Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Vikestølsmarsjen 3. september  

Sida er sist endra 3. sept. 2017

Flott dag på Vikestølsmarsjen
150 registrerte deltakarar
av Steinar Skartland 3.9.2017


Over 150 store og små tok turen i solskinet frå Vikebygd og Bjoa. Oppe på Vikestølen var det konkurranse i hesteskokasting, loddsal, og høve til å kjøpa seg lapskaus, pølse i brød, kake, kaffi og saft. Alle dei som registrerte seg fekk ein diplom, som dette året var teikna av Mari Edona Tveit.


I hesteskokast var det stor variasjon i dugleiken, men førsteplassen vart delt mellom Ola Harald Alne og Eivind Gangstø, kvar med 27 poeng. Dei vart premierte med kvar sin bærplukkar. Den som var jamnast i sine treff var vel likevel Eivind, som i fem rundar oppnådde 20-26-22-20-27 poeng.  Mellom borna vart vinnarane Thomas med 19 og Johanne med 12 poeng.

Fast innslag er også å trekkja ut ein ryggsekk mellom dei som har vore innom Vikestølen siste året, og skreve seg inn i ei gratis-loddbok. Jarle Sandsgård i hyttestyret fortalde at i år hadde det vore ekstra mange innom. 4-500 meir enn i eit vanleg år. I tillegg kjem at ein god del er på tur innom Vikestølen, utan å skriva seg i boka. Men i alt hadde han registrert 1240 namn i boka.  Bergfrid Kolltveit, som hadde vore på Vikestølen 25. april, vart trekt ut som vinnar av sekken i år.

Det var seld omlag 4500 lodd fortalde Jarle. Dette var med og ga ei god inntekt til vedlikehald av hytta, saman med påmeldingsgebyr på marsjen, med 30 kr pr vaksen og 80 pr familie.  Godt fordelt mellom Vikebygd og Bjoa, noko også premiane på loddbøkene vart. Mange var gått då trekningane vart gjort, men andre tok desse med seg og skulle levera vidare. Ein flott sovepose vart vunnen av  Sigmund Tveit.

 

Mange, godt merka turstiar i Vikefjella
av Steinar Skartland 2.9.2017

Fint for tur i fjellet når haustfargane er framme, som innover mot Ulserhaug søndag 27.8.


Fjella i Vikebygd har mykje fint å by på. Sætrefjellet med ei fin løype som Roald Årvik har merka frå Vikebygd via Stemmevatn, og gjerne vidare til Ulserhaug og Bjordal.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
Oktober
Open Heart Ukraina
September
Familie-idrett 25.9. Vikestølsmarsjen 3.9.
August
Basar på bedehuset
Forskjellig frå august-sept.
Gravsteinane på internett
Sildajazz i Skjold kyrkje
Lokale lag på Norway Cup
Juni
Vikebygd i bilete
Jordskjelv 25.6.
Vikestølsmøtet
Nedoverbakke
Jonsok feiringa 23.6.
Dårleg stell av gravplass
Vossaplasset-vegen
Folketalet og skulen i bygda
Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org