Denise Gordon, Jazzin Babies og Shannon Barnett
Sildajazzkonsert i Skjold kyrkje
av Steinar Skartland 11.8.2017Ei sprudlande Denise Gordon og det norske
Jazzorkesteret, Jazzin Babies, fekk dela glade gospeltonar med ei nesten full
Skjold kyrkje fredag kveld, 11. august. Soknerådet hadde også i år klart å få ein av sildajazz konsertane lagt hit.
Den engelske jazz/blues sangerinna og songwriter
Denise Gordon har turnert på den internasjonale jazzscena i over 10 år. Den
musikalske inspirasjonen henter ho frå sine karibiske røter og amerikansk
gospel, og står såleis støtt i den afro-amerikanske musikktradisjonen.
Jazzbandet var også forsterka med australske Shannon Barnett på trombone.
Ho imponerte med sin spelestil. Shannon Barnett er ein allsidig
australsk trombonist, vokalist og komponist, utdanna ved 'Victorian College
of the Arts'.
Les meir her
Jazzin Babies, kjent for New Orleans jazz, består av Torgeir Koppang
(piano), Per Johan Frydenlund (trommer), Jermund Kristiansen (bass),
Torbjørn Kristiansen (banjo), Shannon
Barnett
(trombone), Erik Eilertsen (Trompet), Lars Frank (Klarinett og saxofon), og
med vokalisten Denise Gordon.
158 publikummar skaffa seg
billett til 200 kroner, men fekk god valuta og musikalsk oppleving for
pengane. Soknerådet får ikkje noko av desse pengane, men hadde sal av
kaffi og kaker etterpå, og dette gjekk til soknerådet.
Torgeir Koppang imponerte med trakteringa av flygelet under konserten.
Han er ein av Noregs aller fremste unge jazzpianistar. Han har klassisk
bakgrunn og underviser ved Norges Musikkhøgskole, deltar på jazzfestivalar i
inn- og utland, bl a som sentralt medlem i ensemblet Jazzin’ babies.
Torgeir Koppang er fast pianist for Kongelige Norske
Marines Musikk-korps og Stabsmusikken og får innimellom tid til å spele for
Rikskonsertane, og suksess – oppsettingar som Sound of Music, Mamma Mia og
“Kåre, Linn men Christian” på Chat Noir.
(kjelde)