Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Folketalet og  skulen i Vikebygd   

Sida er sist endra 6. juni 2017


Årsmelding for Vindafjord kommune
Folketalet
i Vikebygd stabilt
Frå Vindafjord kommune sin internett 6.6.2016

Frå kommunen si årsmelding framgår det at folketalet i Vikebygd har auka med 1 det siste året.  Utviklinga har vore slik: 
1.1.2013:   561
1.1.2014:   558
1.1.2015:   541
1.1.2016:   546
1.1.2017:   547
I heile kommunen var folketalet 8.828 ved årsskiftet.  Ein vekst på 40.

Ei utfordring for skule og barnehage i Vikebygd er lågt fødselstal gjennom fleire år. Når talet på born som tek til i skulen er lågare enn dei som går ut av 7. klasse, vil det totale barnetalet i skulen gå nedover år for år.  Dette kan endra seg gjennom tilflytting av familiar med born.  Auka fødselstal vil få verknad først seks år fram i tid.

Kjelde:  Årsmelding for Vindafjord kommune 2016, side 36-38

Vikebygd kan koma under 30 elevar i skulen!
Barnetalet i skulane fram til år 22/23:

Kjelde: Vindafjord kommune, Tilstandsrapport for grunnskulen 2016

Ei utfordring for kommunen og innbyggjarane i Vikebygd er å arbeida for auka attraktivitet slik at unge vil etablera seg i bygda og at barnefamiliar får lyst å flytta hit. Dette er ei utfordring som både politikarar, administrasjon og grendautval er viktige medspelarar i.  Ikkje minst at vi talar vel om bygda vår.  Negativ omtale kan både hindra at folk flyttar til, og skapa mistrivsel slik at andre flyttar ut. Positiv omtale derimot - både på Facebook og når vener møtest, er viktig for å skapa tru på bygda, både for dei som vil bu her og dei som vil skapa arbeidsplassar her.

Kva kan vi tilby?  Rimelege tomter sentralt i bygda (frå kr 380.000).  Kort veg til skule, barnehage, butikk og anna spennande. Flott musikkorps som born og ungdom (og erfarne) kan få delta i. Idrett og friluftsliv, amatørteater ... snart, fiskerik fjord, Speidarar. Og berre ein halvtimes køyring til fleire store arbeidsplassar på ein veg der det ikkje er køkøyring! Plassabakeriet, Gamlatunet, Bjordal, Vikestølen, kyrkje, bedehus, Bygdahus. Websider, Ja, og mykje meir. 
Ledige stillingar i Vindafjord

 

 
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda

Juli
Forskjellig frå juli 2017
Juni
Jonsok feiringa 23.6.
Dårleg stell av gravplass
Folketalet og skulen i bygda
Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Chris og Øystein Show
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
Tom Roger-konsert i kyrkja
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org