Flinke elevar på Vik Skule
Skulen laga til flott kulturettermiddag
av
Steinar Skartland 23.2.2017Torsdag 23, februar kunne
bygdefolket sleppa å koka middag. Dei strøymde til Bygdahuset. Her hadde skulen,
borna og nokre foreldre laga til kafé med sal av lapskaus til middag.
Elevane i 7. klasse hadde sjølv kakekafé til inntekt for skuletur. Og det var
flotte og gode kaker å kosa seg med. I løpet av etter-middagen var det
mange mobiltelefonar i aktivitet med å sikra seg minner frå kvelden der elevane
hadde gjort ein imponerande jobb med å førebu, øva, laga og nå attpå til å
framføra - Vindafjord.
Inne
i Storsalen kunne dei besøkjande sjå mange flotte ting elevane hadde laga, som
ein del av temaet å setja seg inn i kommunen sin, Vindafjord. Dei gjestene fekk
utdelt eit ark med spørsmål forma som ein tippekupong med alternativ for 1-X-2.
Svara kunne dei finna i dei oppgåvene som elevane hadde gjennomført og resultata
hang på veggen, fulle av lokalkunnskap.
Skulekoret framførte kva dei forskjellige bygdene hadde å by på og
elevane hadde lagt opp til mykje god underhaldning som dei sjølv leia på ein
flott måte. M.a. hadde dei invitert rallykjøraren Åsmund Holten som vart
intervjua om korleis det var å delta i rallykjøring.
Lokalpolitikarane
Rune Hetland og Steinar Skartland vart intervjua om alt frå kva dei likte best
av Pepsi og Cola, Ostepopp eller banan. Men også om korleis det var å vera med i
politikken. Innleigd underholdning vart det også med Frank R Abelset og
Reinhart Thoresen som både song og drog i gong allsong. Men her fekk nokre
foreldre seg ei overrasking. Nokre frivillige av borna fekk koma på scenen
der dei fekk i oppdrag i henta ein av foreldra også. Då alle var samla på scenen
sende han borna ned igjen - og det var dei vaksne som måtte kle seg ut og
gjøgle. Eigentleg var dei kanskje stolte av å få stå på ein scene og
syngje saman med Frank og Reinhart?
Borna jubla når dei overlet scenen til foreldra som skulle kle seg ut og syngja.