Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Bjoa og Vikebygd  

Facebook    -   Twitter

ARQUEBUS-filmen: Fagert er landet  

Sida er sist endra 12. febr. 2017

 
Suksess for Arquebus-filmen
Fagert Er Landet

av Steinar Skartland 12.2.2016

Play Filmgruppe med Helge Bjøndal i spissen, har laga ein spelefilm om Arquebus, som var ein lokal radioagent under krigen. Han var frå Haugesund og heldt til på Eikås gard på Bjoa. Der hadde han daglege radiosendingar med London. Det er teke utgangspunkt i dei viktigaste hendingane frå arbeid hans her.

Fullt hus på premieren
Begge to premiere-framføringane søndag 12. februar av denne nye Arquebus-filmen, gjekk for full sal på Bjoa skule. Fleire av aktørtane i filmen vart tekne fram og gitt både ros og blomar før framsyningane tok til. Filmen skulle opphavleg vera ein kortfilm på 20 minuttar om den lokale Arquebus sendaren og Bjoagjengen. Men før den var blitt klar til å visast var lengda blitt heile to timar.

Det måtte ekstra stolar til då omlag 260-300 trengde seg saman i gymsalen på kvar av framsyningane. Fleire av dei hadde nok også hatt ei rolle i filmen, der dei fleste skodespelarane var lokale amatørar som fekk si første rolle i ein film.
- Det deltok 65 personar med replikkar og 35 utan replikkar, vart vi fortald før visninga.
- Og i tillegg var det omlag 100 bak kameraet.

Filmen var godt laga, både med tanke på filminga og redigeringa, der siste hand vart lagd på verket dagen før framsyninga.

- Dette er ikkje ein dokumentarfilm, men ei filmatisering av den lokale motstandsrørsla, understreka Arnfinn Vølstad som hadde ei av hovudrollane i filmen, som bonden Martin Eikås, han som husa Sverre K Andersen (Arquebus) og sendaren.

Å laga ein så omfattande film som kan fortelja vidare til borna i skulen og nye generasjonar Bjoabuar om heltane frå vår lokale krigshistorie, er eit flott verk. Leif Tindeland var ein av dei som bidrog mykje til både lokalt stoff, utstyr og deltakarar i filmen, noko han vart rosa for før framsyninga.

Arquebus kallar London   
Etter militær trening i England i 1940 vart Sverre K. Andersen og Bernard Haavardsholm plukka ut til oppdrag i Noreg. Under kodenamnet "Arquebus" skulle Andersen som telegrafist senda meldingar tilbake til England, og Haavardsholm skulle halda fram med organiseringa av motstandsarbeidet.

Dei kom med båt til Bremnes 14. okotober 1941 og rodde over Bømlafjorden til Austvik på Bjoa. Derfrå gjekk heim til Martin Eikås på Bjoa og la dei seg til i løa. Martin Eikås, som var 53 år, hadde kone og fem born, foreldra sine og ein gardsgut på garden. Det blei bestemt at Andersen skulle bu på Eikås som dreng og vedhoggar medan Haavardsholm heldt fram arbeidet med å kontakta folk til motstandsarbeid i distriktet. 

"Telegrafisten" skulle ha minst mulig kontakt med folk, og helst skulle han vera litt rar. I den første tida beskjeftiga han seg med vedhogst, for på den måten å vera minst mulig i kontakt med folk. Det blei nok ein god del spørsmål om den nye drengen, men dei fant på dekkhistorier som lett kunne godtas.  (Web-Kjelder m.a.: F.Ø.Aasland og wikipedia))

Sjølv om tyskarane i lang tid prøvde å peila inn sendaren, og at dei på det meste nytta 1000 soldatar i ettersøkinga, klarte ikkje det tyske militæret å ta Arquebus, som vart den lengst fungerande sendaren som motstandsrørsla hadde som kontakt ledd mellom Noreg og England gjennom Krigen. Andersen blei i statsråd 7. mars 1947 tildelt Krigskorset med sverd «for fremragende innsats under utførelse av militære oppdrag.» 5. august 1944 vart han tildelt St. Olavsmedaljen med ekegren. Han blei også tildelt Deltakarmedaljen, Haakon VIIs 70-årsmedalje og dei britiske dekorasjonane King's Medal for Courage in the Cause of Freedom, Defence Medal og 1939–1945 Star.

Filmen viser fleire dramatiske hendingar, og fleire kunne etter framsyninga dra fram også andre hendingar som skjedde i krigsdagane på Bjoa.  Men det var ikkje plass i filmen til alt som skjedde.  Likevel greier filmprodusenten å få fram nyttig kunnskap om det som skjedde her slik at dette kan gjerast kjent også for nye generasjonar.
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd
 


Muligeins eit av Noregs største frivillighetsprosjekt for film!
Prosjekt Arquebus 2015-2016

Fagert er landet. (Krigsdrama/Spennig)

Play Filmgruppe med Helge Bjøndal i spissen, har laga ein spelefilm om Arquebus som var ein lokal radioagent under krigen. Han var frå Haugesund og heldt til på Eikås gard på Bjoa. Der hadde han daglege radiosendingar med London.

Han stod i spissen lokalt for å organisera motstandsarbeid og etterretning. Arquebus var den agenten som heldt lengst radiokontakt med London under heile okkupasjonstida. Han er tildelt St.Olavsmedaljen med ekegren, Krigskorset og Kings Medal for Courage of freedom.

Det er teke utgangspunkt i dei viktigaste hendingane frå arbeid hans her. Samtidig har dei ein god del frå tyskarane si side som gjorde alt dei kunne for å peila seg inn på radiosignalet hans.  Sjå teaser frå filmen her

 


Kunngjeringa:
Visning av den nye
Arquebus-filmen:  Fagert Er Landet

På Bjoa skule 12. februar, kl. 14:00 og 17:00

Visninga vil vera avgrensa til dei som bur i Bjoa omegn og Vikebygd.  Det vil koma fleire visningar i mars som vert tilgjengelege for alle.

  Inngangspris:

  • Vaksne kr 100,-

  • Barn opp til 15 år kr 50,-

  • Gratis for born som har delteke i filmen

Initiativtakarane seier:
OBS! Filmen har nokre tøffe scenar!
Det vi gjerne ønskjer før visning er ei førehandspåmelding.  Dette gjer det mulig for oss å sjå kor mange besøkjande vi kan få. Det er avgjerande for om vi skal ha 1 eller 2 visningar den 12. februar.  For å melda si interesse vil vi gjerne at de anten sender e-post til: playfilmgroup@gmail.com eller ringjer oss for påmelding. Tlf.:

   Leiv: 53 76 97 51 / 900 60 691
   Kari: 916 45 723
   Stian:  474 68 039
   Helge 456 63 845

Ring gjerne og meld på fleire samla, eller send e-post. Vi skal prøve å svara så mange som mulig.  Vi vonar mange vil komma.  Dette har vi jobba med i over 2 år og vi er stolte av å visa dykk kva vi har fått til.  
Helsing PLAY Filmgruppe

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Saksliste-Innkalling

Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Februar
Arquebus-filmen
Januar
Årsmøte i Grendautvalet

20166
Desember
Forskjellig frå desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til sals
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
Tidlegare år
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org