Fullsett kulturhus
SØK går inn i Haugaland Kraft
av Steinar Skartland 13.3.2017
På årsmøtet i SØK på Ølen kulturhus måndag 13. mars
møtte 259
røysteføre og med fullmakter representerte dei 366 andelar.
Dei fleste var samstemde om at dette var det beste for
kraftlaget si framtid. Berre ein andelshavar tok til motmæle og ville ha saka utsett for å få
utgreidd andre alternativ til samanslåingar. Den endelege voteringa
var samrøystes og vedtaket lydde: "Årsmøtet godkjenner
omdanningsplanen datert 10. februar 2017 for omdanning av Skånevik Ølen
Kraftlag SA frå samvirkeføretak til aksjeselskap." Etter
reglane må det endå eit årsmøte til før saka er avgjort. Dette blir den 13.
juni.
For straum abonnentane kan det bety 4000 kroner mindre i nettleige i året og
for verksemder vesentleg større summar. For dei største over 1 million kr i
året.
Les Omdanningsplanen her. |
Årets turorienteringsopplegg klart
Til sals på Vikebygd Landhandel
Vikebygd
IL o-gruppa 28.3.2017Frå og med tysdag 28.mars er årets
turorienterings-
opplegg klart og til sals på Vikebygd Landhandel.
Årets opplegg er på to kart, «Malasetvatnet» i Sørbygdå og Fossølsliå-Skreå.
I Sørabygdå ligg det 15 postar på aust og nordsida av Malasetvatnet. I
Nordabygdå ligg det ligg det 15 postar mellom Fossel og Dyraskårvatnet.
På ein av postane på begge karta ligg det ein postkasse md bok inni kor du
kan skriva namnet ditt. Då er du med i trekning av gåvepremiar ved
sesongslutt. For å vera med i trekninga må du ha kjøpt og levert inn igjen
kontrollkort med namnet ditt på. Vinnarsjansane stig om du er innom
bokpostane fleire gonger og skriv namnet ditt kvar gong.
Lykke til med postjakta og registreringa på nett (om du vil)!
Helsing Vikebygd IL o-gruppa
Kjersti Bjerga, Einar Martinsen og Jon Magne Svendsbøe
Føssøl
|
Bøker
via telefon, internett eller via appen «Bibliofil»
Vindafjord Bibliotek har ei ordning kalla «bok i butikk». Ved bruk av denne
ordninga kan ein tinga bøker på biblioteket via telefon, internett eller via
appen «Bibliofil», for så å få bøkene levert ein stad i nærleiken.
Hent bøkene i butikken
Biblioteket køyrer ut bøkene
på onsdagar til
- Joker Vikebygd,
- Joker Vikedal,
- Shell Sandeid,
- Knapphus bensinstasjon,
- Nærbutikken på Bjoa og til
- Frøken Fryd.
På desse stadane finn ein og bokskap som ein kan levere
inn bøker i.
Silje Holden Birkeland
bibliotektilsett
(Klikk på plakaten for å forstørre denne)
|
BASAR
Årsmøte med basar
Vikebygd Bedehus
Fredag 10.mars kl. 18:00
Andakt v/Steinar Skartland
Song v/borna frå
Venneklubben (Søndagsskulen)
Årsmøtesaker, mat og utlodding.
Basar-plakaten
Last ned:
Årsmelding for 2016 -
Årsmøteinnkalling 2017
|
Kunngjering:
|
Kunngjering:
|
|
Flinke elevar på Vik Skule
Skulen laga til flott kulturettermiddag
av
Steinar Skartland 23.2.2017Torsdag 23, februar kunne
bygdefolket sleppa å koka middag. Dei strøymde til Bygdahuset. Her hadde skulen,
borna og nokre foreldre laga til kafé med sal av lapskaus til middag.
Elevane i 7. klasse hadde sjølv kakekafé til inntekt for skuletur. Og det var
flotte og gode kaker å kosa seg med. I løpet av etter-middagen var det
mange mobiltelefonar i aktivitet med å sikra seg minner frå kvelden der elevane
hadde gjort ein imponerande jobb med å førebu, øva, laga og nå attpå til å
framføra - Vindafjord.
Inne
i Storsalen kunne dei besøkjande sjå mange flotte ting elevane hadde laga, som
ein del av temaet å setja seg inn i kommunen sin, Vindafjord. Dei gjestene fekk
utdelt eit ark med spørsmål forma som ein tippekupong med alternativ for 1-X-2.
Svara kunne dei finna i dei oppgåvene som elevane hadde gjennomført og resultata
hang på veggen, fulle av lokalkunnskap.
Skulekoret framførte kva dei forskjellige bygdene hadde å by på og
elevane hadde lagt opp til mykje god underhaldning som dei sjølv leia på ein
flott måte. M.a. hadde dei invitert rallykjøraren Åsmund Holten som vart
intervjua om korleis det var å delta i rallykjøring.
Lokalpolitikarane
Rune Hetland og Steinar Skartland vart intervjua om alt frå kva dei likte best
av Pepsi og Cola, Ostepopp eller banan. Men også om korleis det var å vera med i
politikken. Innleigd underholdning vart det også med Frank R Abelset og
Reinhart Thoresen som både song og drog i gong allsong. Men her fekk nokre
foreldre seg ei overrasking. Nokre frivillige av borna fekk koma på scenen
der dei fekk i oppdrag i henta ein av foreldra også. Då alle var samla på scenen
sende han borna ned igjen - og det var dei vaksne som måtte kle seg ut og
gjøgle. Eigentleg var dei kanskje stolte av å få stå på ein scene og
syngje saman med Frank og Reinhart?
Borna jubla når dei overlet scenen til foreldra som skulle kle seg ut og syngja.
|
Ein
flott vårdag med blå himmel
Også for tur til Vikestølen
av Steinar Skartland 26.3.2016Ei helg der våren kunne kjennast i
lufta og mange tok turen ut i naturen på ein solrik søndag. Ikkje alle var
på veg mot høgfjellet og skiføre. Stiane oppover mot Vikestølen og
andre fjelltoppar i Vindafjord vart flittig nytta etter at ei brosjyre hamna
i postkassane med at nå var kommunen sine nutabøker på plass i kassane.
Kommunen skriv på si webside:
Ut på tur i Vindafjord 2017 med 9 turmål
"Ut på tur i Vindafjord 2017" er nå klare med brosjyre. 9 turmål er klare til å
gå fom 24.mars og varer ut oktober. Det kan vere mykje snø på enkelte turmål nå
i starten, så folk må tenke seg om kvar dei skal gå. Dersom bok med kodeord
ikkje er på plass nå i starten, vil det stå på oppslagstavla.
Dette gjeld pr i dag Lysenuten, frå Vikedal.
Turane er varierte og for ein kvar smak. Der er også
informasjon om 6 tilrettelagde turar. Brosjyra inneheld også opplysning om
organiserte turar i 2017.
Det blir trekking av gåvekort for dei som samlar kodeord og leverer inn.
Les meir her
Ein del gjekk turen til Vikestølen og Veldehytta søndagen. Utanfor
Vikestølshytta kunne ein kosa seg i ein solrik sørvegg.
|
Vikebygd og Skjold
-andre året i fellesskap
av Steinar Skartland
Det første året Vikebygd og Skjold hadde felles sokneråd, var leiaren Kari
Synnøve Velde Haugen frå Skjold. Leiaren vert vald for eitt år om gangen, og for
2017 er det Brit Nelly Ness Tveit frå Vikebygd som har teke over leiarrolla.
På årsmøtet, som vart halde i Vikebygd kyrkje 5. mars la dei fram felles
årsmelding for dei to sokna. Den kan du lesa
HER, og finna ut meir om denne gode aktiviteten som har vore i sokna.
Soknerådet for Skjold og Vikebygd oppsummerer vegen vidare slik:
"Soknerådet opplever at samanslåinga mellom dei to sokneråda har vore
vellukka. Det er likevel ei utfordringa at det er to ulike kyrkjelydar me
representerar og skal utvikle.
Soknerådet vil i det kommande året ha fokus på trusopplæring. Me har eit håp om
å skape engasjement og inspirasjon rundt dette. Det er utarbeida ein fyldig og
god plan for arbeidet med aldersgruppa 0-18 år som me no treng å få litt "under
huden" og føla eigarskap til. Mange av opplegga som er skisserte i planen bygger
på frivillighet og at folk i kyrkjelyden stiller opp der dei kan. Likninga om
treet og greinene blir veldig aktuell her! Me treng både bollebakarar,
musikantar og vaktmeistrar,- og målet er at borna og ungdommane skal få erfare
og lære om tru, håp og kjærleik. Det blir herved gitt ei sterk oppfordring til
kvar og ein... Dette med trusopplæring MÅ vera eit fellesprosjekt for alle
medlemmer i kyrkja, berre slik kan me ha von om å nå dei oppvaksande
generasjonane!
|
Vikebygd
amatørteater
søkjer: Tekstforfattere Rolf Julsrud 20.3.2017
Er du god til å skrive, flink til å formidle et budskap, trives du med å
diktere andre eller rett og slett; brenner du for de gode historiene?
– Da vil Vikebygd amatørteater gjerne komme i kontakt med deg!
Vikebygd amatørteater søker: Tekstforfattere
Dette er ikke veldig skummelt og alle kan bidra. Først og fremst må du
trives med å skrive! Om du i tillegg er flink til å sette ord på ting og
gjerne kan fremme et budskap med glimt i øyet har du allerede mange av de
kvaliteter vi ser etter.
Ingen forkunnskaper kreves, men sene kveldstimer må påberegnes. Vi kan ikke
love kake hver gang, men kaffe eller saft skal vi ordne!
Ta kontakt – vi venter på din henvendelse!
mvh Rolf Julsrud
Vikebygd Amatørteater
rojuls@gmail.com tlf. 949 86 959
Styret
har følgende sammensetning:
- Rolf Julsrud
- Cathrine Hamre Tindeland
- Hilde Stene Bauge
- Alice Frøvik
- Tor Arild Mortveit (ikke tilstede da bildet ble tatt)
Nå skal vi jobbe videre framover med litt formelle ting og prøve å få alle
de praktiske tingene på plass, men det skal også jobbes parallelt med
skriving og praktiske detaljer.
Les meir her
|
Les også andre
nyheiter frå Vikebygd |
Sjå gamle bilete her |
Likar du Vikebygd.org?
Følg med på
Twitter
Totalt
117.003 besøk på
vikebygd.org i 2016. |
Gå til hovudsida
for Vikebygd
|