Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Det skjedde i Kenya  

Facebook    -   Twitter

Rolf Alne i Kenya   

Sida er sist endra 23. april 2017

Rolf og Nancy, vigde i Kenya 12. april 2017Ekteskap inngått mellom
Nancy og Rolf

av Steinar Skartland 23.4.2017

Artikkelen på vikebygd.org med link til Facebook ga overveldande respons.

- Ja, både eg og Nancy er sjokka over alle som har lest den og alle gratulasjonane som strøymer på, seier Rolf som for tida er i Kenya og seier han er overraska over at så mange har lest artikkelen på vikebygd.org.

-Telefonen går seg varm. Tusen takk, seier Rolf.

Han fortel at kona er frå ein liten by som heiter Ukunda og ligg like ved Diani Beach, rett utanfor Mombasa.

(Fleire bilder er lagt ut her søndag.
Klikk på dei for å gjera bildene større)
Det første døgeret har 13.500 lese om dette på www.facebook.com/Vikebygd1
160 klikka likes på artikkelen der. 1100 klikka seg vidare og las denne artikkelen på vikebygd.org   67 skreiv personlege helsingar til Rolf og Nancy på Facebook
Desse er sendt vidare til Rolf sin mobiltelefon.

Vikebygd.org gratulerer Nancy og Rolf Alne,
fann kjærleiken i Kenya

av Steinar Skartland 22.4.2017

Den tidlegare kjøpmannen i Vikebygd, Rolf Alne, er van med å reisa i det store utlandet. Både som sjømann gjennom mange år og på ferieturar.  For tida oppheld han seg i Kenya, og vi frettar ut om han har noko spennande å fortelja derfrå.

- Eg gifta meg i Mombasa City Hall, onsdag 12. april, fortel Rolf Alne over
tekst telefon frå Kenya.

- Bryllupsfesten blei halden på 'Morning Star Diani' med den næraste familien. Kona mi, Nancy, ser fram til å møta mine venner og familie.


- Elles går dagane med til sol og bading rundt bassenget, fortel Rolf. Sola skin frå klokka 06:00 - 18:00 kvar dag, sjølv om regntida har sett inn. Dei treng verkeleg regn. Kona mi, Nancy, ser fram til å få sjå den vakre bygda vår. Ho
er frå ein liten by som heiter Ukunda og ligg like ved Diani Beach, rett utanfor Mombasa.

- Det er mange inntrykk som set seg fast. Overfylte bilar, ferjer og bussar med folk på taket.  Det som er sjølvsagt for oss er det slettes ikkje her. Fattigdom er utbreidd.  Nokre har alt og andre har ingen ting, fortel Rolf frå Kenya.
 
 
Festbordet
 
Fin sjømat over alt
 
Brudeparet
 
Hadde ikkje vore mulig i Norge Tur på Mombasa river -Eigen taxi som står klar når
eg skal ut om kvelden.
Nancy sin bror køyrer den, seier Rolf.

Dagar ved bassenget med lufttemperatur på 35 grader C
Dagane med til sol og bading rundt bassenget med lufttemperatur på 35 grader C
 
Med ferje over Mombasa river i Kenya.
Med ferje over Mombasa River i Kenya. Fullt av folk i tillegg til bilar.
 
Med bagasjen på hodet over Mombasa River
Med ferje over Mombasa River i Kenya. Fullt av folk og bagasjen på hodet.
 
Fest-dans på afrikansk vis i bryllupet
Fest-dans på afrikansk vis i bryllupet
 
Fin sjømat over alt
Fin sjømat over alt
 
 

Anna nytt frå Vikebygd:

Butikken held stengt 24.4. - 26.4
Vikebygd Landhandel
pussar opp

Info frå Gunn Vikingstad 16.4.2017

Butikken skal pussast opp - og blir stengd nokre dagar. 

Me stengjer laurdag 22.04.17, kl. 13:00,
-og opnar "den nye butikken"
torsdag 27.04.17, kl. 12:00.

Me skal m.a. leggja nytt golvbelegg og må av den grunn pakka ned og flytte ut alt av tørrvarer. Vil du bidra til å redusera denne jobben legg du handleturen til Joker før me stengjer. Me gleder oss til jobben er gjort og me kan opna dørene igjen og visa fram ein "ny" butikk!

Helsing "Joker-damene"
 
 

 
 


 
 
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
April
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet

2016
Desember
Forskjellig frå desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til sals
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
Tidlegare år
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org