Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Det skjer i Vikebygd  

Facebook    -   Twitter

SØK blir del av Haugaland Kraft   

Sida er sist endra 13. mars 2017


Fullsett kulturhus
SØK går inn i Haugaland Kraft

av Steinar Skartland 13.3.2017

Om det var lite som møtte opp på informasjonsmøta i forkant, så var det desto fleire som møtte på årsmøtet i SØK på Ølen kulturhus måndag 13. mars. 259 røysteføre stilte seg i kø og med fullmakter representerte dei 366 andelar. Møtet skulle ta til klokka 18:30, men det tok tid å klara å kontrollera og registrera alle fullmakter.  Nær to timar på overtid kunne møtet ta til, men folket som møte frå Skånevik, Åkrafjorden, Ølen, Bjoa og Vikebygd viste tolmod og nytta tida til å prata. Arrangørane måtte dobla sitjeplassane i salen for å få alle inn.

Rekneskap og årsmelding viste eit selskap med god økonomi og god drift.  All investering er gjort utan låneopptak. Årsaka til at ein likevel vil endra selskapet er nye retningsliner frå staten som vil gjera det vanskelegare å driva. Kristoffer Vannes viste med plansjar at SØK var over høgda av si glanstid og står føre store utfordringar. Difor var dette rette tid å gjera endringar på. Retningslinene som kjem gjer at dei må dele opp verksemda i kraft, nett og breiband. Leiinga kan ikkje vera den same i konkurranseutsett og monopolbasert verksemd. Desse Å driva som før var dermed ikkje eit alternativ på sikt.

Dei vanlege årsmøtesakene gjekk kjapt før Kristoffer Vannes, dagleg leiar i Skånevik Ølen Kraftlag, kunne ta til med å gå gjennom hovudsaka: Om årsmøtet kunne godkjenne Omdanningsplan for å gjera kraftlaget om til eit aksjeselskap. 

Om det ikkje var mange som tok ordet etterpå, så var dei aller fleste samstemde om at dette var det beste for kraftlaget si framtid. Berre ein andelshavar tok hardt til motmæle og ville ha saka utsett for å få utgreidd andre alternativ til samanslåingar. Men i røystinga over dette utsetjingsforslaget fekk det berre hans eiga røyst.  Den endelege voteringa var samrøystes og vedtaket lydde:

"Årsmøtet godkjenner omdanningsplanen datert 10. februar 2017 for omdanning av Skånevik Ølen Kraftlag SA frå samvirkeføretak til aksjeselskap."

Etter reglane må det endå eit årsmøte til før saka er avgjort. Dette blir den 13. juni.
For straum abonnentane kan det bety 4000 kroner mindre i nettleige i året og for verksemder vesentleg større summar. For dei største over 1 million kr i året.
Les Omdanningsplanen her
 

 
 
 
 
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
April
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet

2016
Desember
Forskjellig frå desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til sals
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
Tidlegare år
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org