Speidarfesten 19. februar
Fire nutastavar utdelt til fjellvandrarane 2016
av Steinar Skartland 19.2.2017
Mona Fostenes imponerte med 110 nuteringar i 2016.
- Eg tar ofte meir enn ein topp same dagen, var hennar kommentar etterpå
til at
nutaturane går i eit halv år eller omlag 200 dagar.
Tonje
Hausberg Bjerga sikra seg ungdomsstaven til odel og eige då ho for tredje gong
kunne ta imot denne vandrestaven. Ho hadde 47 nuteringar.
- Målet var å slå mamma, kommenterte ho, og var berre ei nutering bak Kjersti.
Så er både Tonje og Kjersti begge aktive orienteringsløparar og ivrige med å
arrangera idrettsaktivitetar i Vikebygd. Dette var også mellom grunnane
til at
Tonje fekk innsats-pokalen hausten 2016.
Stav tildelt for 20 år på alle nutane
Denne gongen kunne Øyvind Valen for første gong dela ut nye stavar til dei
to som har vore på alle nutane i Vikefjella, 20 år på rad. Stavane gjekk til
- Line Merete Ove og
- Lars Maurangsnes
Dei var ikkje til stades og får stavane levert etter festen. Men det var mange
som i 2016 hadde hatt ein tur til ein eller fleire toppar. Omlag 70 namn
var notert i bøkene dette året. -Det var nokre namn med sleit med å tyda, så
dersom det er nokon som saknar diplom så får dei ta kontakt, så skal vi ordna
det etterpå, sa Øyvind til dette. Han hadde også premiar i form av fyrtøy til
dei som for 10. året hadde vore på alle nutane.
Stor og aktiv speidargruppe
- Her er fleire speidarar enn bygdefolk, sa ein av speidarane om festen der
omlag 90 vikebuar hadde funne seg ein plass. Og aldersspennet var stort på dei
frammøtte som skulle få med seg underhaldning på speidarvis, andakt om å finna
plass til Jesus mellom alt anna som fyller dagen og tankane våre, lysbilder frå
aktiviteten til speidarane, kaffi med kaker og utlodding.
Det er ein imponerande ungdomsflokk som fyller scenen når dei samlar seg til
speidarbøna.
I tillegg til desse er ei gruppe med vaksne speidarar.