Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Vikesprinten o-løp 30.4. 2017   

Sida er sist endra 4. mai 2017

Vikesprinten søndag 30. april
Orienteringsløp i Årvik - Vikebygd

Klikk for å opne98 løparar og 19 «småtroll» deltok i krets-orienteringsløpet som o-gruppa i Vikebygd hadde ansvaret for søndag 30. april.
av Jon Magne Svendsbøe 3.5.2017

Ein herleg, solrik vårdag møtte dei 98 løparane og 19 «småtrolla» som kom køyrande til kretsorienteringsløp i Årvik søndag 30. april. Toralf Gåsdalen og Jone Bjerga sørgde for at alle parkerte tett på velteplassen ved beitet til Oddvar Hølland som var dagens samlingsplass.

Dagens vinnar i herreklassen, Arild Aasheim, Ganddal IL, og familien hadde faktisk kortast veg til dagens løp der dei kom i båt frå hytta på Håvardsholm. Men dei som hadde reist lengst kom frå Rakkestad i Østfold, Fana i nord, Odda i aust og Egersund i sør.

I kiosken under open himmel selde Inger og Juli-Janne Gåsdalen frukt i beger, kaffi, te og ikkje minst vafler som blei steikt på plassen. 19 unge gjekk den merka småtrolløypa med fem postar rundt det grøne beitet. Nybyrjarane hadde eigen start kor dei kunne starta når dei ville. Dei kunne følgja leielinjer som vegar og gjerder som postane var plassert langs. Alle under 12 år får premie.

Klasse 17-18 og 40-45 år med bl.a. Anne Sofie Sandvik, Bjoa IL til høgre
Klasse 17-18 og 40-45 år med bl.a. Anne Sofie Sandvik, Bjoa IL til høgre

Klokka 13 var første fellesstart med eldste deltakar, Ingebrigt Gule frå Vats som er heile 78 år gammal. Han skulle gjennom den 4,1 km lange løypa som alle andre i herreklassen. Seks minuttar seinare starta dei som er mellom 70 og 75 år, blant anna vår eigen Harald Steinsland. Enno seks minuttar seinare starta 65-70 åringane. Like etter at desse hadde starta kom Ingebrigt Gule overraskande joggande tilbake frå skogen. Han hadde mista brillene og måtte innom samlingsplass etter nye før han med friskt mot la på sprang ut i skogen att.

Senioreliten på start med bl.a. Einar Marius Hjellestad Martinsen
Senioreliten på start med bl.a. Einar Marius Hjellestad Martinsen


Klasse damer 45-50 år

Deretter starta 13-14 åringane, 15-16 åringane, 17-18 åringane og til sist senioreliten mellom 19 og 40 år. Alle jakta på dei tidlegare startande og første kvinne/jente og mann/gut i mål blir vinnar av Vikesprinten.

Einar Martinsen hadde laga utfordrande løyper i det vanlegvis tungløpte terrenget mellom brakar og over tunge myrar i skogane til Oddvar Hølland og Jarle Årvik.

Nokre blei ganske forfjamsa når dei møtte Jarle sine storfe andlet til andlet i skogbrynet på eit strekk, men dei er så godlynte at dei ikkje var noko å vera redde for.

I mål venta Jorunn Tjoflot Nes bak PC-skjermen ved målposten saman med Jon Magne Svendsbøe og Kjersti Bjerga i sekretariatet.

Einar hadde laga publikumsvennlege løyper mot slutten av løpet då løparane måtte kryssa beitet på veg til dei to siste postane. Dermed kunne alle på samlingsplass sjå dei tette duellane mot mål. Spenninga var stor når dei første kunne skimtast i skogkanten aust for samlingsplass. Dameløparane som sprang ei 3,3 km lang løype var først på veg mot mål. Ikkje overraskande var det fjorårsvinnar Vilde Margrethe Sæbbø, som berre er 14 år, som hadde fått ei bra luke til vinnaren av vandrefatet for to år sidan, Janne Tjørhom Aasheim, Ganddal IL. Dette blei også rekkefølgja i mål med Inger Tone Nygård frå Egersund på tredjeplass.

Klikk her for å opne
Vinnarane i årets Vikesprinten:
3. Inger Tone Nygård (Egersund OK), 1. Vilde Margrethe Sæbbø (Stavanger OK), 2. Janne Tjørhom Aasheim (Ganddal IL), 2. Sigurd Paulsen Vie (Haugesund IL), 1.Arild Aasheim (Ganddal IL)


Og som i dameklassen var det same herreløpar som vann i år som i fjor, Arild Aasheim, som opprinneleg er frå Stord. Men også i herreklassen hevda ungdommen seg då Sigurd Paulsen Vie, Haugesund IL, og 16 år spurta i mål ikkje langt bak Arild. Deretter strøymde det på med løparar mot mål. Resultata var raskt ute av skrivaren og hengt opp på resultattavla.

Berre to timar etter første fellesstart var premieutdelinga i gong.

Etter ein effektiv dugnad på å rigga ned samlingsplassen og henta inn postane i skogen var det ein godt nøgd arrangørstab frå o-gruppa i Vikebygd IL som køyrde materiellet tilbake til klubbhuset.

Det var berre godord å høyra om løypene, terrenget (som mange trudde skulle vera tyngre) og den fine samlingsplassen.

Tusen takk til alle som var med og organiserte det årvisse kretsløpet, og tusen takk til Oddvar Hølland og Jarle Årvik for godt samarbeid og lån av beite og utmark.

Link til resultatlista med justerte tider etter handicaptabellen for Vikesprinten.

Total, ujustert resultatliste.

 

Førehandsomtalen:
Vikesprinten søndag 30. april
Orienteringsløp i Årvik

av Jon Magne Svendsbøe 26.4.2017

På førstkommande søndag frå kl. 12:00 og utover arrangerer VIL o-gruppa igjen det årvisse kretsorienteringsløpet Vikesprinten som i fjor blei arrangert frå idrettsplassen. 

Løpet går i år frå Årvik og beitet til Hølland og i skogane til Hølland og Jarle Årvik. Einar Martinsen er løypeleggjar, og Jon Magne Svendsbøe er løpsleiar der det pr. no er påmeldt 82 løparar frå Fana i nord til Egersund i sør, Odda i aust og Haugesund i vest.

Løypene er frå 2,1km for nybyrjarane til 4,1km for herrane. Løpet er spesielt og spanande med at klassane startar på fellesstartar frå kl. 13 slik at første herre- og dameløpar i mål blir vinnar av årets Vikesprint. Fellesstartane er organisert etter ein handicaptabell etter alder og nivå. 

Dei eldste startar først (70-75 åringane) og senioreliten startar til slutt, ein halv time etter og må jaga alle andre tidlegare startande. Løparane kan ikkje berre hengja på kvarandre då postane skal takast i ulik rekkefølgje men slik at alle til slutt har vore innom alle postane og sprunge dei same strekka.

Premie til vinnarane, forutan vandrefata, er spekt hjortapølsa frå Gamlatunet!
 
Dei fleste vikebuane har arrangøroppgåver, men 9 får likevel springa løpet. Det er lov å komma og sjå på eller å prøva seg på ei nybyrjarløype som følgjer leielinjer i terrenget, og det er kiosk med gode kaker og varme vaflar og kaffi.

Velkommen!   Mvh Jon Magne

 

Har du lyst til å prøva turorientering?
Bli med på trening tysdag 2. mai !

Kjersti Hausberg Bjerga inviterer, innsendt 1.5.2017

- Har du lyst til å prøva eller læra om turorientering? spør Kjersti Hausberg Bjerga og fortel 1. mai at:
- I morgon (tysdag) er det trening på Krekavegen kl. 18:00 - ca.
kl. 19:30. Me brukar turorienteringa som er lagt ut, så har du kjøpt, så tek du med. Har du ikkje, så får du eit lite utsnitt slik at du får trent og sett korleis turorientering er.

- Likar du det, er det jo berre til å kjøpa resten på butikken :) Her kan alle møta, men dei som ikkje tør/vil å gå/springa åleine, må ha med seg nokon. Me vil forklara, men har ikkje kapasitet til å vera med alle rundt. Kan du orientering, får du ei flott treningsøkt med kart.

 
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet

2016
Desember
Forskjellig frå desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til sals
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org