Sykkel og Gangsti forbi Vossaplasset
av Steinar Skartland 7.6.2017
Håp om at utbetring av vegen forbi Vossaplasset i
Vikebygd kan starta seinhaustes. Trongen for å leggja ny kraftlinje som
kabel i jord kan føra til oppstart som eit spleiselag og med kommunal
forskottering på Fylkesvegen.
Dei smale svingane ved Vossaplasset i Vikebygd (Fv. 734)
Det er endeleg håp om utbetring av vegen forbi Vossaplasset i Vikebygd.
Dei lokale kommunepolitikarane frå Vikebygd hadde kvar for seg sendt inn
skriftleg spørsmål om orientering i formannskapet 7. juni, om framdrifta og
planane. Einingsleiar for Areal og Forvaltning, Anne Sofie Sandvik, ga ein
grundig og optimistisk informasjon.
Kommunestyret i Vindafjord har Sykkel og Gangsti forbi
Vossaplasset og til Plassavegen, langs fylkesvege 734, som 1. prioritet på
oversikt over lokale utbetrings- og trafikksikringstiltak i kommunen.
Den endelege prioriteringslista er det Rogaland fylke som
vedtek seinare i år. Førebels har fylket bevilga 1,5 millionar kroner til
planarbeid og oppstart. Reguleringsplanen er frå 1999 og er dermed
forelda, men vegvesenet vurderer om den er eit godt nok grunnlag. Dersom dei
finn at denne er tilstrekkeleg, vil det bli utbetra ein teknisk plan for
prosjektet og ein vonar dei aktuelle planane kan vedtakast politisk til
hausten. Tor Gunnar Skår er engasjert av Vindafjord kommune til å få til
minnelege avtalar om grunnavståing mm. Dei fleste grunneigarane har godtatt
avtale her nå og ein vonar å bli samde med alle, ein føresetnad for å kunna
gå vidare med prosjektet.
Seinhaustes skal det leggjast ny kraftlinje for å sikre
straum fram til Trovåg Laks. Det er SØK som står for dette. Linja skal
leggjast i jorda langs vegtrasèen. Det blir også vurdert kloakkleidning i
same grøft. Ein kombinasjon av dette med bygging av sykkel og gangsti vil
gje eit godt spleiselag mellom fylke, kommune og SØK, og ei forsvarleg
finansiering.
Dette er ein fylkesveg, så planar og finansiering må godkjennast av
fylket. Om så skjer i haust kan kommunen forskottere mellomlegget og
arbeidet koma i gong alt i 2017.