Vikebygd i nedoverbakke 24.6.2017
av Askev W. Julsrud
Askev W Julsrud arrangerte olabil-løpet: Vikebygd i nedoverbakke,
24.6.2017.
Her fortel Askev om løpet:
-
Me begynte med og laga medaljane i god tid før løpet. Me pusset, svidde
og boret hål i dei. Så henta me nøklane til klubbhuset til så me kunne
henta lydanlegget, stor takk til dei i idrettslaget for lånet. Så satt
eg og Reiar og pappa opp teltet som me skulle ha lydanlegget og kiosken
i. litt seinare kom Cathrine med bollane som me skulle selje. tusen
takk. I år var det 9 påmelde men det kom 12 stykkar som skulle køyre.
- Veret i år var heilt ok. I år køyrde nokon ganske fort.
Frode racet avgårde med Vilde sin olabil i ein gedigen fart. Knut hadde
ein trike-sykkel som sladdet nedover løypa mens Frode skubde han ned
halve bakken. Ellers var det ein god del små tekniske problemer med
sambandet mellom start og mål. Det var mange kule og kreative biler i
år. Rolf hadde kantklipper på olabilen sin. Team Sindre og Dag hadde ekta bilratt på olabilen deiras som dei hadde bygd i Fredrikstad. Vilde og Åsmund hadde dei same bilene som i fjor. I år var det 3 biler meir enn i fjor. Alle bollane, safta og kaffen var solgt. Eg er veldig nøgd med løpet.
-
Ryddinga gjekk ganske kjapt som i fjor. Me fekk rydda alt før me gjekk
til og sova. Takk til Fredrik Sundve, Asgeir Koltveit, Cathrine
Tindeland og alle andre deltakarane i løpet.
Sjå
alle bilder og vinnarbilane her