km i timen. Same fartsgrense er også frå før av, langs vegen utover Naustvika.

 


Vikebygd Grendautval oppfordrar
Bli med og bidra i prosjektet:
«Vikebygd i bilde!»

av Stein Andor Sundve 30.6.17

Grendeutvalet i Vikebygd har bestemt å samle inn bilete som kan nyttast til reklame for bygda i ulike samanhengar. Til dette arbeidet treng me alle gode krefter med på laget.

Me ønskjer å bygge opp eit bildearkiv med motiv frå Vikebygd og alle hyggelege aktivitetar som skjer i bygda. Dette kan vere alt frå 17. mai feiring med tog og leker på Bygdahuset, sommar og badeaktivitetar, motiv frå den flotte naturen vi omgir oss med eller bilde frå fisketuren med «den største fisken nokon - nokon sinne hadde sett»...


Bakgrunn
Grendeutvalet har heile tida fokus på aktivitetar som kan bidra til å auka tilflyttinga til Vikebygd. Her er det mange element som har innverknad på den kontinuerlege prosessen for å gjera bygda betre kjent i regionen på ein positiv måte. Grendeutvalet ønskjer derfor å samla inn alle sortar bilde frå Vikebygd som viser kor attraktiv, sosial og hyggeleg denne bygda er.

Bilda er i fyrste omgang tenkt brukt i ein enkel presentasjon om Vikebygd på nett. Presentasjonen skal gjerast tilgjengeleg på Vikebygd.no og andre stader kor det kan vera naturleg.

Presentasjonen skal i tillegg kunne nyttas av næringsliv og andre som ønskjer å presentera bygda «ute i verda».   Me håper på mange bidrag, og gleder oss til framhaldet.
Bilda kan sendast til: post@vikebygd.no
 


Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
Juli
Forskjellig frå juli 2017
Juni
Vikebygd i bilete
Jordskjelv 25.6.
Vikestølsmøtet
Nedoverbakke
Jonsok feiringa 23.6.
Dårleg stell av gravplass
Vossaplasset-vegen
Folketalet og skulen i bygda
Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org