Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Vikestølsmøtet 2017   

Sida er sist endra 25. juni 2017


Pga. dårleg vêr vart Vikestølsmøtet for første gong
flytta til UTBJOA BEDEHUS, søndag 25.6.
av Steinar Skartland 25.6.2015

Einar Steensnæs hadde sett fram til å tala på Vikestølen, der han var fleire gonger saman med faren i barndommen. Men med kraftige regnbyer og vind måtte arrangørane ta avgjersla om å flytta stemnet til Utbjoa bedehus.


Likevel var det i underkant av 30 som fann vegen til Utbjoa og fekk ned seg møta på bedehuset der. Her fekk dei også lytta til vakker song av Kari Granberg Lund som hausta applaus for dei flotte framføringane både med piano og a capella.

Programmet for dagen vert følgd slik det var sett opp, og i tråd med tradisjonen gjennom 118 år.  Hovudmøte klokka 12, felles matøkt og så eit ettermiddagsmøte der også andre av dei frammøtte fekk dela song eller ord dei hadde på hjarta. Musikk til allsongen fekk ein frå trekkspel (Hans Asbjørn) og gitar (Steinar). 
 

Møta var godt annonsert gjennom både Grannar, Haugesunds Avis, på internett og med plakatar. Men når vêret vert slik som denne søndagen så er det ikkje anna å gjera enn å tilpassa seg og vona på at neste sommar - då kan vi igjen vera på Vikestølen.
 
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
Juli
102 Sommarshow frå Plasset
30 sone i Plassavegen
Forskjellig frå juli 2017
Juni
Vikebygd i bilete
Jordskjelv 25.6.
Vikestølsmøtet
Jonsok feiringa 23.6.
Dårleg stell av gravplass
Vossaplasset-vegen
Folketalet og skulen i bygda
Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org